Viser innlegg med etiketten GDS. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten GDS. Vis alle innlegg

onsdag 1. januar 2020

..eit lite tilbakeblikk

Eit lite tilbakeblikk eignar seg på ein dag som denne. Når det gjeld hagen på Helland var det spesielt eit prosjekt som både tok tid og gav rikt tilbake. Det var kjøkkenhagen.

Vi tok den beste plenen som ingen brukte og lagde oss ein kjøkkenhage:


Som de ser var det ikkje gjort i ei handvending. Men litt etter litt kom me i mål.

tirsdag 8. mars 2016

Stillstand


Det har vore stille på bloggen i det siste


Ikkje heilt utan grunn
influenso har kome i hus
og tek sin plass og si tid..


men bordet vårt vart no ferdig
og det er me veldig nøgde med


faktisk so nøgde at me skal i gang med heimalaga skrivepultar
på kontoravdelinga :)
på loftet


gamle plankar på nytt understell
bordet er breidt og godt
og med veldig mykje sjel

(de finn meg og på Instagram som @rammealvor)

tirsdag 10. mars 2015

Tid


eg driv og tenkjer felt på eit prosjekt
som vert til over veldig lang tid
Far min har fjerna golvplankar frå arka på heimahuset
plankane er gamle som alle haugar
akkurat slik eg likar
dei vil eg lage arbeidsbord av
og spikrane fekk eg og
vakre i seg seg sjølv
må eg sei..

onsdag 4. februar 2015

Sol ute...sol inne




mandag 26. januar 2015

Solspeil GDS


Når eg fyst snakka om ting so tek grusomt med tid
så fell dette innlegget seg fint inn i rekkja
Dette vart påbegynt so tidleg som i 1867 for å vera eksakt
For meg begynte da fyrst litt før jul
Eg hadde forleska meg heilt i slike solspeil 
eller sunburst mirror so da heite på fint
eg har sett dei på nett og i glansa magasin
og med hånda på hjarta
må eg sei at eg syns dei e fine
og forferdeleg dyre

so då me me gjera da sjøl

Og eg er ikkje den fyrste so gjer da
her kjem min variant


Fyst tok eg ei gamal
intertning te å ha i gangen
på hybelen
eller rettare sagt
eg hadde den i gangen
på hybelen
eingong på åtti-talet



og te solstrålane
eldgamalt materiale
handhågga
på 1800-talet
far min fann dei då han reparerte taket på løa
1867 er hogga inn i ein av dei
far min tenkte ikkje så mykje over det
og saga dei fint opp i korte fjøler til å fyra i ovnen med
og fyrte med dei gjorde han
men heldigvis fekk eg fekk redda nokre få

eg var ikkje på jakt etter sylskarp presisjon og  symetri
som dei fleste solspeil er bygd over
her vart det meir å la det verte som det vart 
med da eg hadde av treverk
kunne jo ikkje gå tilbake til håndverkarane
og be om meir...


eg flisa dei korte fjølene opp og limte dei på speilen
med ein liten limpistol
fyrste resultat var nett slik eg ville ha det


solspeilet er ikkje i gull som dei orginale ofte er
men gammalt treverk har no si eiga ustråling



som datra sa
"perfekt å ta strålande selfies i"


Slik kan eit hybelmøblel frå åttitalet
og treverk frå 1800-talet
verta nett da eg trengte
i stova mi i dag


heilt gratis
fø meg i allefall..

mandag 12. januar 2015

Resirkulert


Då var jolatreet heve ut
det vakraste treet eg har hatt faktisk
det sat langt inne
å kaste det ut


men som resirkulert
fuglematar
fungerer det supert
og eg får beundre det
enno eit
bel


helst skulle eg halde det i livet
te neste jul
men sjølv ekspertane
på skog og tre
og sånn
seie at da er
mest
umauele..

torsdag 10. april 2014

Sweet tooth sweet life



Ja så vart den endeleg ferdig og sola skein ett bel
Eg fekk ca 2 dl av 10 liter sevje
og det er veldig mykje
eg fuska og tilsette både litt sukker og vaniljestang for å få ein mjukare smak
Kokar du den inn til rein bjørkesirapp får du vel 1l på ca 90 liter sevje
Då eg tilset sukker har min sirapp lettare for å krystalisere seg og tåler kanskje ikkje like lang lagring som "the real thing", men spør du meg beheld sirappen min likavel den syrlege skogssmaken samstundes som den er lysare og mildare i lukt og smak.
Absolutt herleg, spør du meg :D


lørdag 5. april 2014

På kok



Må berre dele litt fleire bilder frå sevjetappingsprosjektet
no driv eg og kokar sirapp
ingen enkel jobb
spør du meg

fredag 4. april 2014

Gåsunga


Bjørkesirupprosjektet held fram
og i dag kom all sevja på kok


ute blømer selja
med små strålande gule soler
og humla brumler som ho alltid har gjort


mandag 17. mars 2014

Ein dag til


 

med bilder frå kjøkkenet
sopass nøgd er eg

søndag 16. mars 2014

Gamalt nytt

 

Eg var so heldig at eg arva da flotta, gamla eikespisebordet etter besteforeldra mine
Bestefar min vann det på eit lotteri, saman med 6 stola, ein skjenk og ein anretning, tidleg på 40-talet
Alt er nok laga på ein lokal møbelfabrikk og var sikkert ganske fornemt i si tid


Mor mi har vakse opp med det bordet og det same har eg kvar gong eg vitja besteforeldra mine 
Mange kjekke måltid har me hatt rundt det i åra som no ligg bak oss
Men som med det meste, storheitstider vert til nedgangstider og lenge har bordet
ste og venta på at tidene skulle snu atter ein gong
og med ein veldig tvilande familie som publikum tok eg utfordringa

 

Ikkje so mykje som skulle gjerast eigentleg
bordplata i eik skulle pussast, eg ville fjerne restane av den orginale svarte beisen
og pusse lett over beina. 
Som de ser av alle dei gamle bileta, var det alltid duk på bordet slik det vel helst var i gamle dagar. 
Ein av grunnen kan no og vere at innleggsplatene er laga i furu og opprinnleg ubehandla.
Eg pussa ned alt og beisa det i same farge og mala beina med svart høgglansmaling


Og strengt att så var det alt. 
Eg synes bordet er veldig vakkert og resten av familien likar det og 
sjølv om det er litt mindre komfortabelt enn det vi hadde før
Og det er ikkje te å stikka onna ein stol
at eit bord med ei historia er klart å foretrekka
spesielt når det er mi eiga..


og i morges fortsette historia..

torsdag 13. mars 2014

Going solo



I går gjekk eg i gong med eit prosjekt som eg står heilt aleina i
eg har gje mot familieviljen 
og begynt å rehabilitere eit gamalt kjøkkenbord
Resten av familien vil ikkje ha det
dei syns dette er både upraktisk og kanskje heller ikkje so fint...
men eg, eg gjer meg ikkje før da e bevist
at da ikkje går...



Er ganske spent på korleis det vert når ein ikkje gjer om gamalt
men berre prøver å setje det tilbake i gamal stand
eller gamal ny stand vert det vel :D

søndag 16. februar 2014

litt om å surna té...


I øve eit år har eg hatt ein slik gründeridé
ein slik idé som skulle gjere meg både søkkrik og uavhengig
dar verda var min østers og kun horisonten var grensa

 

da byrja i Italia sjølvsagt, i fjor, då eg såg slike flotte skjærebrett(fjøler) laga av oliventre
som eg så gjerne ville ta med meg heim så mykje eg berre kunne bera
men redsla for overvekt på flyet gjorde at eg let dei alle liggje att
og tenkte med sjølve meg, som eg ofte gjer
at eg kunne no laga slike sjølv
for her heime har me ikkje oliventre, men me har bjørk
og bjørk kan me surna
og surna bjørk
liknar mykje på oliventre


ein kan surne bjørk slik reint metodisk på bakrommet som mange trearbeidarar gjer
men sidan eg er ein slik gjenbrukar så gjekk eg for sjølvsurna bjørk
når bjørka velta i skogen grunna ras, vind eller andre katastrofer 
og vert liggjande ute i allslags ver med borken på
vil den mest sannsynleg surne sjølv
og lukka var at nett bakom huset vårt låg det eit slik emne 
so eg mota meg opp med sag og det heile og sette i gong
medan eg såg fø meg den frydefulle framtida
der eg sat på kaien i strålande sol og selde heimalaga skjerefjøler av sjølvsurna bjørk til kjøpesterke turistar
realiserte meg sjølv til fulle, med eiga merkevare
eg hadde sagt opp jobb og satsa på draumen som så mange bloggdamer før meg
jau jammen gjekk saga varm dar eg fantaserte i veg

 

rimeleg kom dei ikkje te å verta
fø berre å saga ut eitt emne tok meg øve ein time
og til slik konsuletpris vart jo det nærare to tusen pr skjerefjøl..

Midt i all saginga slo det meg at eg hadde sett heller lite skjerefjøler i surna bjørk 
og kanskje...kanskje var det ein grunn te det?
Etter litt googling fall draumen min til jorda som ein lort
Surna bjørk surnast med kvitråtesoppar
og sjølv om dei går i dvale når treet turkar
og ein kan forsegle med voks og olje
så eignar det seg lite te skjerebrett og anna kjørler
i allefall fø å vera på den sikra sio

 

ja ka ska ein sei...
anna enn at nett so lenge var Adam i paradiset
eg får bruka dei forsiktig her heime te fest
og drøyma nye drauma 
stora og hetliga om liv mitt