søndag 1. februar 2009

300 liter varmt vatn rett i vasken..

..det var dagens bragd. Trøtt og forvirra som eg er, set eg i gang med den eine arbeidsoppgåva etter den andre. Prinsippet er slik: eg har ein 4-5 ting som skal gjerast etter middag. Eg begynner på fyrste oppgave, la oss sei det er å vaske og gjere reint på kjøkkenet...eg finn fort ut at kjøkkenfilla må skiftast ut, travar vidare til vaskerommet for å gjere nettopp det.



Men kjære vakre vene...vaskerommet er arbeidsrommet over alle rom...då ser eg kle som må i vaskemaskina....i det eg lempar innpå med kle i vaskemaskina ser eg at katten har sølt maten sin utover golvet....eg hentar ein mopp og bøyer meg ned....sjølvsagt er kattekassa full.....eg setter moppen til sides og tømmer kattesanden ut. Set kattesandkassen i utslagsvasken og kjører på med såpe og vatn.



So ser jeg alle håndkleda eg skulle ha båre inn på badet....jaudå kjem ut i gongen og ser ungane har slengt kledna utover golvet. Legg frå meg håndkleda på sonen si airhockeybane og heng opp reimadressane.

Då treng eg kaffi. Set på kaffivatn og finn meg eit blad. Nokon treng hjelp med å finna eitt eller anna...so eg finn det..eller prøver i allefall. Tilbake på kjøkkenet har kaffivantnet kokt bort.

Kjenner at stresset vaknar, lagar meg ny kaffi og set meg ned....les IForm, og føler meg på feil lag....les om all frukta og grønnsakene ein bør eta og alt om det farlege fettet....og eg som berre et fett for tida....legg på meg 5 kg mens eg les om fitness, dittnes og datt.



Kjenner etter ei stund at lufta har vorten fuktig.....på vaskerommet har 300 liter varmt vatn gje rett i vasken, kjøkkenet er like rotete, ingen kle er vorten vaska, kattematen ligg fremdeles på golvet...ein mopp står henslengt i ein krok og eg finner ei bunke håndkle i gangen.....og eg er heilt utsleten..

Dette var 24 januar 2008. Katten er borte, det same er sonen si airhockeybane, men ellers er kvar dag som 24. januar 2008.

Eg må og få takke for svært fine kommentarar på mitt forrige fotoinnlegg. Med Guds natur med på laget, er dei heilt ufortente, men svært kjærkomne.

6 kommentarer:

  1. Er me klona?
    Akk- så mange ganger eg er der, men i kanskje ei anna rekkefylgje...og utan katt og ishokkykølle!
    Jo,då! Dette kan ein kjenne seg heime i! Dessutan kom eg slik på deg her om dagen då ungane leika med perler at eg trur eg må laga eit innlegg på det!
    god veke!
    Nokon lærte meg ein gong: "Det du gjør, gjør fullt og helt, ikke stykkevis og delt"
    Sikkert ein mann som har sagt det!
    God veke!

    SvarSlett
  2. Veka di må jo berre bli reteleg god- for no har eg ynskja deg det TO ganger!:)

    SvarSlett
  3. ...flere kloner....me kan starta et lag....nei no skal me ha teamsamling snart ..så me kan backe kvarandre opp......te å sjå all galskapen med humor..og le i lag... ;)

    SvarSlett
  4. måtte le litt inni meg da jeg leste innlegget ditt. Veldig bra skrevet :)

    Håper du får en kjempefin uke!!!

    Klem

    SvarSlett
  5. Haha, kjenner meg igjen der, ja!
    Jommen bra vi har ett blad det går ann å slappe av med !

    SvarSlett
  6. Gu så herlig innlegg. Det var som å lese om meg selv. Og jeg trodde jeg hadde konsentrasjonsvansker og en anelse ADHD. Da er det godt å oppdage at andre også holler på, på samme måten.

    Takk for linken. og lykke til i konkuransen.
    Ha en skjønn kveld. Også må jeg bare si at jeg ble helt fortapt i de isbildene dine. Utrolig vakkert.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.