Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg

mandag 8. januar 2024

No står ikke verda te påske...

og da verste e vel kanskje at da kan fort verta ein realitet. Men da e ei anna historie. I fyrste omgang tenkte eg på min retur til bloggen etter 4 år i stilla...


Allereie i 20 var blogging eit døande foretak, Instagram hadde kome og teke over alt. Det er der det skjer, i allefall for dei eldste av oss. Dei som ikke heilt har funne forma i TikTok og Snap ol. 

Men eg saknar bloggen litt. Der ein kan uttrykke seg litt lengre. I fulle setningar utan hashtags eller skigarder som det heiter på nynorsk. 

Og så vann Fosse ein fin pris. Nobels sin pris. Og han skriv på finaste nynorsk. Eg kjende på lysta til å skrive litt sjølv. No når alle er i Meta-universet så vert det nok også for meg sjølv. Og da e heilt fint. Å rope i skogen...

Eg har halde fram med å haga, no-digg og alt det der med varierande hell...


Hagen er nok ein grunn til at eg tenkjer på bloggen igjen. Kjekt å dele sigrar og nederlag, eksperiment og resultat. Hagevenna er det alltid kjekt å treffe på her på internettet.


Så er du her og les, lat gjerne høyre fra deg. I mellomtida ropar eg berre litt i skogen....

torsdag 3. august 2017

Absolutt ein fin dag



Da va absolutt ein fin dag


det starta med sol og greier...


sommarkjensla spredde seg fort


men kor lenge var vel Adam i paradis?
I allefall om om paradis låg her på vestlandet...

tirsdag 1. august 2017

Ein herleg sommar


Det har vore litt stille her i sommar
me har hatt det storveges både i og utanfor dalen
litt mykje regn
men ein får berre kle seg
så går det helst bra
som valmuen over....

onsdag 7. juni 2017

naken kvinna...

 

Rododendron har aldri vore min favoritt
den e liksom litt sånn "gamal tante" blome
litt sånn latskapsblome, so klara seg sjølv..
Bergen fløymer over med rododendron
fordi rododenron elska sur jord
og i Bergen er all jord sur
fordi da rigna surt heile året


her rigna da meir surt enn i Bergen
skulle ikkje tru det var mogeleg
men da e da...
derfor elska rododendron hagen min
syrin som eigentleg er min favoritt
døyr
men rododendron blømer sjølv langt nedi skogen der eg planta nokre
og no er eg som den nakne kvinna som nauden lærte spinna
eg har rododendron som ein slags favoritt
i allefall litt...


søndag 4. juni 2017

Summertime..



Herlege sommardagar har kome so perler på ei snor
nokre dagar med regn innimellom
men ikkje meir enn det både vi og naturen treng
te liv og arbeid
håpar de har ei god helg!





torsdag 25. mai 2017

Que Sera, Sera...



Då va mai på hell og sommaren er på full veg inn i liva våre
eg tenkjer eg må stoppe opp litt
og nyte
slik at dagane ikkje berre fer
i jakten på noko eg ikkje heilt kva er
det som gjer at eg alltid har det så travelt
så mange arbeidsmål å oppnå


det vert aldri noko handfast av det
berre det at eg har det travelt
og at dagane fer
kanskje juni i tida
til å sitje litt stille
og berre kjenne
seg i live?


torsdag 25. august 2016

Før regnet..


måtte berre leggje ut nokre solfylte bilder


sidan regnet seig tungt over Vestlandet att i dag


nett so ein kan hugse på
at det også kjem
sol
etter regn..



søndag 10. juli 2016

Litt lei?


Eg veit eg burde teke litt meir bilder
tå den flotte sundagsfrukosten
tå den fina eplekako
vetlo bakte
tå lys og vin
tå liv
tå livsstil
da e dag folk lika å sjå
eg veit da
men eg orka liksom ikkje
dokumentera alt
eg har nok med å leva
da
nett no..

God ny veke til dykk alle!

onsdag 15. juni 2016

Livet i dalen


for ein sommar me har hatt så langt
sol kvar einaste dag
varme og lyse netter


det er nesten magisk
og sjølv om ein reiser bort ein tur
er heime best


i allefall for meg
:)

mandag 25. januar 2016

Sol og sol, Fru Blom


  vakkert men dog so kaldt

 

Her varmar sola meir enn ho blenkjer
og slik sett er det vel best
om me gjorde da òg
:D



søndag 30. august 2015

Når dagane flyg


Sånn går da når dagane flyg
ein fin august er snart over
3 veker med regn og ei med sol
eg hugsar berre sola
her nokre glimt

onsdag 19. august 2015

Augustvarme





Litt stilt herifrå
ikkje grunna inaktivetet
men da e so fint ver
og så mykje kjekt å gjera
at eg nesten må gjera da...

tirsdag 28. juli 2015

Sommartid er stølatid


Noko av det besta eg veit om sommaren
i tillegg til Italia og sånn


er stølstura med slekt og venna


i Hakkadalen er det støla på kvar ein gard
so utvalet er stort 


om ein vil ha lange turar eller korte
strevsomme eller lettare
tidleg sol eller sein sol


mange kan du stikka opp til etter jobb


 putt regnklede (! me bur på Vestlandet)
og litt grillmat i sekken


og det vert middag ute i dag


som sagt
støla e nåke tå da finaste eg veit...