mandag 28. september 2009

Uinspirert...

På jakt etter gode motiv i interiørverda kom eg heilt tilfeldig over dette...



Som kort og greit summerar opp mitt pågangsmot og inspirasjon til fornying i heimen....

Kjære Gud, kan du sende litt av regnet til turrare strøk?

fredag 25. september 2009

Travle tider...

Men ikkje travlare enn at ein kan setje seg ned og kvile seg litt...

Travle tider...

Men ikkje travlare enn at ein kan setje seg nedpå litt og kvile i alt det som er godt...




God helg!

tirsdag 22. september 2009

Gratulanta i tusenvis

Duften av erteblomster, Vibeke feirer 100 000 besøk denne veka. Eg neiar i lag med alle dei andre gratulantane og takkar for mange flotte innlegg som har berika dagen vår.



I anledning 100.000 besøkande på bloggen sin, skriver ho dette:

BIG giveaway!
"I anledning at jeg har passert 100000 besøk her inne på bloggen min så ønsker jeg å feire med en STOR giveaway! Alt du trenger å gjøre er å kopiere dette innlegget og publisere det inne på din egen blogg :)


Vinnerne blir trukket ut førstkommende søndag, lykke til venner

!Disse herlige bloggerne som du kan se under her har bidratt med hver sin gave i denne anledningen og jeg kommer til å lage et innlegg her inne denne uken om hver og en av dem slik at dere kan bli bedre kjent med dem."


mandag 21. september 2009

Eit lite mirakel


..eit tantebarn på 3 veker...

torsdag 17. september 2009

Pimping...

Har ei veninne som er så glad i desse kardemomme biscottiane.. leita lenge i butikkar etter fine kakeboksar å fylle opp, men fann ingen. Sidan ho også er veldig New England i stilen vart det denne varianten..utgangspunktet var ein boks som eingong har innehalde proteinpulver....


Kanskje ikkje den største opppussingsjobben eg har vore borti....

onsdag 16. september 2009

Mennesker i fokus

Vekas tema hjå Fotoverden er "lue", eller hue som eg ville ha sagt. Rota fram eit bilete av eldstemann då han var eit bel yngre, som hjelpegartnar i drivhusa til Besto...



Her er ein mann for sin hatt....;)

..og ja Frøken Fjols..han kunne bake og...

Husmordraumar...

Ingen biletet kan på nokon måte formidle kor utsliten eg kjenner meg etter ein halv dag heime i lag med alle husmordraumane mine....


..trur eg må leggja meg nedpå litt...;)

tirsdag 15. september 2009

Krans i soppturkaren



Det er med vemod ein må innrømme at mange blomekransar har så altfor korte liv. Jo meir sarte og delikate, dess kortare levetid.



Hin dagen laga eg ein av ein syrinhortensia. Om kvelden heiv eg den i ei korg på toppen av kjølehjørnet mitt. Håpet er lysegrønt...



Det er heilt klårt at det friske og det sarte er borte, men utruleg nok var fargane meir eller mindre intakt...kanskje eit hakk meir intense..



Eit nytt utrykk....som held heilt til jul :)

mandag 14. september 2009

Veakorg

Har lenge leita etter ei brukandes veakorg. Trudde lenge det skulle verte ei fletta korg ala denne som Karna har valgt til sin nye ovn.



Men i eit av dei tusen reklameblada som ramlar ned i postkassen fann eg den eg hadde leita etter......langt unna alt det eg ellers etterstrebar meg i kvardagen. Kasta mannen i bilen og for av garde,(Ja, de veit eg kjøre berre te Knarvik og knapt nok det..) fann dei på Living og no har eg to.. ein stova med turr ved, og ein i gangen med ikkje fullt so tur ved ;)



Er som med mannen, vert ein kjær får det våge seg at han kolliderar litt med interiøret ;) Eg nyt den råe gummien, det røffe snittet og naglane..... og heilt utan grunn kjenner eg meg litt miljøvennleg sidan gummien teoretisk sett kan ha vore gjenvunnen...

søndag 13. september 2009

Rosastegt dyrekølle med lækkert tilbehør

I dag vil eg anbefale ein høstmeny fra Isabellas som eg fleire gongar og med stort hell har servert både slekt og venner. (som de kan sjå av bileta so skein sola her i dag :)





Sidan eg i dag var aleinemor måtte begge ungane vere med for å finne soppen som trengdes til tilbehøret. Hjorten hadda bada i raudvin heile natta og var klar for ovnen. Soppturen vart særs vellukka. To ungar sat i bilen og gaula; MAAAAAAAAAAAMAAAAAAAAAAA!! kvart tredje sekund dei mista synet av meg i skogbrynet, der eg song høgt og støyande for ikkje å verte forveksla med ein slakteferdig hjort (hjortejakta er i gong og eg hadde fenge beskjed om å ta på meg rosa hue og syngje høgt...glømde hua og måtte syngje dertil høgare...)
Men sopp vart det og middagen vart som vanleg ein veldig god. Sjøvsagt takka være dei flotte menyane i Isabellas som eg ofte støttar meg til på kjøkkenet.
Særleg vil eg anbefala tranebærrelishen. Den er utan sidestykke og står seg i kjøleskapet i lang tid:


Tranebærrelish
• 150 g tørrede tranebær
• 1 lille rødløg
• 150 g sukker
• 1 dl hvidvinseddike
• 1 kanelstang
• 2 stjerneanis
• 1 laurbærblad

Hak tranebærrene groft, og skær løget i tern. Kom sukker, eddike, kanelstang, stjerneanis og laurbærblad i en gryde. Varm det forsigtigt op, til sukkeret smelter. Kom tranebær og løg i gryden, og lad det simre et par minutter.

Kom blandingen på et skoldet glas, og lad det gerne stå 2-4 dage på køl inden servering.

lørdag 12. september 2009

Haust



Hjorten hadde far ille med ei av mine vakre Syrinhortensia-busker. I dag redda eg restane og laga meg ein svært forgjengeleg krans av dei vakre blomane. I natt ligg den på soppturkeplassen i håp om evig liv...



Erfaringsmessig går det dårleg, men kven gjer vel opp før ein har oppnådd det ein jaktar på. Alle dei mislukka forsøka er glyømd den dagen ein endeleg fekk det til....

fredag 11. september 2009

Regnelskar

Eg er forferdeleg lei av regnet her på vestlandet no. Det er nett før eg får klaustrofobi her inni dalen. Tåka ligg nett nedpå hustaka, elvene er fossande svære og regnet berre dett beint ned....



Men ein har ste ute i veke etter veke og er lukkeleg som få...

Eg og potta har det vel omtrent likt, men hortensiaen tykkjer regn er det beste som fins...

God helg!

tirsdag 8. september 2009

Frøken Spiselig

Ja så var det tid for fotokonkurranse hjå Moseplassen att. Denne gongen er temaet noko du kan eta, henta frå naturen eller hagen. Dette er ein konkurranse etter mitt hjarta...rett opp min allè, som me seier her på landsbygda . Eg har leita i nye og gamle bileter etter gode kandidatar. Her får de eit lite utval:





Til dei som er litt i tvil so er bilete nummer 3 ein blomstrande rabarbra. Enno var det fleire om ville vere med....



Nøttedrammen og kantarellen.....


..og no nærmar me oss. Eg har valgt kantarellen. I mange år har kantarellen vore ein favoritt. Eg har andre soppar eg likar betre smaken på, men kantarellen er uslåeleg der den står i skogen so irrande gul og vakker. Kvar einaste gong eg ser ein kantarell smilar eg bredt og fell heilt i stavar over kor vakker den er. Eg har klatra bratte fjellsider i jakt på skogens gull, berre for å finne ut at det var eit gulna blad eller ein flik sola skein på....pff..

For meg er kantarellen symbolet på hausten og det gode liv der me berre kan gå ut i naturen og hauste inn...so her kjem Frøken Spiselig-kandidaten min....


Frøken Kantarell



Her lønar det seg nok å klikke på biletet....

lørdag 5. september 2009

Sopptur




I dag har eg plukka sopp. Fangsten var ei full korg med ulike soppar og 15 gigantiske krekser. Dei fleste av desse har eg framleis i håret....og til dei som syns at den svarte soppen ser skummel ut så er det den beste soppen eg finn. Den heiter Svart trompetsopp og er ei skikkeleg delikatessa. I "utlandet" vert den kalla Black chanterelle, black trumpet, horn of plenty, eller trumpet of the dead.
God laurdagskveld til dykk alle!

onsdag 2. september 2009

Spiskammers

Etter månadsvis med blomemotiv tenkte eg at det var på sin plass med noko frå innsida av huset. Eg har eit hus eg er nøgd med og eit interiør i rask utvikling utan at eg skammar meg over noko av det (i allefall ikkje mykje..hehe) Likevel har frimodet til å visa da fram til no vore litt reservert. So i dag tenkte eg at eg skulle visa litt frå kjøkkenet...




Då me bygde hus hadde me teikna inn eit kjølerom i tilknytning til kjøkkenet. Prismessig var dette mykje dyrare enn eit kjølehjørne og kjølerommet vart fort konvertert til spiskammers.
Spiskammerset kan husa ein mann i oppreist stilling (om ein skulle ha behov for å gjøyma bort ein) i tillegg til mengder med hyller fylt til randen av allslags. All tørrvare, krukker og glas, flasker, snopekorger, påske og julepynt, blomsterpotter, verktøy, viktige papirer og helgepålegget til ungane (les Sjokade ol), bakeutstyr, forkle og handleposar og heile resirkuleringsprosjektet vårt, med alt frå lyspærer til mjølkekartongar får plass der. Mykje oftare enn ein skulle lika tek kaoset overhånd og rydding er eit ord som høyrer nøye saman med ordet spiskammers her hjå oss :)
Eg kjøpte for eit år sidan ein sjablong frå Lune Hjem med ordet "Cuisine" som skulle på døra. Det ligg der enno, inni spiskammerset...