Viser innlegg med etiketten Utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Utfordring. Vis alle innlegg

fredag 15. januar 2016

Litt farge te helje


måtte berre ha litt farge
grått er ikkje heilt meg
ikkje i lengden i allefall
i helga tenkte eg rydde litt
i eit viktig skap...
nei...ikkje ekteskapet :D

lørdag 14. mars 2015

Våren kom


lett innunder snjoen
gjorde ho seg klar


så mange år har eg planta snjoklokker
og kvart år har dei bukka under i løpet av vinteren


men plutseleg stod ho berre der i sola
og minna meg på at ein aldri
må gje opp 


søndag 8. mars 2015

Vakker fornyelse med LADY maling

 

for mars månad er det maling som er tema


denne kandidaten (før)  fekk nytt liv 
med eit par strøk maling


ein fargeklatt på den ellers så kvite
lemmen (loftet)

søndag 7. desember 2014

Pynte med planter


Eg har faktisk tenkt at vinnarbildet var posta for lenge sidan
utan å nevne navn kan eg no sei at det innheld sviblar, mose, ein gamal matboks og litt julegløgg..
men ein treng jo ikkje delta for å vinne
så eg kastar meg med i siste liten


og huset mitt er fullt av planter
som ellers i året
for meg vert det ikkje julestemning
utan blomer



det vert faktisk ingen stemning
utan blomer



og nokre gonger må borna sin julepynt også få vere med


og sidan det er andre sundag i advent
får ein vel ta med det også


..fortsett fin sundag!


lørdag 8. november 2014

Ferske fiken er eit godt høve


og eg må sei eg tykkjer det er kjekt med slikt
og kastar meg med kvar einaste gong eg får tid
denne gongen var det is som var tema
eller vart tema kanskje
temaet er vel eigentleg "bare tilsett en anledning"
noko som på nynorsk vert nokonlunde slik
"berre adder eit høve"


fø meg vart det heilt naturleg å laga fest
då eg fann ferske fiken på coopen som eg har nevnt på eit par hundre gonger før
dei er ikkje lette å finne desse fruktene
og etter å ha kverka 4 fikenplantar i drivhuset i sommar
og draumen om eigenproduksjon gjekk i dass
må eg stola på den lokale handlestanden


favoritten er ein fikendessert som eg då sjølvsagt planla tè EKTEmannen sin gebursdag på mandagen
men so måtte Kraftlaget stengje straumen akkurat i det eg skulle setje dei i ovnen
så dei vart spara den dagen i byte for tende sterinlys og fyr i ovnen


og høvet kom
og desserten vart laga


oppskrift har eg delt før


kaffien drakk eg medan fikenen var i ovnen og funderte felt øve om eg skulle flytta litt på prinsippa  og ta med Diplomisen som smelta i bakgrunnen av NIB-utfordringa


vanlegvis ville eg vel ikkje da
men desserten mangla vitterleg is då den kom ut av ovnen


og då eg fann is med vanilje frå sjølvaste Madagaskar gav eg meg endå øve
de må ikkje kalla meg fordomsfull og det som verre er
fø da e eg ikkje, men barndommen set sine spor


og når nokon seie Madagaskar te meg
tenkjer eg fyrst og fremst på strikkasokka, misjonsforeninga og kakebasara


og med slike gode tanka og
med is på toppen var høvet klart
meir fest i god mat skal du iallefall leita lenge etter


julepynten frå IKEA fekk pynta bordet


og er de godtesjuke og på jakt etter ein god anledning

søndag 12. oktober 2014

Ein dose farge


Soverommet vårt er ikkje det mest prioriterte rommet i huset
slik reint interiørmessig
trangt og litt kummerlig er det og


eit lite rom med skråtak
men funker greit nok te da da skal
soving og slikt
haustens fyrste tulipanbukett
fekk vere med i dag
hiv meg inn te NIB med dette innlegget
i lag med mange fine inspirerande soverom
eg e faktisk litt i øve
øve kor mange unike og flotte heimar so fins rundt omkring
og ikkje minst soverom..

tirsdag 12. august 2014

Å kjenne lusa på gangen


eller "the bug in the hall"
Neida, her er det ikkje noko muffins
eg er so heldig at eg kom i finalen
Inn og sjå
og stem på ken de vil
:D

søndag 10. august 2014

Heimekontoret


Heimekontoret mitt har ikkje endra seg mykje sidan desse bilda vart tekne
for ei tid tilbake
tenkte å ta litt nye til denne månadens utfordring hjå NIB
men det brotne handleddet protesterte vilt
så det vert med gammalt nytt denne gongen
kvitmala panel og interiør frå IKEA


Ingen lekker Mac her
berre ein dokka bærbar Asus med ekstra skjerm og tastatur
tegnebrett og ekstern disk
printer som ikkje virker....
masse ledninger som eg på ingen måte klarar å skjule
men så tenkjer eg som så
da e no ein del av teknologien
nett so monstermastene i Hardanger 
og så leve eg med det
Kontorplassen vår skal ut av den kvite romantiske stilen
og over i ein litt røffare 
når far min skiftar ut det gamle golvet på arkje
i huset på garden, eingong..
Kjem tid, kjem råd
og då skal de få sjå
:D

onsdag 2. juli 2014

Ein gong med personlegdom


NIB spør om personlegdommen min viser seg i gongen vår?
Svaret er ja om det er sider som kaotisk, slurvete,"innhald framfor form" og skylappar framfor augene som kjem fram.

Slik ser gongen vår vanligvis ut


Det handlar om plass
det handlar om bruk
og dårlege løysingar som eg ikkje kjem meg ut av

og pittelitt personlegdom i ein krok


so i dag tok eg meg tid og rom og laga min eigen gong
eller ein liten del av den
utan å stette andre sine behov enn mine eigne



 

Ein bit av ein gong
berre min
herleg!


då folk kom heim høyrde eg
ka i all verda har hendt her då?
og no i kveld


absolutt ingenting
no er alt som det var i går
og i fjor
og året før det igjen..
Så dette er svaret på juliutfordringa hjå NIB, altså båda ja og nei og nokre minuttars styling av litt personlegdom.
og skoa?
Ja dei har eg kjøpt kjempebillig på Brandos...
for no er det vel Hunter so telle..

torsdag 25. april 2013

La humla suse...


I dag vart eg utfordra av Bente frå Bentes Quiltehage på å lage eit blogginnlegg til humlas pris.

Bryr du deg om humla? Har du lyst til å spre oppmerksomhet om den?

Dersom du har en blogg oppfordrer jeg deg til å lage en post om humlen, du har en unik mulighet til å påvirke! Innholdet i bloggposten er opp til deg, men få med en setning om at humlen er en trivelig fyr som er truet. Kanskje du har fin humleopplevelse å fortelle? Bilde av deg selv i humlekostyme? En humletegning, humlepyntepute eller humleskulptur? Eller kanskje du har lyst til å skrive humlefakta, om situasjonen med importhumlene, legge ut humlebilder eller dele videoen jeg har liggende nedenfor?


No har eg lagt vekk humlekostymet for eit par tiår sidan, og strengt tatt har eg eit lettare anstrengt forhold til dama sidan eg var så uheldig å setje meg på ei, ein vakker vårdag tidleg på 70-talet.
I tillegg so har dei ein lei tendens til å finne dei fyrste vårblomane i hagen, krokusen, halde fest som de ser på bilda her, drikke seg fulle på nektar, rave rundt og neste dag har alle krokusane mine visna ned...


Men eg er ikkje dummare enn at eg veit, hagetrea mine bar ikkje frukt i fjor for homlene kom aldri. 

For som Moseplassen skriv:
Bestanden av humler er i sterk nedgang. Det betyr at det blir færre og færre av de generelt, og at enkelte humlearter er i ferd med å bli helt utryddet. Humlen er en utrolig viktig pollinator og uten den vil vi få dramatisk mindre frø, frukt og grønnsaker.

So slå eit slag for humla, og ikkje til som kanskje av og til kan vere freistande, i allefall når du står i fare for å setje deg på henne, så norske hagar og gardar kan bløme gje flott hausting.

Kva med eit bihotell i hagen? (Kanskje for dei tøffaste :D)




Eit siste bilde av alpehumla mi der ho vinglar seg heim etter krokusfesten...
La oss sjå ho vel heim!

tirsdag 26. februar 2013

Sol og finale


Da e soldaga på vestlandet og kirsebærblomen min kom i x-faktorfinalen


..kan vel ikkje be om meir..