tirsdag 30. april 2013

Internetten...



I da sista har da no verken vore kvantitet eller kvalitet på bloggen her. 
Eg oppdaga at internetten hadde fanga meg og at eg bruka altfor mykje tid hekta opp te syberspace. 
Og so må eg jo læra meg akvarellmaling... 
og so øve eg meg på touchmetoden...
og so e da drivhuset
og ungane
og huset
og jobben
og 17.mai-kommitèen
og kjennsfolk..
og mannen stakkars heilt te slutt..
So me bloggast
plutseleg 
ein dag

lørdag 27. april 2013

Soldagen


Det har vore litt stille frå drivhuset i det siste.



Eg veit ikkje kva som var verst, luseplaga eller kjerringråda. Til saman klarte dei i allefall å ta knekken på mykje av det nysådde i drivhuset. Fyrst etter at eg fekk fingrane på dei skumle kjemikaliene kom det seg.


So der rauk den illusjonen... :D



torsdag 25. april 2013

La humla suse...


I dag vart eg utfordra av Bente frå Bentes Quiltehage på å lage eit blogginnlegg til humlas pris.

Bryr du deg om humla? Har du lyst til å spre oppmerksomhet om den?

Dersom du har en blogg oppfordrer jeg deg til å lage en post om humlen, du har en unik mulighet til å påvirke! Innholdet i bloggposten er opp til deg, men få med en setning om at humlen er en trivelig fyr som er truet. Kanskje du har fin humleopplevelse å fortelle? Bilde av deg selv i humlekostyme? En humletegning, humlepyntepute eller humleskulptur? Eller kanskje du har lyst til å skrive humlefakta, om situasjonen med importhumlene, legge ut humlebilder eller dele videoen jeg har liggende nedenfor?


No har eg lagt vekk humlekostymet for eit par tiår sidan, og strengt tatt har eg eit lettare anstrengt forhold til dama sidan eg var så uheldig å setje meg på ei, ein vakker vårdag tidleg på 70-talet.
I tillegg so har dei ein lei tendens til å finne dei fyrste vårblomane i hagen, krokusen, halde fest som de ser på bilda her, drikke seg fulle på nektar, rave rundt og neste dag har alle krokusane mine visna ned...


Men eg er ikkje dummare enn at eg veit, hagetrea mine bar ikkje frukt i fjor for homlene kom aldri. 

For som Moseplassen skriv:
Bestanden av humler er i sterk nedgang. Det betyr at det blir færre og færre av de generelt, og at enkelte humlearter er i ferd med å bli helt utryddet. Humlen er en utrolig viktig pollinator og uten den vil vi få dramatisk mindre frø, frukt og grønnsaker.

So slå eit slag for humla, og ikkje til som kanskje av og til kan vere freistande, i allefall når du står i fare for å setje deg på henne, så norske hagar og gardar kan bløme gje flott hausting.

Kva med eit bihotell i hagen? (Kanskje for dei tøffaste :D)




Eit siste bilde av alpehumla mi der ho vinglar seg heim etter krokusfesten...
La oss sjå ho vel heim!

onsdag 24. april 2013

Du veit du er gamal..


..når du finn ut at du må læra deg "aquarell-maling". Når jentungen sit med laptoppen sin i fanget og held på med ei test som skal kunne avgjer kva is ho er(?) medan du sit med din i fanget og ser på akvarellmalingsvideoar på You tube.
Eg trur det starta då kattenungen fekk kattunga.
Ungane byrja kalla meg... oldemor
..haha..mamma eg er vorten bestemor og du er vorten oldemor...ler jentungen..
Neste eg veit er at eg vaknar opp og kjenner ei voldsom dragning til vannfargemaling
da va nåke eg aldri har fått te før
Eg var faktisk overraskande dårleg til det
Kanskje difor
kan liksom ikkje ga i grava med so stort eit potensiale ubrukt
og før i tida hadde me ikkje You tube heller...



mandag 22. april 2013

Knappen


I dag vart Knappen mor til 5 usedvanleg godt utsjåande kattungar...om eg heilt upartisk må sei so...

 

Kattungane må nok vernast mot rampelyset enno ei tid, så her er Knappen for eit år sidan...


søndag 21. april 2013

Aprilmotivasjon...






Ein fiende i hagen..


Har bloggsurfa på fine vårbloggar med nydeleg krokus og andre vårblomar som tittar fram. Her er det berre ein plante som har starta våren, det er trønska eller Krypsoleie. Den har snart lagt under seg heile mitt kongerike og tek eg den ikkje no klarar eg ikkje hamle opp med den seinare i sommar. Berre sjå på dei røtene over her.


Ute er det goldt og lite liv enno sjølv om mesteparten av snjoen er borte. Eg kryp innandørs med vårdraumane. Der blømer det villeg.


lørdag 20. april 2013

Helgefrukost


fredag 19. april 2013

Lusa på gangen...


...eller "The bug in the hall" som nokre og seie..
Eg har fått lus i drivhuset!
Store grøne fyst, so vert dei gråe og får vengjer.
Fekk dei med ein blome frå ein blomebutikk.
Tåssje.
Har prøvd å fikse det miljøvennlig
mens blomane bukka unna
so miljøvennlig som salmiakk og zalo kan vera
No kjem far med storasleggjo på laurdag
me får sjå om da hjelpe
ellers får me ty te Nord-Korea sine arsenal..
tenkje eg...
God fredag!


torsdag 18. april 2013

Komodemani


Som dei fleste sikkert har fått med seg så har eg eit alvorleg tilfelle av komodemani. 
Her er min favoritt, ein kommode far min laga då han gjekk på skulen.

onsdag 17. april 2013

#bruktduellen

NIB reklamerar for ei utfordring som finn.no har sett i gong, nemleg #bruktduellen.
Tånken er god, ein skal ikkje kjøpa noko nytt på 50 dagar. No er ikkje 50 daga all verdas lang tid, eg kan jo nesten halde pusten like lenge...men igjen, tånken er god. 
Utfordringa stoppar deg ikkje frå å handle brukt så det er nok ingen løyndom at den godeste Finn skal kunne tjene ein slant eller to på dette. Sjølv om konseptet til gubben oppfordrar til gjenbruk og bør prisast for det, så er han jo og i aller høgste grad ein kommersiell aktør som meiner bissniss.
Nok om da.
Eg er for gjennbruk og redesign og dafø tenkte eg å nytta høvet til å reblogga nokre av prosjekta eg hadde på den gamle bloggen slik at eg får dei i nyearkivet. 
Fø deko trofaste, eller de som har minne som ein elefant, de treng kanskje ikkje lesa vidare, men fø deko andre....her er noko eg gjorde i 2008.

Dei fleste kjenner til desse framskåpa...eller kva ein skal kalle dei. Vakre i si tid, men også flotte utgangspunkt for litt remodelering. Her er det eg og vetlaprinsesso gjorde med skåpet vårt i 2008.

For at resultatet skulle kunne skryta på seg å vera gjenbruk og velbrukt so fekk me restamaling frå nokon som nett hadde bygd hus og mala to jenterom. Dei hadde nokre slanta i botn tå nåken spann som me grådig tok i mot.
Stoffet på innsida av dørene er eit gammalt skjørt nokon har hive i fillekassen til mor mi (ho vede filleryer av slikt før i tida)
Skuffene fekk småinndeling til nips og naps
I eine sida tok me ut hyllene og laga oppheng for kjolar og stas.

I dag, 5 år etter..står skåpet i ein krok i gangen fullasta med treningsutstyr og gamle bøker...
Småprinsesso er vorten større og vurdere å ta skåpet innatt i varmen, te sminkesaker og slikt...
...me får sjå...eller får skåpet kanskje gjennomgå ein ny makeover og finne seg ein ny beskjeden plass i tilværet...
..slik som me andre som heller ikkje våga lukka på Finn...

tirsdag 16. april 2013

Kvantitet


Té og med ein garva bloggar kan turka ut ein gong i blandt. Da løgna for meg denne gongen, é at uttrukinga fall parallelt med store nedbørsmengder her på Vestlandet (!). 
Eg har te tider lese bloggara skrive om denne utturkinga og alle som ein har konkludert med at dei set kvalitet framfør kvantitet og vel å blogga sjeldnare og betre.
Når eg les slikt vert eg av og te litt fornerma slik litt inni meg, kva meinar dei med det? 
Sånn i motsetning til kven? 
Slik underforstått at da fins mange dar ute som ikkje gjer da, som ikkje vil ha kvalitet i sine innlegg?
At liksom nåken ris opp om morgonen og tenkjer, kva kan eg leggje ut i dag? 
Kva skal eg skriva? 
Og når dei ikkje kjem på nåke vetig...so legg dei kanskje berre ut eit bilde og to...
og når dei ikkje har nye bilder so fell dei så djupt at dei til og med legg ut gamle bilder?
da e nok da dei tenkje...
Som at nåken verkeleg skulle kunne gjere det?
LIKSOM! 

Stilla


Nokre stille bilder ein ellers tavel tirsdag..

mandag 15. april 2013

Arvegods


Eg var so heldig å få arva denne flotte skjenken etter besteforeldra mine. 
Til den høyre eit spisebord med 6(4?) stolar og to innleggsplater. Stolane har skinnseter. 
I tillegg til det fins det ein "Anretning" som mor mi kallar det, ei mindre utgåva av skjenken.
Bestefar min skal ha vunne heile settet då han  var nygift og eg kan tenkje meg det var ein flott premie  i dei tider. Og dei tider må ha vore før krigen ein gong.
 Eg har sjølv vakse opp med desse flotte møblane, kvar sommar me var på besøk hjå besteforeldra mine.
 Me åt rundt bordet og på skjenken stod radioen hans bestefar. Været var nok det viktigaste ein høyrde på der. Eg er redd eg kanskje har arva noko av den fasinasjonen... :)
Alt er i heiltre, eg antar det er eik, men eg er ingen kjennar.
Sjølv om eg tykkjer den er flott, er det eit vanskeleg møbel å yte rett. Eg kunne ha mala den, eller lagt den med gullblad.... 
Helst vil eg ha den som den er. 
Slik det er no står den på roterommet og samlar opp alt eg ikkje brukar lengre...
Ein dag skal den inn i stova
Ein dag...
Ka du trur?

søndag 14. april 2013

Velkommen vår

 

I går vart siste soldagen i denne omgongen. Eg herja på med å gjere uteplassen klar til seine frukostar i komande morgonar etter at regnet har vaska våren fram. På bilda ser de gårsdagens heller magre lunch.


Hagemøblane er ikkje henta fram, berre dette bordet og nokre stolar som har ste ute i heile vinter. Under takk sjølvsagt. I dag fekk eg og vetlo oss ein sykkeltur i høljeregn. Du verda kor herleg og kor kjekt det var å plaska seg gjennom store vasspyttar i staden for å skli på islagte vegar. 



Eg må også takke for alle fine kommentarar og alle de kjekke nye fylgjarar. De gjer meg glad!
God vårleg sundag til dykk alle!

lørdag 13. april 2013

I galleriet..


Lukkelege meg kom i Galleriet til NIB i aprilutfordringa. Slikt er alltid ekstra kjekt!

fredag 12. april 2013

Herlege fredag



Siste dag med sol i fylgje yr.no. Nyta i lange drag og gle oss øve våren som endeleg ser ut til å koma.
God fredag!