Viser innlegg med etiketten Stue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stue. Vis alle innlegg

søndag 4. juni 2017

Summertime..



Herlege sommardagar har kome so perler på ei snor
nokre dagar med regn innimellom
men ikkje meir enn det både vi og naturen treng
te liv og arbeid
håpar de har ei god helg!





mandag 29. september 2014

Reprise



mandag 26. september 2011

Straumutkobling...

Godt med ein halv times straumutkobling. Meldinga frå det lokale kraftlaget vart teken godt i mot. Me fekk senka farten og tenna i lys.

 
 

Då var det ikkje berre straumen som vart kobla ut....

lørdag 24. september 2011

Laurdag

Laurdagar skal eg gjere tusen ting....



Laurdagar gjer eg omtrent ingen ting...

God helg!

onsdag 21. september 2011

Dyr og natur i interiøret..



..hjå oss, også kalt Labben...

tirsdag 20. september 2011

Less is less...





No er det lite fargar å finne i hagen. I helga fann eg berre denne sesongforvirra riddersporen der han stod og fraus i vinden. Og sjølvsagt fekk han komme inn....

torsdag 7. juli 2011

Litt tå ditt og datt..




Eg har pussa ned kjøkkenbordet og beisa det mørkt i staden for å mala det kvitt. Da va fint, bortsett frå at det ikkje passa til resten av kjøkkenet. So da e berre å tre på seg kjeledressen att og pussa vidare. Denne gongen skal eg kvitolja det, kanskje det vert betre. Golvet vårt er kvitolja og det likar eg veldig godt. Ellers står fleire malingspann til 2 etg. klar i gongen og ventar på dårleg vèr...

mandag 4. juli 2011

Stova by night..



Kom aldri lenger....

mandag 27. juni 2011

Litt sånn på halv åtta..



Eg las at nåken hadde lært at me godt kunne by litt meir på oss sjølv sånn reint interiørkaosvis. Og ja, sidan ute er det nye inne, so er inne heilt ut...



... hjå meg.

onsdag 22. juni 2011

..tè støls..



mandag 8. november 2010

Duk, dekk deg ut...

Då eg ein dag hadde dekka til middag etter alle kunstens reglar, fekk eg ein tørr kommentar frå ein tå hedersgjestane.. "du har vel tatt bilde av bordet, reknar eg med.." Sjølvsagt hadde eg det, men kjende at det var litt tungt å innrømme akkurat det.... der og då......





....men som de ser, eg kom øve da.... ;)

onsdag 3. november 2010

Stand by your......

Det var etter at eg hadde teke nokre bileter av stova vår at det gjekk opp for meg at den var ganske gamalmodig. Ikkje ung og sprelsk eller lun og romantisk.



Den var berre traust og litt kjedeleg. Fyrst tenkte eg at den berre fotograferte dårleg, at den ikkje var fotogen for å seie det slik. (Slik det er med meg :) Men då eg redigerte bileta innsåg eg at det kanskje var litt meir enn det. Kanskje er det det at den har vore slik så lenge. Eg veit eg likar dårleg ommøblering og rot i systemet. Eg er ikkje fleskibel interiørmessig for å sei det slik. Og no gjekk eg på ein smell.



Eg trur et ei slik tvil over eigen smak fort kan oppstå etter eit par timar rundt omkring på både vakre og stilfulle bloggar, der det eine flotte interiøret avløyser det andre. Til slutt er det som om alle dei andre har hus som er lik summen av alt det flotte ein har sett..og så vert det så skrekkeleg kjedeleg heime.



Så konklusjonen min i dag vert slik, stand by your stova og bruke resten av veka på å fundera på om det er noko lite investeringstungt som kan gjerast for å få litt forandring frå kvardagen....

mandag 25. oktober 2010

Haust i stova




De må årsake rotet, eg ser putar på halv åtte, romma vart ikkje klargjorte for bloggifisering, eg vart berre so begeistra for lyset at eg klarte ikkje halde meg :)

onsdag 22. september 2010

Håpet er lysegrønt II

I dag var det skrekkeleg skummelt å oppdage at det skumra klokka 17.00. Ikkje lenge til sola snur no, prøvde ein kollega å trøyste meg med....


Og ja ein kan velje å sjå det slik. Om 12 - 14 veker eller noko slikt går det atter mot vår!

søndag 25. april 2010

Og så gjorde eg det...

Då NIB for ei kort tid tilbake reklamerte for ein nye serie hjå IKEA vart eg forelska. Det var stolen Kivik. For ein tur til bydn og prøvesat den. Herleg! Så måtte kadlen avgårde for the real deal. No står han ny og kvit i stova. Kvar gong eg går forbi kjenner eg på ei sterk dragning til å setje meg ned i den. Angrar ikkje eit sekund på kjøpet. Og utan NIB hadde me aldri funne kvarandre.




Må få addere noko litt sjarmerande. Kadl'n vart også sendt i blomsterbutikk for å handle peonar til eit lite prosjekt eg arbeider med. På telefon kunne han beretta at dei hadde fire fargar; raud, lys rosa, mørk rosa og kvit. Sidan dette var snakk om ei heller stor investering ba eg om ein bukett lys rosa og ein mørk rosa. Helten kom heim med ein bukett lakseraud og ein svært skarp rosa. Eg kan på ingen måte legge skulda på mannen, han gjorde sitt beste da veit eg, men at dama i blomebutikken let han fare heim med slik ein bukett, er for meg ei gåte....