Viser innlegg med etiketten Uteplassar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Uteplassar. Vis alle innlegg

søndag 15. oktober 2017

Då var hausten her


..men me flyttar ikkje inn
heilt enno..

onsdag 15. juni 2016

Livet i dalen


for ein sommar me har hatt så langt
sol kvar einaste dag
varme og lyse netter


det er nesten magisk
og sjølv om ein reiser bort ein tur
er heime best


i allefall for meg
:)

mandag 10. august 2015

Sommar og sommar fru Blom

 

Etter å ha vore på reis ei veke
kom me heim til ein hage i full flor
i regn


innimellom byger skin sola gjennom
og då gjeld det å vere klar
med kaffikopp
og feriestemning
for dei øyeblikka er nok det vi får 
av sommar i år
Alt regnet har gjort hagen frodig
og hausten av frukter og bær
er stor
Aldri så gale
at det ikkje er godt for
noko..

mandag 18. mai 2015

Skynd deg sakte


Eg vil med dette innlegget kort takka alle trufaste lesarar som klikkar seg inn dag etter dag
og leitar etter nytt frå Hakkadalen


eg ville vel kanskje kategoriserer livet mitt for tida som
litt på hæla
ein kamp om å kome i mål
i tide
og utide..


hagen let vente på seg i år
sola skin, men kuldegrader om morgonane talar sitt eige språk
eg er framleis plenlaus
ikkje mykje som spirer i 5 varmegrader
og hagl


fuglane har forsynt seg friskt av grasføa også
så den vert kanskje vel luftig når den eingong kjem :D


eg prøvde å beise terassen
styrte på og fekk neglesprett i sola
det er så kaldt at den aldri tørkar skikkeleg
og no er den full i fotspor etter folk og katt
og beis fins no både ute og inne :D


men sommaren kjem
om me vil eller ikkje
så det gjeld å vere klar
så ein kan sitje lenge og nyte i sola!



onsdag 4. mars 2015

Litt gamalt nytt


frå ein dag sola skein


onsdag 25. februar 2015

Vinterferie


Skal ikkje så mykje tè
fø å kjenna da e ferie

torsdag 19. februar 2015

Sol sol sol


Som de sikkert har forstått etterkvart
så fer sola frå oss eit bel før jul
og me får ho ikkje tilbake før i slutten av januar


ofte ikkje før i februar heller, om vergudane er vrange det året
men de må tru lukka er stor
når sola endeleg smyg seg over fjellkammen
og slepp sine kjølege men dog så lysande
strålar ned til oss
som berre sit og ventar
og lengtar


detta e nok ikkje eit fenomen som gjeld for heile landet
men mange stader her vest
har mindre sol enn dei har i nord på vinteren
og me har ho ikkje heile natta om sumaren heller
i tillegg har vergudane funne ut
av ukjend grunn
at me treng meir regn enn gjennomsnittet


så det er  nok dette som gjer oss so veldig opphengt
i fyrste soldagen på nye året
å fjølgje med frå dag til dag
telje timane
ho vitjar oss


sakte men sikkert vert timane lengre
livsviljen veks
og våren
kjem nærare og nærare..

tirsdag 14. oktober 2014

Oktoberkulde


Hagemøblane er pakka vekk
berre det som skal stå ute heile vinteren er att
eg førebur meg på mørke og kulde
men sola får meg til å gløyme alt slikt bale
på eit blunk når ho kastar sine
kjølege hauststrålar
øve huset vårt
enn so lenge

mandag 23. september 2013

Siste sukk


 

når eg ser ut på terassen kan eg ikkje tru
at hausten er her
likevel veit eg
at det er
klematisane og rosa
som dreg sine siste
sukk..
men for nokre sukk..

lørdag 31. august 2013

God laurdagskveld


tirsdag 30. juli 2013

Juli 2013 - ei rask oppsummering