Viser innlegg med etiketten Vinter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinter. Vis alle innlegg

mandag 8. januar 2024

No står ikke verda te påske...

og da verste e vel kanskje at da kan fort verta ein realitet. Men da e ei anna historie. I fyrste omgang tenkte eg på min retur til bloggen etter 4 år i stilla...


Allereie i 20 var blogging eit døande foretak, Instagram hadde kome og teke over alt. Det er der det skjer, i allefall for dei eldste av oss. Dei som ikke heilt har funne forma i TikTok og Snap ol. 

Men eg saknar bloggen litt. Der ein kan uttrykke seg litt lengre. I fulle setningar utan hashtags eller skigarder som det heiter på nynorsk. 

Og så vann Fosse ein fin pris. Nobels sin pris. Og han skriv på finaste nynorsk. Eg kjende på lysta til å skrive litt sjølv. No når alle er i Meta-universet så vert det nok også for meg sjølv. Og da e heilt fint. Å rope i skogen...

Eg har halde fram med å haga, no-digg og alt det der med varierande hell...


Hagen er nok ein grunn til at eg tenkjer på bloggen igjen. Kjekt å dele sigrar og nederlag, eksperiment og resultat. Hagevenna er det alltid kjekt å treffe på her på internettet.


Så er du her og les, lat gjerne høyre fra deg. I mellomtida ropar eg berre litt i skogen....

søndag 18. mars 2018

Vinter


Vinteren dreg ut i år, våren let vente på seg
på mange vis
håpar sola kan tine da so trengs
når den tid kjem

mandag 4. desember 2017

Me held fram på sparebluss


kransar er so flott
og vist litt in for tida også
da fins nesten ingen instagramkonto med respekt for seg sjølv
som ikkje har ein sværa krans hengjane på ei eller anna skulder
og ja eg er med
da e fint
og da skal so lite te
berre litt granbar og to kongle
so e da jul hjå meg
Ynskjer dykk ei herleg veke!


søndag 5. februar 2017

Så var det januar


januar var litt ein skuffelse
 lite snjo
og lite sol


med unntak av ein sundag
me faktisk kom oss ut på ski


blomar var den rik på dog
blomar lovar vår


sjølv om frosten enno rår






Så fort var 1 av 12 månadar i det nye året levd
og med ny president i USA
må eg sei eg kjenner meg minst
eit år eldre
;O

søndag 11. desember 2016

Tredje sundagen..


det er ikkje måte på kor tida flyg
nesten lika iherdig som
pipsane i hagen
God ny veke :)

torsdag 24. november 2016

Lys i mørket


vert mykje lysbilder framover
det er mørkt når me ris om morgonen
og det er mørkt før me kjem heim
slikt tek litt på
så eg tenner lys der eg kan
og gler meg te sola snur


mandag 21. mars 2016

Ikkje lenge att no



te ein liten pust i bakken
påske- og vinterferie
i ein herleg liten klump


ei ny oppfinning her på vestlandet i år
ikke å forakta no når den nærmar seg


vert godt med eit pust
i bakken...
og kanskje litt vår?

søndag 14. februar 2016

Morsdag


I dag vart det kake rik på smak og litt mindre på sukker og mjøl
kraftig kost til mor i heimen og mor i heimen si mor
fin avslutning på ei solrik helg


ynskjer alle ei god ny veke


søndag 7. februar 2016

Noreg i svart og kvitt


akkurat no er me inne i ei tid
som er heller grå og fargelaus


sjølv om bilda ser ut som dei har vore gjennom eit svart-kvitt filter
så er dette desverre røynda i dalen for tida
vakkert på sitt vis

mandag 1. februar 2016

Linsepus


humøret til pus kjem seg
litt leik og morro
og snart heng ho på 
alle stader vi er



eit lite fotoshoot i vinterlyset
av ein favorittvase


og ein gamal skulestol
fredfult stilleliv
ein mandagskveld

søndag 31. januar 2016

Vinterdvale



I går gjekk eg ut i drivhuset i den tru at eg skulle lage klart til vår
men vinterstemningen var fin den og


tenkje både eg og drivhustet klarar vente litt 
kvila oss i vinterljoset eit bel til
senka skuldrene
nyte denne tida og
ikkje alltid haste vidare
fyre i ovnen
setje på ei lydbok
og strikka
nåke fint
kjekt da og

lørdag 30. januar 2016

Kattestur


Katta vår ler ikkje, ho smiler ikkje eller dansar lett på tå lengre
Ho et, ho søv, ho knaskar mus og småpippar
ho vil ut
og så innatt etter tre sekund
så ut att


ho vil ha mat heile tida, men et lite
det verkar som ho beint fram sturer
så eg lurer
kan ein katt får vinterdepresjon?

mandag 25. januar 2016

Sol og sol, Fru Blom


  vakkert men dog so kaldt

 

Her varmar sola meir enn ho blenkjer
og slik sett er det vel best
om me gjorde da òg
:D



lørdag 23. januar 2016

God helg!




torsdag 21. januar 2016

De tåle litt meir vinter




klikk gjerne på bilda for større versjona

onsdag 20. januar 2016

Då sola kom att..


og ute va det 15 blå


såg det slik ut




mandag 18. januar 2016

Mat te pipsane


det går litt fuglemat med når ein skal mette alle skogens fuglar
denne gongen har eg skifta ut tranebæra
med tørka fiken
og slik det ser ut
lika fuglane godt nett det



Vakkert ute no
når vinteren endeleg kom


..mange sultne pipsa å metta

søndag 17. januar 2016

Fin sundag


Kjekt med vinter
vart ei fin helg






fredag 15. januar 2016

Litt farge te helje


måtte berre ha litt farge
grått er ikkje heilt meg
ikkje i lengden i allefall
i helga tenkte eg rydde litt
i eit viktig skap...
nei...ikkje ekteskapet :D