fredag 31. mai 2013

Sommarlengt

 
 
 

..ein fredag i regn..
God helg!

torsdag 30. mai 2013

Å sjå graset gro



..er vel eigentleg eit uttrykk for noko langsamt og heller kjedeleg. Men her spirer dei nysådde plenane og eg finn stor gleda i å ta ein kopp kaffi og skua utøve mitt atter grønkande kongerike.....


Kattematmors bekymring

 
Kattane veks te, og da e kjekt da. Men so va da å sikre framtida deira. Og sjølv om ein gjerne gjev dei vekk te alle som spør so vil ein jo og sikre seg at dei får gode liv der dei havnar....
For ein famile som eigentleg ikkje skulle ha kattar grunna allergi, så er 6 vel i drøyaste laget. 
Knappen kom rekandes på ei fjøl i fjor i mai og lite tenkte vel me at me skulle havne so til dei grader i ulukka :D
Her representert med Mudo og Kickass.


tirsdag 28. mai 2013

Tusen takk


I desse nedgangstider for blogging og bloggkommentering har eg nokre fantastisk kjekke lesarar som held ut med meg om eg enn ikkje har noko veti å komma med, ei heller rekk rundt og får kommentert tilbake. 
Alt dette vil verte betre ein dag...:D 
Men i mellomtida vil eg berre takka so veldig mykje til dykk trufaste lesarar og kommentatorar. 
De e so greie!!!!

mandag 27. mai 2013

Kattemor og musa


Her hin dagen forvilla ei mus seg inn i stova via verandadøra. 
Ho vart ikkje gamal då kattemora var over henne på eit sekund. 
Eg heiv kattemora ut med musa i munnen og håpte at ho kjapt ville gjere det av med henne. 
Den gong ei. 
Ho held musa i livet og masa om at me måtte sleppe henne inn til kattungane. 
Dette held på i minst eit kvarter. 
Kattemora gjekk frå dør til dør og ville inn, og musa sprella hjelpelaust i gapet på henne. 
For å gjere musepina kort slapp eg kattemor inn og let ho kverka musa på sofateppet. 
Fint la ho musa framfor ungane sine og ba dei bita innpå.
Kattungane vyrdes ikkje musa eingong eit blikk, 
dei valsa over den daude kroppen og skreik på mor si etter mjelk.
Nett so med oss, ungane og ferdigpizzaen...

Vegen


Nokre gongen kan vegen verke uendeleg lang før ein kjem fram til målet. Då er det ein stor fordel at det er vakkert undervegs... :D


søndag 26. mai 2013

Å Vestland, Vestland


I dag var me på jakt etter nye staudar til bedda våre. 
Turen gjekk til vakre Hardanger og Ljono Staudegartneri.


Utruleg kor vakkert det var i dag. Dei to øverste bilda er frå Straume i Vaksdal kommune og frå Voss. 
Dei siste er frå Ljono i Ulvik.
 Me fekk oss mange spanande og flotte staudar, det var det berre lommeboka som sette rammer :D 

lørdag 25. mai 2013

Laurdag

   
     

I dag har me vore i hagen og prøvd å redda ein daud plen. Isbrann har øydelagt alt gras i hagen. Nesten alle staudane er også borte. Litt bobler i glaset hjelper på motlausa. Ein månad fram og sommaren vert fargerik og grøn i år og.

fredag 24. mai 2013

Silkemjukt


Dagane går .....
og eg les at om eg søv på silke so vert eg slik....
silkemjuk eg og..


Og eg tenkje at om nåke e for godt te å vera sant, so e da som oftast da...
..men ein veit jo aldri...
..so no har eg kjøpt meg silke og sateng...
..kan vera  eg faktisk har arva ein prins i Nigeria og..

NB! Bildene er frå i fjor, i år er alt brunt enno

torsdag 23. mai 2013

Strutsefakte..

  

Kvar gong eg går litt sakte rundt i huset, ser eg alt eg kunne tenkt meg å gjere noko med og det eg burde gjere noko med. Planar skortar det ikkje på. Men når det kjem til utførselen so svimlar eg berre etter ein enkel golvvask. Kor i all verda skal eg orka å mala og ominreia fleire rom?
So eg held meg for det meste der eg har ingen oppussingsplana..
..i hagen..
og har bytt ut interiørmagasina
med Wordfued...




onsdag 22. mai 2013

R I P Labben






No er me sikre, han er borte for alltid. Sidan de blogglesarar har vore med på Labben sitt korte men nokså herlege og frie liv får de eit siste glimt av han her i dag. Han forsvann for snart 2 månadar sidan, før vinteren let plass for våren. Forhåpentleg vis fekk han ein heroisk død i møte med naturen. Han var ein kanin med personlegdom og er sakna av alle.. løye då eg eigentleg ikkje lika tanken på å få ein kanin, men gav etter for ungamaset. Han vart min følgesvenn, då ungane si interessa dabba av..slik det nok ofte vert med kjæledyr i mange heimar...


tirsdag 21. mai 2013

God tirsdag




mandag 20. mai 2013

Sola


 

For ei helg! For eit ver!


Vinteren har fare illa med hagen vår. Til og med plenen har daua. Ei full trillebår med daude roser og tomme bedd der ingen staudar har overlevd har gjort meg litt motlaus i dag. Men sidan veret har vore so flott, so får ein no heller tåle litt motgong på hagefronten. Ikkje mykje som sler S O L.
God ny veke!

søndag 19. mai 2013

Hakkadalen i mai


lørdag 18. mai 2013

Ein dag i mai