Viser innlegg med etiketten Kjøkkenhagen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøkkenhagen. Vis alle innlegg

mandag 8. januar 2024

No står ikke verda te påske...

og da verste e vel kanskje at da kan fort verta ein realitet. Men da e ei anna historie. I fyrste omgang tenkte eg på min retur til bloggen etter 4 år i stilla...


Allereie i 20 var blogging eit døande foretak, Instagram hadde kome og teke over alt. Det er der det skjer, i allefall for dei eldste av oss. Dei som ikke heilt har funne forma i TikTok og Snap ol. 

Men eg saknar bloggen litt. Der ein kan uttrykke seg litt lengre. I fulle setningar utan hashtags eller skigarder som det heiter på nynorsk. 

Og så vann Fosse ein fin pris. Nobels sin pris. Og han skriv på finaste nynorsk. Eg kjende på lysta til å skrive litt sjølv. No når alle er i Meta-universet så vert det nok også for meg sjølv. Og da e heilt fint. Å rope i skogen...

Eg har halde fram med å haga, no-digg og alt det der med varierande hell...


Hagen er nok ein grunn til at eg tenkjer på bloggen igjen. Kjekt å dele sigrar og nederlag, eksperiment og resultat. Hagevenna er det alltid kjekt å treffe på her på internettet.


Så er du her og les, lat gjerne høyre fra deg. I mellomtida ropar eg berre litt i skogen....

søndag 16. februar 2020

Ein litt usikker amatør


Allereie halvvegs i februar. Eg har kome til den erkjenning etter nokre hundre timar på You Tube saman med det eg lest tru er likesinna, at plantekassane vi lagde i fjor, var eit heise feilskjær. So lite fø pengane. So mykje plass kasta bort. I år er det dekkedyrkning, eller "no-dig" som er greia. Bedd utan kantbord, rett på bakken. Laga av gamalt organisk avfall som grasklipp og kompost. Og no har eg ikkje meir plass att i hagen.
Kun ei stupbratt brekka full i kampesteina.

Eg har googla og eg har søkt høgt og lågt. Ingen har dekkdyrka i ei brekka før.
Eg vert nok den fyrste...


Artisjokkane er sådd og planen er klar, skal tru om det i det heile er mogeleg å få til.....
Den som lever får sjå :)


søndag 31. mars 2019

Hagen på Helland

No var det lenge sidan sist. 
Strengt tatt har eg tenkt at det kanskje er på tide å avvikle heile bloggen. Les folk slike kvardagsbloggar framleis?
Då eg logga inn i dag var lista med varslar frå Google lang som eit ildt år. Meldingane gjekk i korte trekk ut på at alt som eingong har vore, er no borte, og ingenting nytt er komen i staden. Litt som å verte gamal eigentleg...


Men eg har lyst å bruke bloggen min til eit lite (ganske heise stort faktisk) prosjekt eg har på gong, eg har lyst å blogge om hageprosjektet mitt som eg starta for nokre veker sidan ( kanskje heller 30 år ;) Prosjektet har eg kalla Hagen på Helland og skal vise progresjonen på hagen her hjå meg etterkvart som eg lærer nye ting og gjer nye feil.

Framleis ligg snjoen her, men eg har nettopp rydda i drivhuset og sådd mine fyrste frø for året.
Så i dag får de før og etter bilder frå drivhuset. Etterbildet er over her. Lite som spirer enno så eg trøystar meg med tulipaner. 



I vinter var drivhuset lager for fuglemat og anna rask så da trengtes opprydning og ein omgang med grønnsåpe. I år har eg sådd mykje til kjøkkenhagen, men sidan det er eit nytt område for meg så vert det ganske spanande om eg klarer å få hauste noko i det heile.



Kan ikkje lova noko heise flott, men kjekt om du vil fylgja med på hageprosjektet mitt. Ynskjer alle fine lesarar ein herleg sundagskveld.




torsdag 16. oktober 2014

Absolutt siste hausting


frå kjøkkenhagen i år

 

fine farga
nett so hausten

søndag 22. juni 2014

Kjøkkenstilleben


i går laga eg jordbærsylta av modalsjordbær
og bruka lime for å fram den rike smaken
og slik låg den der og venta
liksom berre for å verte tatt bilde av...

fredag 2. mai 2014

Innomhus


Skjer da ingen verdens ting
men da ligg eit voldsomt prosjekt på vent
i gongen står eit tomt fryseskåp
og i garasjen ventar delar av eit vaskerom

lørdag 21. september 2013

Augeeple..



i dag har me plukka eple


i måro må me kanskje laga nåke tå dei..

onsdag 17. juli 2013

Kjøkkenhagen


Eg er ein tilhengar av kortreist mat. 
Eg trur på å dyrka sjølv og hauste frå naturen
Men da e ikkje nok å berre ha trua
Her ser de heile min haust frå kjøkkenhagen, og då er knutekålen ikkje med 
7 reddikar av tvilsam kvalitet var alt eg fekk til i år


Då er eg jammen meg glad at dei heime på garden
ikkje heilt har slutta med grønnsaksdyrkinga
så ein stakkar kan få nyta slik herleg ferskvare..
og 5 km i bil er no ganske kortreist..
..eller..?

tirsdag 21. august 2012

Blå(lilla) blomkål..

Då eg var heimom på garden i forgårs fekk eg for fyrste gong sjå denne blomkålvarianten. Den er utruleg vakker og får meg til å smile. Smaken er og fortreffeleg. Så i går laga me blomkålsuppe med blålilla blomkål.





Bileta yter ikkje suppa rettferd. Den vart god og ikkje minst utruleg dekorativ med sine blålilla blomkålbukettar. Sjølve suppa kokte eg på kvit blomkål for ellers hadde suppa og vore lilla.

Litt bacon lyfter smaken til nye høgder...

onsdag 15. august 2012

..fotomodellen...


Knappen ville så gjerne vere med på fotosesjonen i hagen i dag... og det måtte ho sjølsagt få lov til..sjølv om frukt og grønt nok ikkje høyre til favorittføda der i garden..

onsdag 8. august 2012

Lenande glashus III


Italienske bønner, det næraste eg kjem Italia i år...

søndag 15. juli 2012

Bondebønner...

Har aldri dyrka dei før, men gler meg til å lage mat med dei...

Har du noko erfaring tek eg gjerne mot tips og gode oppskrifter...