mandag 8. januar 2024

No står ikke verda te påske...

og da verste e vel kanskje at da kan fort verta ein realitet. Men da e ei anna historie. I fyrste omgang tenkte eg på min retur til bloggen etter 4 år i stilla...


Allereie i 20 var blogging eit døande foretak, Instagram hadde kome og teke over alt. Det er der det skjer, i allefall for dei eldste av oss. Dei som ikke heilt har funne forma i TikTok og Snap ol. 

Men eg saknar bloggen litt. Der ein kan uttrykke seg litt lengre. I fulle setningar utan hashtags eller skigarder som det heiter på nynorsk. 

Og så vann Fosse ein fin pris. Nobels sin pris. Og han skriv på finaste nynorsk. Eg kjende på lysta til å skrive litt sjølv. No når alle er i Meta-universet så vert det nok også for meg sjølv. Og da e heilt fint. Å rope i skogen...

Eg har halde fram med å haga, no-digg og alt det der med varierande hell...


Hagen er nok ein grunn til at eg tenkjer på bloggen igjen. Kjekt å dele sigrar og nederlag, eksperiment og resultat. Hagevenna er det alltid kjekt å treffe på her på internettet.


Så er du her og les, lat gjerne høyre fra deg. I mellomtida ropar eg berre litt i skogen....

3 kommentarer:

  1. Kjekt å lese - og så flotte bilder 😊 Du må skriva meir om hagen

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt det var nokon som høyrde ho so ropa. Kva er interessant å lese om når det gjeld hage?

      Slett
  2. Har savna blogglivet jeg også & ikke minst å få se alt det fine du skriv & de nyydeligste bildene. Håpe æ får se mer oppdatering her 🤞🏻🥰

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.