Viser innlegg med etiketten alt anna. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten alt anna. Vis alle innlegg

søndag 19. november 2017

Og så var det snart advent


No har eg lese at multitasking ødelegg hjernen din...eller min..
so no jobba eg veldig hardt med ein ting..
å berre gjera ein ting
om gongen
ska tru om da hjelpe?

tirsdag 31. oktober 2017

Hallow!


ja so var me her att
Halloween eller "hallo venn"
eller kva det no kallast i Noreg
Mange meiningar
mange likar ikkje den skumle biten


eg personleg er open for morro
men har respekt for dei som ikkje er det
litt karneval og gresskarmorro
tenkjer eg me øveleve


fø da mesta vert jo ganske ufarleg
i dagslys...




torsdag 26. september 2013

Notater



Skulle ynskt eg var betre til å ta notater
huset fløyme øve med flotte
tomme
notabøker
fordi eg trur at eg klarar
hugse alt
eg ser
tenkje
lære
oppleve
 men da gjer eg ikkje
noko eg faktisk bør notera meg...

onsdag 24. april 2013

Du veit du er gamal..


..når du finn ut at du må læra deg "aquarell-maling". Når jentungen sit med laptoppen sin i fanget og held på med ei test som skal kunne avgjer kva is ho er(?) medan du sit med din i fanget og ser på akvarellmalingsvideoar på You tube.
Eg trur det starta då kattenungen fekk kattunga.
Ungane byrja kalla meg... oldemor
..haha..mamma eg er vorten bestemor og du er vorten oldemor...ler jentungen..
Neste eg veit er at eg vaknar opp og kjenner ei voldsom dragning til vannfargemaling
da va nåke eg aldri har fått te før
Eg var faktisk overraskande dårleg til det
Kanskje difor
kan liksom ikkje ga i grava med so stort eit potensiale ubrukt
og før i tida hadde me ikkje You tube heller...



onsdag 13. mars 2013

To små steg fram og eitt digert tebakars


I dag har eg hatt fri. So då måtte eg male litt tenkte eg. Fyrst malte eg kjøkkenbordet lysegrønt. So sa dotra at ho heller ville eta på golvet før ho åt på da lysegrøna bordet. Tiraden kom akkompagnert med " Du gjer no alltid nett so du vil med interiør og sånn, du spør aldri om me syns da e greitt!!!

So va da berre å mala da kvitt og visa at eg høyrde etter. Men etter ei stund viste da seg at malinga berre flassa av. So måtte eg fjerna den. Riva av 4 lag maling....og vips etter 9 tima var eg tilbake til utgangspunktet...sånn gjekk den dagen...

Koppane på bildet har ingenting med detta å gjera. Dei har eg arva og dei er eg veldig glad i.

lørdag 23. februar 2013

Bergtatt


For å oppdatera litt frå gårsdagens innlegg, so håpa eg at ingen kom i forvillinga til å tru at eg faktisk måtte ta den tunge vegen til Riksantikvaren for å få tak i papira mine. Dama på HIB har nok blanda Statsarkivet med Riksantikvaren så det er no heldigvis eit par år att til sistnevnte vert aktuell..



Akkurat som med den overdimensjonerte lampa frå IKEA forelska eg meg i denne kvite kieramikkmugga. Eg kunne sjå kor vakker ho kunne verta på den svarte skjenken min ein gong i framtida. Og då måtte eg jo berre ha ho...

fredag 22. februar 2013

Oppmuntring


Fyrst vil eg takke for alle dei fine tilbakemeldingane på midlivskrisa som viste seg eit innlegg lengre nede, eg set uendeleg stor pris på slik ros, og for å visa at eg ikkje let meg vippa av pinnen av alderdommen tenkte eg at eg skulle etterutdanna meg litt på HIB no i haust.
Men fyst måtte eg skaffa meg nye papir på den eksisterande kompetansen som ved eit uhell har vorte borte på livsens landeveg. Enkel sak tenke eg, og ringte HIB og la fram problemet mitt...

- Oi, sa dama i telefonen...det er jo 11 år siden du ble uteksaminert fra HIB...
- nei, ikkje elleve år, svara eg...21 år... 
- OiOi! svara dama...da finnes de nok ikke lenger her...
- Ok, seie eg....kvar kan eg få tak i dei då? 
 -Nei, da vet jeg ikke annet enn at du får prøve Riksantikvaren...

Da seie seg sjølv at da vert ei heil flaska vin i kveld.... 
God fredag ungdom!


fredag 11. januar 2013

Med håve onna armen



..og armen i bind. Slik går no dagane, og eg trur at den kognitive kapasiteten som da stod  om i operasjonsbrevet, om at den kan bruke litt tid på å komme tebakars etter ein narkose, kanskje e litt fråverande. I allefall om du è litt gammal, og da e eg jo, i allefall eldre enn dei so è yngre. 



So eg ruslar no gjerne ut på kjøkkenet for å koke meg eit egg. Eg heng på vatn og går rundt meg sjølv eit par runda før eg oppdaga vatnet som kokar...Ahhh..kaffivatnet er klart tenkje eg, og lagar meg ein kopp....
og går...

God helg!

lørdag 5. januar 2013

Rekonvalisens

 

Heilt sånn objektivt tenkte eg at da sikkert va litt øvedreve at eg kom til å trengja litt tid til å koma til hektene att. Sånn heilt subjektivt her og no trur eg at eg tok feil... eg får skunda meg sakte som dei seier...har operert ei skulder og plutseleg tek alt dobbelt så lang tid...

fredag 4. januar 2013

Pfff...

 

Da gjekk bra sjølv om eg nesten klarte rote alt til, heilt på eigenhand. Sikkert ei morosam historie når eg får den på avstand .....Og takk for fine helsingar. 
I år er klar for å rydde jula ut relativt tidleg, likavel avheng alt av lys. Slike regnfulle dagar som me har no fordrar all julebelysning i verda. Tek eg dei ned no vil vi gå inn i ei mørketid utan sidestykkje. Så dei heng nok eit bel til, til snjoen og sola kjem att..

onsdag 2. januar 2013

Noko eg ikkje har gjort før

 

I måro skal eg gjere noko som eg ikkje har gjort før, ikkje for at eg vil, men fordi eg må. Og so med da mesta ein ikkje har gjort før, so e da lett å kvi seg litt... so sit eg no her, nesten heilt ubegrunna, og kvir meg...trudde slikt kom seg med åra, men dengong ei. Skal vere litt greiare med ungane trur eg..i framtida..når dei kvir seg for tannlegen og logopeden...eller BCG-en...om den enno fins...

mandag 3. desember 2012

Halvfull eller halvtom?

 

Ofte kan eg rote meg bort i lange og traurige tankerekkjer med alt eg ikkje har, alt eg ikkje kan eller ikkje får. Når eg fyrst har kasta meg på ei slik tankebylje kan fort mismotet ta overhand og før eg veit ordet av det, sit eg der med eit ganske tragisk og mangelfullt liv.

Men snur eg på flisa og ser på alt eg har, alt eg kan og alt  som kjem til meg...ser alt ansleis ut. Då er det nesten ikkje grense fø kor breitt eg kan smila...og kor lenge...

Abraham Lincoln


sa eingong:

"Nesten alle kan tåle motgang, men vil du prøve en manns karakter, så gi ham makt" 


fredag 30. november 2012

Som julenissen på teskjeikjerringa


I dag har eg hatt ei lita nedsmelting som da vel heite på norsk. Eg var juleklar so tidleg i år. Eg var so optimistisk om at i år skulle alt verte ansleis. So i dag forstod eg at det var 1 desember i morgon og at ingenting var klart. Ikkje eingong julekalendarane som eg hadde starta på så tidleg har eg klart å få i mål. Eg ser at eg har ei natt framfor meg med mykje skrik og lite sying :D


Eg har vore på gråten av å sjå kor mykje komlevåg da fins i tak og kroka, kor mange nedsarva vindauge som ikkje hadde sloppe sola inn om ho hadde vore her. Hauga med arbeid som må gjerast om da kjem jul eller ikkje, eg kavar meg opp, pusten vert kortare, skuldrena heng oppunna øyrene og eg får snerk på hjernen...

 

Kanskje det er slik at det ikkje kan verta jul om ein ikkje har gje gjøno alle dei sju slaga  før 24 desember.... for eg har no hatt mitt fysta i dag.....


onsdag 21. november 2012

Gone all international..


Plutseleg hadde blogspotten gånn all english på meg her. No sit eg og composa eit innlegg og om litt vert det publishing. Ikkje at det er eit problem altså, berre nytt.. Ellers vil eg dele ordet for dagen.
"Dobbeltmoral er bra. Mister man den ene, har man den andre igjen." 
Set ting i perspektiv eller?
Not... :D
God Onsdag!

tirsdag 20. november 2012

No tumblr eg..



Har lenge snusa litt på denne bloggeplatforma; Tumblr. Den er langt frå ny, men ikkje utgått på dato enno. Likar veldig godt korleis den kan verte ei oppslagstavle på nett som du lett får tak i og som krev lite arbeid. Samstundes kan du fylle den med alle slags herligheiter som film, musikk, bilder (of course), tekst og sitater...

Trur fleire enn eg ville finne glede i denne "oppslagstavla", Miamor feks? :D

Her kan de lese litt meir om de vil

lørdag 17. november 2012

Nåke bra og nåke tåssje..

 

I går fekk eg dei nye stolane, eg likte dei og dei funka fint. No manglar eg berre å få montert lampane, og for husfredens skuld,treng eg då ein elektrikar. Så me får snakkast nokre år fram i tid og nokre K seinare.. :D
Neidå, håpar det er fort gjort.

Og så knuste eg favorittobjektivet mitt i dag. Då måtte eg grina litt, i allefall litt inni meg. Kamera og det eina objektive er forsikra..me hadde gløymt dette...so no er det berre å stikka neven djupt i lommo og håpa da kjem opp store lappa so eg kan kjøpa meg eitt nytt....

og so va eg i bydn og snopa med litt nips..lysestaken har eg sett rundomkring og eg likar denne varianten fordi ein kan samla allslags fint i den...eller rasj som det lett vert.. ein plass å leggja rot i...

God laurdag!

lørdag 10. november 2012

Farsdag

Her er eit lite utval som eg trur kunne falle mannen i huset i smak. Kjøkkenhandkledet er ikkje tenkt som kjøkkenhandkle, men som  regelmessig synstest. Slik kan man kanskje unngå å kjøpe kikersiktet til 16 000, for det vert ikkje billig hjortekjøt når jaktutstyret har ein slik prislapp.


Egget kunne me nok tenkt oss begge to utan at det nokon gong vert ein realitet. Men det er lov å drøyme, for vakker er den.

No er mannen heldigvis ikkje min far og mitt hovudbry i morgon :D for der er den oppveksande slekta i sving.... min far har nok litt andre ynskjer. Som litt fri kan eg tenkje meg, litt kremkake og fin musikk....og skulle du lese her far, "Gratulerer med farsdagen!"


torsdag 8. november 2012

Verdas styggaste sko

 

fekk endeleg vere med på bilder....

tirsdag 6. november 2012

Plana


Når forma sig, vert plana te drauma..