Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg

onsdag 14. september 2016

Litt september


Lenge sidan siste innlegg
ikkje med vilje
kanskje heller meir mangel på slikt


etter ein særdeles våt sommar
mista eg liksom litt av motet
te da mesta


mykje tid på terassen
under tak
i regn
nesten so det vaks mose på meg
bokstavleg talt


men so kom sopptember
og eg kom meg ut
i frisk luft
og glimtvis sol


og plutseleg kom motet tilbake
viljen og


kven vert ikkje glad av skog, sol og sopp?
..


så sjølv om det er tungt at sommaren er over
utan at den strengt tatt har vore her
så er hausten ei herleg tid


og sjølv i september
kan strandlivet levast
i allefall
med lange armar på..





søndag 20. desember 2015

Våtaste jola i manns minne..



 da vart jolatrejakt i høljregnet
frisk og flott
kanskje litt grått?


me gjekk lengre enn langt
so da heitte i eventyret
me klatra og lette
som prinsen på jakt etter askepott
prøvde me stjerna 
på alle trea me fann
ser du henne?


etter eit par tima
vart det treff
her ser det jolatreet vårt
funne og fanga
av raudnissejentungen..

søndag 27. september 2015

So kom hausten


i dag rusla me litt i skogen
me fann lite sopp
ingen skogens karamell
eller lakristrompet
nokre hasselnet
vart det dog
God ny veke!


tirsdag 28. juli 2015

Sommartid er stølatid


Noko av det besta eg veit om sommaren
i tillegg til Italia og sånn


er stølstura med slekt og venna


i Hakkadalen er det støla på kvar ein gard
so utvalet er stort 


om ein vil ha lange turar eller korte
strevsomme eller lettare
tidleg sol eller sein sol


mange kan du stikka opp til etter jobb


 putt regnklede (! me bur på Vestlandet)
og litt grillmat i sekken


og det vert middag ute i dag


som sagt
støla e nåke tå da finaste eg veit...


søndag 14. september 2014

Nokre bilder frå turen i helga









me tok oss ein tur i Stølsheimen i helga
nærare bestemt Solrenningen
vakkert sjølvsagt..

søndag 4. august 2013

Ei fin helg


tirsdag 30. juli 2013

Juli 2013 - ei rask oppsummering