Viser innlegg med etiketten Kransar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kransar. Vis alle innlegg

mandag 4. desember 2017

Me held fram på sparebluss


kransar er so flott
og vist litt in for tida også
da fins nesten ingen instagramkonto med respekt for seg sjølv
som ikkje har ein sværa krans hengjane på ei eller anna skulder
og ja eg er med
da e fint
og da skal so lite te
berre litt granbar og to kongle
so e da jul hjå meg
Ynskjer dykk ei herleg veke!


lørdag 28. oktober 2017

Barbeint


Eg synes at til eldre eg vert, til travlare får eg det
om det er at eg får meir og meir å gjere
eller det er at alt går treigare og treigare å få gjort
skal vere usagt...


uansett har det ikkje vorte mykje blogging
ikkje mykje skriving og rapportering om daglegdagse ting
ikkje mykje tid til fotografering heller
men noko kjekt har no skjedd
eg fekk lov å delta med to pipsebileter i den nye boka til Barbeinthagen
Denne boka tek for seg kransar og bukettar
og er både nydeleg og inspirerande


så ein ettermiddag her i veka som var,
måtte eg berre setje av litt tid
til kransing...


søndag 1. november 2015

Klar for vinteren


kan ein verte heilt klar for vinteren?
slik skikkeleg?


sjølv om me skriv 1 .november
tek eg meg stadig i å tenkje at det kan kome milde dagar att
kanskje den og den rosa klarar sprette ut før det er over
kanskje liljene får bløma seg ferdig
kanskje eg likevel ikkje treng finne fram vinterjakka
kanskje...
men no er om ikkje anna
drivhuset iallefall klart
for vinteren
:)

søndag 18. august 2013

Ikkje visste eg..


..st Sibirkornellen hadde vakre blåe bær...

 

..alltids kjekt å verte positivt overraska...

søndag 22. juli 2012

..helgatur østom...

Som de ser hadde me ein grunn. Ein vestlending fer no ikkje øve fjellet  i tide og utide slik heilt utan grunn, da seie no seg sjølv. Og nokre stader klarte eg ikkje sjå skogen for berre tre. Men for det meste må eg sei...

    
   
    
..at ette da eg såg, so è da ein herleg kant av landet som eg kan tenkja meg å sjå meir av..

onsdag 23. mai 2012

Sommar!

 



..ugras..

Sjølv om det er fullsprungen sumar her i dag, heng ikkje naturen og kalendaren heilt med. Ingen roser blømer og dei vanlegaste engblomene er enno ikkje i blomst. Men det går fint å pynte med ugras og, i allefall når ugraset er surstilk, forgelemmegei, marikåpe og karse eller Tråppeblom som me kallar det. Fordi den vaks utpå "Tråppo" som er eit kallenavn på ein gard i Hakkadalen.

 

Kven har vel ikkje som barn plukka vårens vakraste bukett og vorte bittelitt skuffa over at mor ikkje vart so glad som forventa då ho såg neven med engkarse? Eg har i allefall det. Og er oppvaksen med å sjå litt ned på den, der den overtek heile hagen om du let han. I dag gjev eg den ein ny sjangse. I lag med noko avblomstra rosa margaritt og litt syrestilk syns eg den vart veldig vakker.

 
Kransar er i det heile kjekt å lage. Desverre er levetida like kort som venskapen er stor. Det som kan hjelpe på er å leggje dei på eit fat med vatn i eller i ei bøtte med vatn om natta. Då strekkjer ein livet deira bittelitt lengre.

 

.... herleg sumar!


søndag 20. november 2011

Lukka...

Eg vart for ei tid tilbake den lukkelege eigaren av ein furukonglekrans som  LOVE PEACE PIONIES gav bort i sin Gi-bort. Har lenge hatt lyst å vise den men lysforholda her i Hakkadalen er svært kritikkverdige no på vinterstid. I dag lysna da litt opp, men før eg hadde fått minnekortet i kamera var verda småtte i ein sekk att. Derfor måtte eg ut...

 

Kransen er vakker uansett kor eg heng den og i kva miljø. Så tusen takk for den flotte gåva.

onsdag 16. mars 2011

Museskritt...

Her kjem ikkje våren med sjumilsstøvla, men han kjem, han kjem med museskritt. I dag har eg vore ute og leita etter teikn.




Ellers fundera eg på kva påskepynt "Førkveldinteriørarkitekten" skal få. Eg har vel aldri laga noko påskepynt å snakka om... prøvde meg på GG påskeegg...interessant.. om kanskje ikkje vakkert..

mandag 30. august 2010

Syrinhortensia..

fredag 12. mars 2010

Teknobabbel...

Eg innser mitt feilskjer. Start Trek sitt stammespråk er eit særs smalt interessområde ganske så langt fra interiørblogging ein kan kome. Eg gjer full retrett tilbake til hegemoni (?) og harmoni.

I mangel på inspirasjon i ausande regn har eg hent fram bileter av kransar som vart til i året som gjekk.





Og ynskjer dykk alle ei god helg før dei røskar ut internetten her ute i distriktet for helga....