Viser innlegg med etiketten Loft. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Loft. Vis alle innlegg

tirsdag 7. oktober 2014

Grøn

  

Grøn vart det på soveromsinteriøret då eg skulle setje farge på tilværesen
Sakte men sikkert har eg elimenert fargar og kaos
no skulle dei tilbake att


ja kanskje ikkje rart med eit par putar og ein plante
skjønt ikkje heilt fargelaust heller
hjelpe godt på med ein katt der og..



lørdag 4. januar 2014

Milde himmel?


fredag 18. januar 2013

TV-stova


NIB utfordrar oss på TV-sona i heimen. Her foregår all TV-sjåing i 2 etg.

 

Mannen vil ha nyare og større TV, sjølvsagt, men la oss vera ærlege, dette rommet kler ikkje noko større TV er eg redd. Ikkje det, for få år sidan var denne TV-en enorm....men so e no eg ofseleg gamal og, syns da ikkje è lenge sidan eg hadde svart/kvitt-tv som måtte varmast opp ein halv time før bildet slutta å rulla..


og eg har tid å blogge i veg..for no legg ungane beslag på herligheita...

fredag 2. november 2012

Fredag


God helg!

tirsdag 30. oktober 2012

..lettast å rydda...

 

Loftstova er ganske kjapp å få på stell, derfor vert det den de får sjå i dag...



....planlegg nytt arbeidsbord til heimekontora...må berre ut på nett og inspirere meg litt fyrst, treng durabeleg med pågangsmot kjenner eg :D

torsdag 12. juli 2012

..noko må gjerast..

I fjor malte eg loftstova med golv og tak og heile sulamitten. Arbeidsplassen til meg og mannen der oppe vart laga slik midlertidig. Einaste plassen i huset me har plass til arbeidsplass er bortunder skråtaket...på andre sida av tv-stova.


Problemet er at når ein treng to skjermar så vert det for liten plass når ein sit slik ut i rommet. I år er målet å lage eit arbeidsbord på langs av skråtaket. Utfordringa er at det må vere veldig breitt sidan dataskjermar stikk ein 30 - 40 cm opp. Planenen er å bruke plank og bukkane me allereie har frå IKEA.


..men plan er ein ting og at ting ikkje gjer seg sjølv er i allefall sant....

fredag 8. juni 2012

...jul i juni...

eller ei stjerne er født...



..sånn kan det gå...når ein har anna å tenkje på...

tirsdag 8. mai 2012

Herleg harry...

  

onsdag 2. mai 2012

....eit pallebord...

Litt re-blogging frå gamlebloggen... Pallebord er jo verkeleg innovativt for tida. Nytt, ubrukt og spanande. Not :) Likavel var det akkurat det eg hadde bruk for i loftstova.

Ikkje for høgt så ting og tang sperra utsikten til fjernsyn og spel. På hjul slik at eg kan støvsuge og vaske popcorn blant anna :) Fyrst fann eg ein vanleg europalle og sette hjul på. Den fekk jubel i heimen. Til og med min far, bonden, tykte den vart flott. Men for å få den praktisk måtte ei glasplate på toppen til. Det kosta rundt 2 tusen. Då vart det billege pallebordet plutseleg dyrt...

 

Då fann me nåke plank i løo has far. Det var gamal kledning frå heimahuset. Hogga og saga lokalt i dalen på 30-talet. Då vart det plutseleg litt historie med på lasset og det seier eg jo ikkje nei takk til. Tok borda med heim og byrja å pussa vekk den gule malinga. Det eg ikkje hadde skjønt var at desse kledningsborda var mala i dei daga maling var maling og husa var skotsikre etter kun eitt strøk. Malinga let seg ikkje rikka.

 

Surt skal surt fordriva så eg malte eg og. Eit strøk golvmaling og til noko betre kjem rekandes vert det nok slik det vert. Sjølv om alle dei andre likte pallen betre :)



 Tenkte å beise understellet svart og lage botn til blad og fjernkontrollar. Til helga kanskje...

tirsdag 18. oktober 2011

Dei som oppfann hjulet..

  

torsdag 13. oktober 2011

...endeleg litt sol...

 
 

onsdag 5. oktober 2011

Keiserens nye klær....

NIB si utfording denne gongen dreiar seg om tapet. Og ja, eg likar faktisk ikkje tapet so veldig godt. Eg syns det er veldig flott hjå andre og på bilde. Men når eg sjølv får slikt øve større overflater, merkar eg etter ei stund  tendens til høge kneløft og surrete tale. Noko kan sporast tilbake til ein voldsom tapetinspirert barndom på 70-talet. Men som den moteslaven og hermelusa eg er, for eg avgårde og kjøpte eg meg ei stripa...

 

No må eg vere den fyrste til å innrømma at resultatet vart litt puslete. Da reiv liksom ikkje i retina sidan eg gjekk for ein mjuk og litt diffus skog. Men heilt ærleg so bur eg midt i ein, skog altso og burde vel strengt tatt heller gje for noko meir urbant. Eit blinkskot frå Red Light District kanskje?

 


Som de sikkert forstår er stripa ikkje vorten limt fast, litt lærargugge som ungane kallar veggkittet held herlegheita oppe. So kan me ta ho ned når me vil og flytte den til meir egna lokasjonar om me skulle ynskje det. Tanken var i allefall god og då er vel allting godt?

 

fredag 16. september 2011

Godt å verte ferdig...

I sommar gjekk det mykje tid med til å male lemmen.



No er me glade me gjorde det. Dette er stova me brukar aller mest og no er ho mest av alt, lett å halde rein. Har berre to soverom att så har heile 2 et. fått sin renessanse.

God helg!! og de som bur her i vest, ut og nyt det fine veret, det kjem kanskje aldri att :)

søndag 11. september 2011

Put a wheel on it...

Ja som ho sa ho hi, eg likte den og sette nokre ringar på, eller hjul som det heiter på norsk.

 
 

Då eg kom på arbeid på fredag, låg denne dynamittkassen og vansmekta på ein haug for brennbart materiale. På få sekunda var den plassert bak i bilen vår. I dag fekk den hjul og rulla på.

 
 

Dynamitt, eller?