Viser innlegg med etiketten NIB. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten NIB. Vis alle innlegg

søndag 8. mars 2015

Vakker fornyelse med LADY maling

 

for mars månad er det maling som er tema


denne kandidaten (før)  fekk nytt liv 
med eit par strøk maling


ein fargeklatt på den ellers så kvite
lemmen (loftet)

søndag 7. desember 2014

Pynte med planter


Eg har faktisk tenkt at vinnarbildet var posta for lenge sidan
utan å nevne navn kan eg no sei at det innheld sviblar, mose, ein gamal matboks og litt julegløgg..
men ein treng jo ikkje delta for å vinne
så eg kastar meg med i siste liten


og huset mitt er fullt av planter
som ellers i året
for meg vert det ikkje julestemning
utan blomer



det vert faktisk ingen stemning
utan blomer



og nokre gonger må borna sin julepynt også få vere med


og sidan det er andre sundag i advent
får ein vel ta med det også


..fortsett fin sundag!


lørdag 8. november 2014

Ferske fiken er eit godt høve


og eg må sei eg tykkjer det er kjekt med slikt
og kastar meg med kvar einaste gong eg får tid
denne gongen var det is som var tema
eller vart tema kanskje
temaet er vel eigentleg "bare tilsett en anledning"
noko som på nynorsk vert nokonlunde slik
"berre adder eit høve"


fø meg vart det heilt naturleg å laga fest
då eg fann ferske fiken på coopen som eg har nevnt på eit par hundre gonger før
dei er ikkje lette å finne desse fruktene
og etter å ha kverka 4 fikenplantar i drivhuset i sommar
og draumen om eigenproduksjon gjekk i dass
må eg stola på den lokale handlestanden


favoritten er ein fikendessert som eg då sjølvsagt planla tè EKTEmannen sin gebursdag på mandagen
men so måtte Kraftlaget stengje straumen akkurat i det eg skulle setje dei i ovnen
så dei vart spara den dagen i byte for tende sterinlys og fyr i ovnen


og høvet kom
og desserten vart laga


oppskrift har eg delt før


kaffien drakk eg medan fikenen var i ovnen og funderte felt øve om eg skulle flytta litt på prinsippa  og ta med Diplomisen som smelta i bakgrunnen av NIB-utfordringa


vanlegvis ville eg vel ikkje da
men desserten mangla vitterleg is då den kom ut av ovnen


og då eg fann is med vanilje frå sjølvaste Madagaskar gav eg meg endå øve
de må ikkje kalla meg fordomsfull og det som verre er
fø da e eg ikkje, men barndommen set sine spor


og når nokon seie Madagaskar te meg
tenkjer eg fyrst og fremst på strikkasokka, misjonsforeninga og kakebasara


og med slike gode tanka og
med is på toppen var høvet klart
meir fest i god mat skal du iallefall leita lenge etter


julepynten frå IKEA fekk pynta bordet


og er de godtesjuke og på jakt etter ein god anledning

søndag 12. oktober 2014

Ein dose farge


Soverommet vårt er ikkje det mest prioriterte rommet i huset
slik reint interiørmessig
trangt og litt kummerlig er det og


eit lite rom med skråtak
men funker greit nok te da da skal
soving og slikt
haustens fyrste tulipanbukett
fekk vere med i dag
hiv meg inn te NIB med dette innlegget
i lag med mange fine inspirerande soverom
eg e faktisk litt i øve
øve kor mange unike og flotte heimar so fins rundt omkring
og ikkje minst soverom..

søndag 10. august 2014

Heimekontoret


Heimekontoret mitt har ikkje endra seg mykje sidan desse bilda vart tekne
for ei tid tilbake
tenkte å ta litt nye til denne månadens utfordring hjå NIB
men det brotne handleddet protesterte vilt
så det vert med gammalt nytt denne gongen
kvitmala panel og interiør frå IKEA


Ingen lekker Mac her
berre ein dokka bærbar Asus med ekstra skjerm og tastatur
tegnebrett og ekstern disk
printer som ikkje virker....
masse ledninger som eg på ingen måte klarar å skjule
men så tenkjer eg som så
da e no ein del av teknologien
nett so monstermastene i Hardanger 
og så leve eg med det
Kontorplassen vår skal ut av den kvite romantiske stilen
og over i ein litt røffare 
når far min skiftar ut det gamle golvet på arkje
i huset på garden, eingong..
Kjem tid, kjem råd
og då skal de få sjå
:D

onsdag 2. juli 2014

Ein gong med personlegdom


NIB spør om personlegdommen min viser seg i gongen vår?
Svaret er ja om det er sider som kaotisk, slurvete,"innhald framfor form" og skylappar framfor augene som kjem fram.

Slik ser gongen vår vanligvis ut


Det handlar om plass
det handlar om bruk
og dårlege løysingar som eg ikkje kjem meg ut av

og pittelitt personlegdom i ein krok


so i dag tok eg meg tid og rom og laga min eigen gong
eller ein liten del av den
utan å stette andre sine behov enn mine eigne



 

Ein bit av ein gong
berre min
herleg!


då folk kom heim høyrde eg
ka i all verda har hendt her då?
og no i kveld


absolutt ingenting
no er alt som det var i går
og i fjor
og året før det igjen..
Så dette er svaret på juliutfordringa hjå NIB, altså båda ja og nei og nokre minuttars styling av litt personlegdom.
og skoa?
Ja dei har eg kjøpt kjempebillig på Brandos...
for no er det vel Hunter so telle..

mandag 5. mai 2014

Kanskje Norges lengste

 ..festlege bilderas


Men når ein brukar nokre timar på å vaske bord
og piske krem
og steike noko i ein ovn som er kaputt
og med tilhøyrande usensurerte ordras frå kokken


so tek ein no kanskje litt i overkant med bilder


når eg til og med var einaste gjest
på denne solrikevårfest
kjenner ein kanskje naud for å dela


og ja det vart som med høna og kornet
eg åt nesten heile baksten aleina


eg so treng da minst
åt klart mest


men sånn e da ofte med fest
lett å gløyme dagen derpå
fleire enn eg so fekk erfara det i går...


Egentlig er eg ikkje heilt glad i slik shabby chic som er meir shabby enn chic
slik bordet vart etter vask
men sidan det var siste høve å skina i sola
fekk det lov å stå


So med dette slenger eg meg på festlige tider



mai er klart ei festleg tid
med eller utan konfirmanta


lørdag 8. mars 2014

Bedbugs bite


Da e viktig å få takka NIB for dei fine utfordringane dei dreg i gong
ikkje er dei berre kjekke og inspirerande, dei er også veldig motiverande..
kvar månad får ein stakkar ein grunn te å ta eit og anna rom litt meir grundig enn vanleg
denne gongen fekk eg rydda soverommet
Eg har sett på alle dei fine bidraga som er komne inn
og fekk masse inspirasjon te å ta eit tak i mitt eige :D

 

Me har eit pikyrnandes lite soverom som det er veldig vanskeleg å ommøblere og også å ta bilder i
Da e i store trekk berre plass te senga og eit par nattbord
ei stund sov me med hovudenden inn under skråtaket på mi sida
då fekk eg verken sova eller pusta så det vart det heldigvis raskt slutt på


Sengegavlen e heimalaga, korleis kan de sjå her
Da va dei tide da va in å laga sengagavla tå både da eina og da hitt
Me har smartpanel på veggane, da e litt bale no i retrospektiv
Da va smart då me bygde, men no kunne eg tenkt meg tapet
Me får sjå, kjem tid kjem råd..