Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg

fredag 29. september 2017

Ein fin september



September har vore svært flott her i vest
mykje sol og mykje varme


da har vore gode dagar for folk og dyr


hagen har blømd til siste knopp


liljene likte sommaren betre enn dei fleste


pyntekorga med


ein liten tur til varmare strøk


alltid kjekt å sjå gamle hus og gater



sjølv om det var travelt for turistane og ikkje minst fotografane..
(me vart nok foreviga av mannen i grønt)


fuglane kom og ville ha mat att


katten vart med på sopptur i skogen


 fisken beit på kroken


og eg kara meg te fjells på oppte fleire tura..

onsdag 3. mai 2017

Stein på stein


Litt vel ambisiøst å tenkje på å blogge kvar dag
men da e viktig å leggje lista så høgt at ein kan gå under med rak rygg..
så tre gonger på ei veke
er ikkje dårleg berre det


akkurat no lagar eg heimesider for eit sandtak i dalen

sand og stein er ein del av identiteten til kommunen eg bur i
sand, jordbruk og kommunedrift... :)


mandag 1. mai 2017

So gjekk da gale ette berre to daga...


so då får eg ta tre denne gongen..


utslegen med migrene
orka eg ikkje dataliv
har for da mesta legje ute i hajen
heile dajen


så kvar dag vart ikkje kvar dag..
men eg skal ta meg saman
god ny veke til dykk alle!!

fredag 28. april 2017

Vårjubel


fredag 7. oktober 2016

Nokre bilder te helje..










onsdag 14. september 2016

Litt september


Lenge sidan siste innlegg
ikkje med vilje
kanskje heller meir mangel på slikt


etter ein særdeles våt sommar
mista eg liksom litt av motet
te da mesta


mykje tid på terassen
under tak
i regn
nesten so det vaks mose på meg
bokstavleg talt


men so kom sopptember
og eg kom meg ut
i frisk luft
og glimtvis sol


og plutseleg kom motet tilbake
viljen og


kven vert ikkje glad av skog, sol og sopp?
..


så sjølv om det er tungt at sommaren er over
utan at den strengt tatt har vore her
så er hausten ei herleg tid


og sjølv i september
kan strandlivet levast
i allefall
med lange armar på..





fredag 1. juli 2016

Juni



Juni kom og gjekk
uten at me fekk med oss
at det var sjølve fellesferien
:)


 Spøk til side
ikkje ferie heilt enno
regnet er no over oss
bileta i dette innlegget vart tekne i løpet
 av ein opplett time
 med små, men fine,  solgløtt


uansett er Hakkadalen den finaste staden i verda
om sommaren
så heimeliv
e heilt greitt da og


onsdag 15. juni 2016

Livet i dalen


for ein sommar me har hatt så langt
sol kvar einaste dag
varme og lyse netter


det er nesten magisk
og sjølv om ein reiser bort ein tur
er heime best


i allefall for meg
:)

mandag 6. juni 2016

Litt natur på ein mandag..



 Sundag morgon stod eg opp klokka 06.00


på jakt etter fine demringsbilder


etter ein heller mislukka redningsaksjon av to små lam
(eigaren måtte trå til)
var sola komen vel høgt


men noko fekk eg då med meg..


lørdag 28. mai 2016

So ein knapt kan anda..


Å sykle opp dalen
i morgonsol
kan ta pusten tå kvar og ein
da e so vakkert
og da e minst 
10 km oppoverbakke...

fredag 20. mai 2016

Kort mairapsodi








Det har vore ein travel mai
men enno er det nokre dagar att
finaste tida på våren
på tide å leggje beina høgt
og berre nyta..