Viser innlegg med etiketten Hagen på Helland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hagen på Helland. Vis alle innlegg

tirsdag 1. april 2025

ein dag som tusen år, og tusen år som ein dag


Sist innlegg var over eit år tilbake. Likavel kjennes det som om det var i går. Dagane spring føle eg. No går det mot ny vår og ny påske. Me skriv 2025. 

Eg har flytta frå blogg til Insta og kjenner at eg har mista språket og kanskje også litt tå kreativiteten. På Insta er det biletet som tel. Og reels. Dei må vere korte. Elles gidd ingen sjå dei. Dei må treffe algoritma. Dei må postas på rett klokkeslett, ikkje før og ikkje ette. Da e so heise å passe på skal du ikkje verte sett i "no growt zone", i sona der ingenting veks. 

Og når du eg hagebloggar som eg, då vil du jo helst sta i sola og vekse det beste du kan... Difor kom eg tilbake hit, for å kunne skrive av meg, da hjarta e fullt tå, so munnen renn over med... og no e da vår og hage og blomer og planar..

Kva driv du med for tida då?

mandag 8. januar 2024

No står ikke verda te påske...

og da verste e vel kanskje at da kan fort verta ein realitet. Men da e ei anna historie. I fyrste omgang tenkte eg på min retur til bloggen etter 4 år i stilla...


Allereie i 20 var blogging eit døande foretak, Instagram hadde kome og teke over alt. Det er der det skjer, i allefall for dei eldste av oss. Dei som ikke heilt har funne forma i TikTok og Snap ol. 

Men eg saknar bloggen litt. Der ein kan uttrykke seg litt lengre. I fulle setningar utan hashtags eller skigarder som det heiter på nynorsk. 

Og så vann Fosse ein fin pris. Nobels sin pris. Og han skriv på finaste nynorsk. Eg kjende på lysta til å skrive litt sjølv. No når alle er i Meta-universet så vert det nok også for meg sjølv. Og da e heilt fint. Å rope i skogen...

Eg har halde fram med å haga, no-digg og alt det der med varierande hell...


Hagen er nok ein grunn til at eg tenkjer på bloggen igjen. Kjekt å dele sigrar og nederlag, eksperiment og resultat. Hagevenna er det alltid kjekt å treffe på her på internettet.


Så er du her og les, lat gjerne høyre fra deg. I mellomtida ropar eg berre litt i skogen....

søndag 16. februar 2020

Ein litt usikker amatør


Allereie halvvegs i februar. Eg har kome til den erkjenning etter nokre hundre timar på You Tube saman med det eg lest tru er likesinna, at plantekassane vi lagde i fjor, var eit heise feilskjær. So lite fø pengane. So mykje plass kasta bort. I år er det dekkedyrkning, eller "no-dig" som er greia. Bedd utan kantbord, rett på bakken. Laga av gamalt organisk avfall som grasklipp og kompost. Og no har eg ikkje meir plass att i hagen.
Kun ei stupbratt brekka full i kampesteina.

Eg har googla og eg har søkt høgt og lågt. Ingen har dekkdyrka i ei brekka før.
Eg vert nok den fyrste...


Artisjokkane er sådd og planen er klar, skal tru om det i det heile er mogeleg å få til.....
Den som lever får sjå :)


onsdag 1. januar 2020

..eit lite tilbakeblikk

Eit lite tilbakeblikk eignar seg på ein dag som denne. Når det gjeld hagen på Helland var det spesielt eit prosjekt som både tok tid og gav rikt tilbake. Det var kjøkkenhagen.

Vi tok den beste plenen som ingen brukte og lagde oss ein kjøkkenhage:


Som de ser var det ikkje gjort i ei handvending. Men litt etter litt kom me i mål.

søndag 31. mars 2019

Hagen på Helland

No var det lenge sidan sist. 
Strengt tatt har eg tenkt at det kanskje er på tide å avvikle heile bloggen. Les folk slike kvardagsbloggar framleis?
Då eg logga inn i dag var lista med varslar frå Google lang som eit ildt år. Meldingane gjekk i korte trekk ut på at alt som eingong har vore, er no borte, og ingenting nytt er komen i staden. Litt som å verte gamal eigentleg...


Men eg har lyst å bruke bloggen min til eit lite (ganske heise stort faktisk) prosjekt eg har på gong, eg har lyst å blogge om hageprosjektet mitt som eg starta for nokre veker sidan ( kanskje heller 30 år ;) Prosjektet har eg kalla Hagen på Helland og skal vise progresjonen på hagen her hjå meg etterkvart som eg lærer nye ting og gjer nye feil.

Framleis ligg snjoen her, men eg har nettopp rydda i drivhuset og sådd mine fyrste frø for året.
Så i dag får de før og etter bilder frå drivhuset. Etterbildet er over her. Lite som spirer enno så eg trøystar meg med tulipaner. 



I vinter var drivhuset lager for fuglemat og anna rask så da trengtes opprydning og ein omgang med grønnsåpe. I år har eg sådd mykje til kjøkkenhagen, men sidan det er eit nytt område for meg så vert det ganske spanande om eg klarer å få hauste noko i det heile.



Kan ikkje lova noko heise flott, men kjekt om du vil fylgja med på hageprosjektet mitt. Ynskjer alle fine lesarar ein herleg sundagskveld.