fredag 26. februar 2010

Snjo- og isenker

Ja, då fer karane på gutatur til Zakopane og damene har slått sine pjoltarar saman og ferier i kvite Hakkadalen. Då vert det travelt med prat, drøs og besøk.


Har eit par interiørprosjekt på gong som eg kjem attende med når mannen returnerar (treng nemleg litt maskulin hjelp), i mellomtida får de kosa dykk med Kaisa, niesa som besøkjer tante i Hakkadalen :)

onsdag 24. februar 2010

Vårlengt...

tirsdag 23. februar 2010

Rosehagen...





I dag har eg lurt på om det nokon gong kjem til å verte vår. Eg lurar på om det er mogeleg at snjoen tek sin hatt og går og let våren kome. Las i avisa at me truleg får ein sein vår, kald sumar og sur haust. Kjempeoppmuntrane! So får ein berre trøste seg med minnene frå i fjor.



Tatt i skumringstimen i fjor....

mandag 22. februar 2010

Mjuk og rund

Overskrifta kan fort henspela på underteikna, men i utgangspunket tenkte eg skulle dvela litt med eit anna objekt med same fasong. Nemleg treningsballen min. Eg er ei dame i min beste alder og også i mi beste form, då med tanke på størrelse. Det er heilt klårt at eg hadde nytt godt av ein litt mindre radius og omkrets. Og eg er ikkje verre på det enn at eg trenar litt frå og til.
I dag tenkte eg at eg skulle trene litt med den overnevnte ballen. Stor, rund og blå.









Her nokre andre damer i full sving.




I allefall må eg inrømme at eg er av det bedagelege slaget og eg hatar styrketrening av den enkle grunn at det er tungt. men det må til seier min personlege trenar (som forresten kun har ringt meg ein gong siste månaden, då på jakt etter ei oppsrkift på ei snickerskaka...) Og når trenaren seier det då må ein adlyde. So rulla eg rundt her då, på golvet og trena korsettet som det også vert kalla.


Eg synes faktisk det gjekk som ein leik, eg kosa meg på den runde, mjuke og rett så behagelege ballen.....heilt til eg keik på instruktøren på tv'en. Der ho knapt var borti ballen, stiv som ein stokk i plankepossisjon på ein trill rund ball, låg eg djupt nedi , på ei halvflat utgåve av same modell. Ikkje rart eg tykte det var lett...


Eg trur eg får finne meg noko anna. Yoga kanskje?

Kjøkkenteneste

Det er utruleg kor fort hybelkaninane tek overhånd. Dei formeira seg nett som dei andre, kanskje endå litt kjappare når eg tenkjer meg om. Merkeleg nok må da seiast at eg aldri såg ein einaste av dei då eg budde på hybel. Men no har eg sett kanina svære som låvebrue...eller nesten i alle fall.



Då passa det bra at snjoen lavar ned, so ein kan gå på kaninjakt i ro og fred...

Ha ei fin veke!

søndag 21. februar 2010

O' arbeidslyst kom treng deg inn...

her skal du motstand finne!

Sit og les om damer som går bananas på Stoff og Stil og som ikkje kan vente med å kome i gong med kreering på høgt plan. Andre handlar seg til fant på Finn før dei malar seg til stor rikdom. Andre att fyller huset med kopper og kar og klarar ikkje stoppe gleda over det.




Og eg kjenner på eit sakn. Eg kunne trengt meg ei stor dose av god gamaldags arbeidslyst og kreativitet...intravenøst.

I staden står eg og plukkar ut av oppvaskemaskina, verkande av keisemd og latskap. Kvar rørsle er ein kamp med viljen. Ja, eg har prøvd å gå på ski og eg har trent samba...eg et vitaminpillarar og tek litervis med tran (det er berre lygn, men ser bra ut på papiret) Likavel kjem verken arbeidslyst eller kreativitet og trengjer seg inn.

Samanfallande (heilt tilfeldig!) med denne tilstanden har husbonden skaffa meg sesong på sesong med Star Trek Voyager...so i ventetida får eg no kose meg med den...og seier som Seven of Nine: Remove your hand or I will remove your arm!

lørdag 20. februar 2010

Nymalt

Har vore litt begrensa innsats på bloggen min i det siste. Har hatt nokre tidskrevande prosjekt sist veka. Med gode råd frå mali-mo fekk eg rota meg til å male eit golv.




Me har ubehandla grangolv i heile andre etasje og det har vore eit slit. No hadde vetlo mala halve golvet sitt med vassfarga. Fungerte som beis og umogeleg å få bort utan å pusse ned golvet. So vart det maling.

Golvfargen er ikkje heilt i trå med resten av rommet. Planen var å male alt, men so kom eg på at småjenter vert so fort store og vil ha alt på sin måte. So eg reknar med det vert malt snart likavel :)

Litt asketisk ser det ut no før alt er flytta tilbake. Det kjem snart til å verte fullt er eg redd. Ho er som eit ekorn som samlar og samlar...

fredag 19. februar 2010

Fredda'n...


Det er herleg med fredag og gode intensjonar om alt ein skal få til i helga. Dyrebar tid er proppa full av planlagt innhald. Og som alltid har nok ikkje denne helga heller nok timar...
God helg!

tirsdag 16. februar 2010

Feitetirsdag...


..ein dag......so er det striesekk og aske att....

søndag 14. februar 2010

Tre ting i ein....

Ja, so var den unnagjort, i allefall nesten, denne dagen som skulle romme so mykje. Ikkje vart eg vekt av frukost på senga, ikkje dala det hjarteforma konfekt eller diamantar ned i skjul og ikkje vart eg piska med bjørkeris....i allefall ikkje enno..




Om de tykkjer muffinsane ser skumle ut er det berre fordi dei er laga på Atkinsvis til ære for mor mi som er på kur for tida. Eg derimot nyt dei enkle ting i livet.....som fastelavensbollar med krem og heimelaga jordbærsyltetøy....

lørdag 13. februar 2010

Sol inne...





Ingenting er betre enn det, når det attpå alt er laurdag og fri, og me alle har vore ein tur på ski....

torsdag 11. februar 2010

Frustrasjon og inspirasjon



Aina i Modern Country har ei innleggsrekkje der ho vil fortelje litt om kva og kven som inspirerer henne. Då eg leste det slo det meg kor lett eg let meg frustrere og kor sjelden eg tek meg rom til å verte inspirert. So i vekene som kjem...skal eg stengje for frustrasjonar og opne for store inspirasjonar.....




..om ikkje noko kjem i vegen då.....

onsdag 10. februar 2010

God tid....

Då eg var yngre tenkte eg at livet var ofseleg langt. Eg tenkte eg hadde svære mengder tid. Eg kunne til og med finne på å kjeda meg i ledige stunder ......

Før hadde eg tid til å filosofera og eg har bok på bok med kloke ord og tankar (dei verka i allefall slik då :)





I dag har eg ikkje tid til å tenkja eingong. Og det er sikkert min eigen feil. Men tida varer so kort. Ein time..vips..borte...dei seie..kjem tid, kjem råd....men tida mi fer...ho kjem ikkje og då er vel gode råd dyre...?

tirsdag 9. februar 2010

Gamal medisin...



er nok meir dekorativ enn nyttig......

søndag 7. februar 2010

Tre floge i ein smekk

Om ryktet har rett er det både fastelaven, morsdag og valetindagen neste sundag. Snakk om å snyte både bakarstanden, gullsmedane og blomeforhandlarane for store inntekter. For oss forbrukarar so er det vel eigentleg ein god ting.



No kan ei kaka dekka fleirfoldige formål, og har eg rekna rett er det far som må baka henne. So har me vore gode mødre og eksemplariske kjærestar (litt meir tvilsamt kanskje) so har me mange gode ting på veg neste helg...og best av alt...når bjørkekvistane finn vegen inn i heimane, då nærmar det seg for alvor vår!