I går traff eg på far min og klaga litt over snjoen som låg tungt i bedda mine. Heime på garden har snjoklokker og anna vårsprelsk fauna ste og strutta allereie ei lita stund. Hjå meg hadde ei klosterklokka forvilla seg opp i frisk luft, men ellers var det heller stakkarsleg.

Seinare på dagen då eg sat og jobba med eit oppdrag høyrde eg at det ringde på døra, men mannen i huset tok seg av saka så eg tenkte ikkje noko meir på det.

Då eg endeleg kom meg laus frå datamaskina og pitla meg ned i gongen, stod det to bytter der. Ei med snjoklokker og ei med klosterklokker. Struttande av vårgleda og anna herleg pågangsmot.

Sjølvsagt vart eg glad og tenkte på kor mykje desse gode foreldra har gjort for meg opp gjennom åra og vart veldig takknemleg atter ein gong.

So som seg hør og bør måtte damene stille som modellar på terassen i dag. Og eg trur faktisk du kan sjå dei smilar.....eller var det berre eg?