Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg

tirsdag 8. mars 2016

Stillstand


Det har vore stille på bloggen i det siste


Ikkje heilt utan grunn
influenso har kome i hus
og tek sin plass og si tid..


men bordet vårt vart no ferdig
og det er me veldig nøgde med


faktisk so nøgde at me skal i gang med heimalaga skrivepultar
på kontoravdelinga :)
på loftet


gamle plankar på nytt understell
bordet er breidt og godt
og med veldig mykje sjel

(de finn meg og på Instagram som @rammealvor)

lørdag 7. februar 2015

Laurdag


Laurdag er ein herleg dag

 

va berre da eg ville sei
egentleg

torsdag 15. januar 2015

Bakedag


ingenting er så kjekt som når ungane bakar


og foreldra kan ete


sjølv om dei strengt tatt ikkje burde
:D



torsdag 11. september 2014

Fargelaust


Tenkte eg skulle prøve meg på eit slikt fargelaust og nedtona interiørbilde
og oppdaga at kaos og fargesterkt kjøkkenrot
fall fint inn i fargetonane
og alt verka meir velorgansiert
og ikkje minst fredfullt..
..og då kan de berre tenkja deko te korleis det eigentleg ser ut...

mandag 12. mai 2014

Stille


Det ser kanskje stille ut
men me driv og ordnar med eit vaskerom
huset er kaos
og stille er det i allefall ikkje..



mandag 17. mars 2014

Ein dag til


 

med bilder frå kjøkkenet
sopass nøgd er eg

søndag 16. mars 2014

Gamalt nytt

 

Eg var so heldig at eg arva da flotta, gamla eikespisebordet etter besteforeldra mine
Bestefar min vann det på eit lotteri, saman med 6 stola, ein skjenk og ein anretning, tidleg på 40-talet
Alt er nok laga på ein lokal møbelfabrikk og var sikkert ganske fornemt i si tid


Mor mi har vakse opp med det bordet og det same har eg kvar gong eg vitja besteforeldra mine 
Mange kjekke måltid har me hatt rundt det i åra som no ligg bak oss
Men som med det meste, storheitstider vert til nedgangstider og lenge har bordet
ste og venta på at tidene skulle snu atter ein gong
og med ein veldig tvilande familie som publikum tok eg utfordringa

 

Ikkje so mykje som skulle gjerast eigentleg
bordplata i eik skulle pussast, eg ville fjerne restane av den orginale svarte beisen
og pusse lett over beina. 
Som de ser av alle dei gamle bileta, var det alltid duk på bordet slik det vel helst var i gamle dagar. 
Ein av grunnen kan no og vere at innleggsplatene er laga i furu og opprinnleg ubehandla.
Eg pussa ned alt og beisa det i same farge og mala beina med svart høgglansmaling


Og strengt att så var det alt. 
Eg synes bordet er veldig vakkert og resten av familien likar det og 
sjølv om det er litt mindre komfortabelt enn det vi hadde før
Og det er ikkje te å stikka onna ein stol
at eit bord med ei historia er klart å foretrekka
spesielt når det er mi eiga..


og i morges fortsette historia..

søndag 16. februar 2014

litt om å surna té...


I øve eit år har eg hatt ein slik gründeridé
ein slik idé som skulle gjere meg både søkkrik og uavhengig
dar verda var min østers og kun horisonten var grensa

 

da byrja i Italia sjølvsagt, i fjor, då eg såg slike flotte skjærebrett(fjøler) laga av oliventre
som eg så gjerne ville ta med meg heim så mykje eg berre kunne bera
men redsla for overvekt på flyet gjorde at eg let dei alle liggje att
og tenkte med sjølve meg, som eg ofte gjer
at eg kunne no laga slike sjølv
for her heime har me ikkje oliventre, men me har bjørk
og bjørk kan me surna
og surna bjørk
liknar mykje på oliventre


ein kan surne bjørk slik reint metodisk på bakrommet som mange trearbeidarar gjer
men sidan eg er ein slik gjenbrukar så gjekk eg for sjølvsurna bjørk
når bjørka velta i skogen grunna ras, vind eller andre katastrofer 
og vert liggjande ute i allslags ver med borken på
vil den mest sannsynleg surne sjølv
og lukka var at nett bakom huset vårt låg det eit slik emne 
so eg mota meg opp med sag og det heile og sette i gong
medan eg såg fø meg den frydefulle framtida
der eg sat på kaien i strålande sol og selde heimalaga skjerefjøler av sjølvsurna bjørk til kjøpesterke turistar
realiserte meg sjølv til fulle, med eiga merkevare
eg hadde sagt opp jobb og satsa på draumen som så mange bloggdamer før meg
jau jammen gjekk saga varm dar eg fantaserte i veg

 

rimeleg kom dei ikkje te å verta
fø berre å saga ut eitt emne tok meg øve ein time
og til slik konsuletpris vart jo det nærare to tusen pr skjerefjøl..

Midt i all saginga slo det meg at eg hadde sett heller lite skjerefjøler i surna bjørk 
og kanskje...kanskje var det ein grunn te det?
Etter litt googling fall draumen min til jorda som ein lort
Surna bjørk surnast med kvitråtesoppar
og sjølv om dei går i dvale når treet turkar
og ein kan forsegle med voks og olje
så eignar det seg lite te skjerebrett og anna kjørler
i allefall fø å vera på den sikra sio

 

ja ka ska ein sei...
anna enn at nett so lenge var Adam i paradiset
eg får bruka dei forsiktig her heime te fest
og drøyma nye drauma 
stora og hetliga om liv mitt

lørdag 8. februar 2014

Ein heilt vanleg laurdag


eg let hus vere hus
litt usikker kva ho meinte om det, ho pus..
eg valde å halde meg ute i nesten vårleg natur


jobbar med eit nytteprosjekt
sag og det heile..


lørdag 1. februar 2014

Laurdag


torsdag 23. januar 2014

Suppehue


Berre litt gjennbruk av bilder i dag


onsdag 8. januar 2014

Blanke ark og fanteri på kjøkkenet


Eg skal vere ærleg
er ikkje heilt nøgd med kjøkkenet mitt for øyeblikket
har store planar
planar som kostar flesk...
derfor er dei enno berre det..
planar....


I tillegg slit eg litt med
å få Ektemannen med på
alle planane...


so i dag gjorde eg so ho Ingrid Espelid
eg fuska litt
eg slepte bort kjøkkenbordet og erstatta det med eit mykje mindre bord
for å leike meg med stor/liten kontrasten
stor lampe, stor vase....lite bord
forstår?
Så laga eg eltefritt brød, ja for å få stemninga du veit
likna meir på ei stor kjøttkake kanskje
men de får teikninga?


...fyrste sonen ropa då han kom att frå skulen..
Ka har du gjort med bordet??!!
So no er alt som før
planane og..