Viser innlegg med etiketten Blomer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blomer. Vis alle innlegg

søndag 31. mars 2019

Hagen på Helland

No var det lenge sidan sist. 
Strengt tatt har eg tenkt at det kanskje er på tide å avvikle heile bloggen. Les folk slike kvardagsbloggar framleis?
Då eg logga inn i dag var lista med varslar frå Google lang som eit ildt år. Meldingane gjekk i korte trekk ut på at alt som eingong har vore, er no borte, og ingenting nytt er komen i staden. Litt som å verte gamal eigentleg...


Men eg har lyst å bruke bloggen min til eit lite (ganske heise stort faktisk) prosjekt eg har på gong, eg har lyst å blogge om hageprosjektet mitt som eg starta for nokre veker sidan ( kanskje heller 30 år ;) Prosjektet har eg kalla Hagen på Helland og skal vise progresjonen på hagen her hjå meg etterkvart som eg lærer nye ting og gjer nye feil.

Framleis ligg snjoen her, men eg har nettopp rydda i drivhuset og sådd mine fyrste frø for året.
Så i dag får de før og etter bilder frå drivhuset. Etterbildet er over her. Lite som spirer enno så eg trøystar meg med tulipaner. 



I vinter var drivhuset lager for fuglemat og anna rask så da trengtes opprydning og ein omgang med grønnsåpe. I år har eg sådd mykje til kjøkkenhagen, men sidan det er eit nytt område for meg så vert det ganske spanande om eg klarer å få hauste noko i det heile.



Kan ikkje lova noko heise flott, men kjekt om du vil fylgja med på hageprosjektet mitt. Ynskjer alle fine lesarar ein herleg sundagskveld.




onsdag 2. mai 2018

Vår

 

Då var endeleg våren komen, sjølv om den luskar hit i slow motion..


desse bilda måtte eg heilt til Haugesund for å ta
her i dalen er plenen enno brun..
men no las eg i avisa
at våren kjem
la oss håpe det ikkje er "fake news" :)


onsdag 31. januar 2018

Tid er penger, eller tid er dei nye pengane



Tida flyg og sjølv om me nesten snjoar ned, kan me drøyma litt om vår...

lørdag 28. oktober 2017

Barbeint


Eg synes at til eldre eg vert, til travlare får eg det
om det er at eg får meir og meir å gjere
eller det er at alt går treigare og treigare å få gjort
skal vere usagt...


uansett har det ikkje vorte mykje blogging
ikkje mykje skriving og rapportering om daglegdagse ting
ikkje mykje tid til fotografering heller
men noko kjekt har no skjedd
eg fekk lov å delta med to pipsebileter i den nye boka til Barbeinthagen
Denne boka tek for seg kransar og bukettar
og er både nydeleg og inspirerande


så ein ettermiddag her i veka som var,
måtte eg berre setje av litt tid
til kransing...


fredag 29. september 2017

Ein fin september



September har vore svært flott her i vest
mykje sol og mykje varme


da har vore gode dagar for folk og dyr


hagen har blømd til siste knopp


liljene likte sommaren betre enn dei fleste


pyntekorga med


ein liten tur til varmare strøk


alltid kjekt å sjå gamle hus og gater



sjølv om det var travelt for turistane og ikkje minst fotografane..
(me vart nok foreviga av mannen i grønt)


fuglane kom og ville ha mat att


katten vart med på sopptur i skogen


 fisken beit på kroken


og eg kara meg te fjells på oppte fleire tura..

søndag 11. juni 2017

Ville berre sei..



at da kjem alltid sol etter regn..
..om nåken var i tvil :)

fredag 28. april 2017

Vårjubel


torsdag 27. april 2017

No kjem våren

 

No har dei lova sol og varme
i allefall litt varme
nokon ropte ut – 17 grade!!
– dei har lova 17 grade!
når tempen har lege på minus og null
med sur nordavind
er det forståeleg at nokon ville
verte glade av berre 17 grade..

onsdag 26. april 2017

eg må no klare det...





Som de ser går det trått med blogginga mi for tida. Det er ikkje direkte planlagt og frivillig. Som mange kjenner til, tida strekk ikkje heilt til, ikkje så mykje som eg vil i allefall.
Så då tenkte eg at eg i allefall må kunne klare å leggje ut eit tidsriktig bilde kvar dag då. Ein bildeblogg av ein elle anna sort. Instagram tenkje du kanskje..men eg er vorten så nærsynt at det formatet ikkje gjev meg den same opplevinga.. Så eg prøver meg her igjen etter gammalt.... eit kvar dag....
det må eg no klare....

dagens bilde er teke i ettermiddag
nede i lia veks kvitveisen
der rulla eg meg rundt
og fekk allslags løgne
resultat..

søndag 5. februar 2017

Så var det januar


januar var litt ein skuffelse
 lite snjo
og lite sol


med unntak av ein sundag
me faktisk kom oss ut på ski


blomar var den rik på dog
blomar lovar vår


sjølv om frosten enno rår






Så fort var 1 av 12 månadar i det nye året levd
og med ny president i USA
må eg sei eg kjenner meg minst
eit år eldre
;O

fredag 7. oktober 2016

Nokre bilder te helje..










tirsdag 27. september 2016

I stormen


 Nett no e da storm her på Vestlandet
då e da godt med gode minne
ette solfylte daga
og gjedna ei bok
og litt
te..

torsdag 25. august 2016

Før regnet..


måtte berre leggje ut nokre solfylte bilder


sidan regnet seig tungt over Vestlandet att i dag


nett so ein kan hugse på
at det også kjem
sol
etter regn..



mandag 11. juli 2016

Å finna lukka..



å finna lukka er ofte ikkje lett når ein leitar som verst etter henne
då har ho ein tendens te å vere godt gjøymd
eller te å gleppa ut or hendene om du skulle no vere så heldig fyrst å finna ho
nei lukka plei koma når du minst venta da..


nett so denne
alle min roser dør
det er for hard for dei her i Tussesandbrekkjo
eg har kjøpt for tusenvis av kroner i roser av ulikt slag
dei fleste dør etter ein sesong eller to
men ikkje denne, denne veks og trivst
sjølvaste  rosa Lykkefunn
hardfør so ekte hakkadalinga må vera..

mandag 25. april 2016

Flowerpower


At eg er litt over gjennomsnittet glad i blomar
kjem nok ikkje som ei bombe


lenge har eg sikla på storblomstra tapet
men kvar skal ein ha slikt
det krev jo sin mann eller kvinna...


så eg har starta forsiktig
med ein liten vegg på det minste soverommet


og ja, eg elska da!