mandag 30. november 2009

Fred og ro...



søndag 29. november 2009

Forventning...



Etter ei flott julebordshelg ser eg at adventspyntinga må vente til i morgon. Eit lys og ei kule er dog på plass. No damer, er det kun fantasien som set grenser for all den julepyntinga som er mogeleg.....eg gler meg :)

fredag 27. november 2009

No er det strake vegen..

Snart er det fyrste sundag i advendt. Som vanleg er eg totalt uførebudd på alt som heiter jul. Eg klarar ikkje heilt forstå korleis mine gode intensjona kvart år kan smuldra opp til ingenting.




Eg er som vanleg for seint ute med det meste, og nesten bannar på at neste år skal eg gjere alt ansleis. Når desse trontalane mine kjem står eg gjerne i ein krans andre kvinner i same situasjon. Den einaste endringa neste år er at eit par nye i kretsen faktisk fekk alt på stell i god tid det året.

No er eg øve 40 og står snart at mutters aleine. Ikkje at det stoppar taleevna nevneverdig. For neste år, neste år skal eg vere klar allereie til Sankthans...bank i tre......


torsdag 26. november 2009

Mens me ventar på Godot

Mens eg tek det endelege oppgjeret med den vetle boda i enden av gangen...overlet eg til andre å halde på tanken om jula...


onsdag 25. november 2009

Avduking...

Trass dårleg med dagslys grunna uvær på Vestlandet tenkte eg skulle få avdukinga overstått.



Det er ikkje noko svær sak. Eg såg i eit eller anna blad at nokon hadde laga eit slags titteskap eller glogluggje av eit gamalt vindauga. Og når eg veit at løa heime er full i gamle vindauge tenkte eg at dette var lett arbeid for min fingerferdige far. Det viste det seg at det ikkje var desverre.



Grunnen til det var at han skulle gjere alt så veldig nøyaktig. Sjølv om eg klart gav uttrykk for at dette skulle sjå slite og gammalt ut, tok han seg tid til å levere kvaltietssnekkeri.



I tillegg mangla han hengsler sidan rammene til vindaugene var brunne opp for lenge sidan. So då måtte han lage seg hengsler...slik menn frå hans generasjon gjer det :)



Så då eg fekk skåpet, brukte eg ein del tid på å få det tilbake i gamal ubrukeleg stand og uttrykk. Eg er veldig nøgd og gler meg til å lage inspirasjons"utstillingar" i det, alt etter årstid. No er det sjølvsagt jul, men sidan de allereie veit kva stand boda mi er i var det umuleg å stille med julesaker til dagens fotoøkt.



Me får greie oss med ein amaryllis og nokre litt store julebokstavar frå den gode feen.

tirsdag 24. november 2009

Eg angrar....

at eg skrytte so felt. No vert fallhøgda so stor. No må eg venta i mange veke slik at da vert som eit kvasomhelst innlegg....når de har glømt da. Stakkars far, slikt eit forventningspress.....hehe..

Ein liten smakebit i kveld...og etterpå litt reality...



Korleis kan alt dette ha hatt plass i den vetle boda i enden av gangen????



Godt det er lenge til jul....

mandag 23. november 2009

Eg gler meg..

Eg har fått noko som eg er veldig stolt av. Far min har laga det og eg kan ikkje sjå meg mett på det. Men da e mørkt om kveldane so eg kan ikkje bloggifisera det enno. Eg må venta. Venta på dagslyset. Eg kan ikkje fordra å venta. Likavel mens eg venta får me sjå litt på Syrinhortensiaen eg redda frå hjorten i haust...

søndag 22. november 2009

Askese..

Soverommet har alltid vore sist på alle prioriteringslister. No kunne eg tenkt meg ut av aksesen. Rommet er so lite at det er ikkje rart det ein får plass til, og den så omtala lysekruna er i allefall ikkje aktuell :) Ein sengegavl kunne nok gjort vei i vellinga, men kor får ein tak i slikt? lagar ein det sjølv? De ser min hjelaplause putegavl....



Har vurdert å male golvet. Golvet er gran og held seg ganske lyst, men det er veldig mjukt og alt set merke...skulle ikkje forundre meg om eg kunne finne fotavtrykka våre om eg leita....
Kanskje kvitluta golv slik som Mali-mo her beskriv kunne vore ein veg å gå..

lørdag 21. november 2009

Enkelt...





i betydningen lettvindt...fort gjort å skifte utrykk og farger..

fredag 20. november 2009

Juledraumar..

Her er min juledraum for i år...henta fra Country Homes & Interiors 2007.

torsdag 19. november 2009

Når eg i undring anar....

I dag fekk eg BoligPluss i posten og har kosa meg felt med det etter middagen i dag. Der var det ei sak som er veldig i vinden i interiørverda .....og kvar gong eg ser det...undrar eg meg...


Det er uvanleg flott. Store lysekrune på soverommet. Estetisk uendeleg vakkert. Ofte dinglar 10 kiloskrune fritt mellom himmelen og senga...slik som det gjorde hos "Lene" i dagens BoligPluss...



Og eg kan ikkje la vere å undre meg over dette kvar gong. At dei vågar...tenk kva konsekvensar det kan få for både kvinner og menn, kanskje spesielt sistnevnte om opphenget skulle gå ut på dato eller vere gjort av ivrige amatørar....



Gubbevaremegvel....då har ein noko å blogge om...

tirsdag 17. november 2009

Fattigmann...

Fattigmannssylv... i dag for dei rike...:)

mandag 16. november 2009

Julekul(e)

I år er kulene store. Det er litt kult...



Men dei skal vist ikkje vere raude. Difor fekk eg med meg nokre frå butikken til mor mi...for i år kjenner eg at eg er litt...raud....


...og litt stor...for ikkje å snakke om kul...

søndag 15. november 2009

På jakt etter julestemning...

Eg er eigentleg heilt klar for jul. Det vil sei at eg faktisk sit og ventar litt på julestemning. Såg nokre hadde laga fine stilleben og kransar av lerkekongler som gav eit sødmefullt hint om jul... og gjekk optimistisk igong med ein krans.




No hadde desse greinene veldig lite kongler og eg såg snart at eg var nærare påska sitt evangelium enn jula sitt. Fort å gå ball i desse høgtidene...



...so i måro er det ny jakt...på julestemninga...:)

fredag 13. november 2009

Surrender....




...og det kjennes godt. God helg!