torsdag 31. desember 2015

Velsigna nytt år


Ynskjer dykk eit velsigna nytt år
og ikkje køyr på med altfor mange
nyttårsfortsett
..just sayin :D

tirsdag 29. desember 2015

Stille men travelt


jolaferien vart kort
da e travle daga att i heimen
da goa e at nyåret e heilt
tomt og kvitt
endå..

mandag 28. desember 2015

Kor lenge var Adam i paradis?


når ein endeleg har senka skuldrene eit lite hakk
er det arbeid att


eg har ein hemmeleg draum om fri i romjula ein gong
skjønt ein bør vere glad ein har ein jobb å gå til
kva dag det måtte no vere
so me kom oss opp og ut
både eg og pus 
i dag


søndag 27. desember 2015

Så vart det jol til slutt


endeleg etter mykje arbeid og strev
vart det jol også her


jolafreden kom
saman med alle gjestane
no e da godt å gjera ingenting
lenge sidan sist..
God jol!



onsdag 23. desember 2015

Vetlajolafta


Illustrerer litt fredfullt her
(frå kyrkja vår i Hakkadalen)
kaos i heimen
ein dag før
..hjelpes
da e berre å setja i gong

God vetlajolafta te
alle

søndag 20. desember 2015

Våtaste jola i manns minne..



 da vart jolatrejakt i høljregnet
frisk og flott
kanskje litt grått?


me gjekk lengre enn langt
so da heitte i eventyret
me klatra og lette
som prinsen på jakt etter askepott
prøvde me stjerna 
på alle trea me fann
ser du henne?


etter eit par tima
vart det treff
her ser det jolatreet vårt
funne og fanga
av raudnissejentungen..

fredag 18. desember 2015

Jolatre



 I morgo
i regn og blest
fer me på jolatreskog
finst ikkje dårleg ver seie mannen
og eg klarar liksom ikkje slutta flire
ved tanken på  "familien Lukka og Julefred"
på jolatrejakt
medan det regna
trollkjerringa..
me sjåast..

torsdag 17. desember 2015

Da e servert


Då va da berre te å eta..




tirsdag 15. desember 2015

Stjedneklårt


Fyrstegongen eg vart observant på desse bretta julestjedna
hadde eg vit te å kjøpa dei ferdigbretta
da trur eg va i forrige tusenår
men so vart da so inn med å gjera alt sjølv
og eg e ikkje dårlegare



i tillegg skal det liksom vere slik ZEN over det å brette julestjedne
elle laga anna jolapynt
da e som julefreden nesten kjem og set seg på deg
har eg fått inntrykk tå
..men ikkje her


eg set meg ned, 
fø eg har kjøpt strimlepakke på strimlepakke hjå dei grøne systrene
gjev på i energisk stil, kor vanskeleg kan det vel vera?
og kvelden vert til natt
og det vert dag, kanskje oppte fleire gonga
ikkje ei stjerne vart so ho skulle, alltid ei strimal feil
elle ein tagg so mangla
min reversible tankegang er totalt kortslutta


eg skal vere ærleg, eg får da ikkje te
da e langt frå julefred før jula e neste øve
og då tenkje eg alltid..
te neste år kan eg da, detta kjem eg te huska..
fø da burde eg trass alt gjere etter alle desse timane


..so kjem neste år
og historia gjentek seg
Men eg gjev ikkje opp
fø innerst inne
trur eg at
da fins julefred dar ein stad
og da kunne eg verkeleg trengje..

Fargerikt og kvitt



i dag er snjoen her heit bel
vakkert og kvitt
so kvit
at eg måtte setje litt farge
på den

mandag 14. desember 2015

Fulegodteri




te pipsa..


Da var fulebaksten klar


Ja du leste rett
fuglebaksten er i boks
julebaksten derimot..


no vart det ikkje sju sortar te pipsa
men tre varianta klarte eg
- i kopp
- muffinsform
og berre for morro skuld
- i kakeformer
sia da e jul


her står dei ute til avkjøling :)
fuglane var over dei på eit blunk



enkel oppskrift:
- delfiafett
- solsikkefrø
- nøtter
og friske tranebær

søndag 13. desember 2015

So fort tida flaug..


Det vart lussekattar i år og
men i år stod mor aleine med deigen
ungane var opptatt på kvar sin plass
med Taekwon-do-gradering
og håndballkampar


ingen lubne barnehender
som trilla i veg
born mette på rosiner og deig
Dei er vortne store
Eit hav av tid
har vorte te ei lita å
Heldigvis
hadde dei framleis tid 
til å ete..

fredag 11. desember 2015

Opptatt


pauseinnslag...sidan eg er opptatt med å brette papirstjerner...
..meir om det plutseleg

torsdag 10. desember 2015

Tradisjona


men uansett ka eg drøyme om å pynta til jul med
endar me opp med mykje tradisjonelt
juleraudt
nissa (veldig lite nissa) og engla (meir engla faktisk)


raudt og grønt
vert liksom ikkje heilt jul
utan..

onsdag 9. desember 2015

Litt dill


har sete og redigert bileter frå sommaren
som låg der urørt grunna diskkrasjet tidlegare i haust
kjende at all jolastemning eg måtte ha klart å bygd opp
hadde dampa bort..


må berre inspirere meg sjølv att her
til å tenkje på
jol..


Kvileskjer



nokre gongar
kanskje spesielt før jul
treng ein kaskje eit lite kvileskjer
der du kan trekje pusten
og la stresset fare
nett so katten 
eg fann i ei seng
ta ein pause frå tankane om alle listene som skal vaskas
skuffene som må ryddast
systemet som må lagast
og alt da ute so må reddast
o.s.b

tirsdag 8. desember 2015

White Christmas



Lyst og kvitt, over alt
ute som inne
sjølv om "dei" skriv at fargar no er inn
er det utruleg mange kvite hus med kvite golv
i mange blogger og interiørblader
eg trur at spesielt om vinteren
treng vi det lyst
og lett..


..det kan rett og slett verte tungt å komme seg opp om morgonen
om heile huset er deco blått..
sjølv om eg faktisk har tenkt
at i eit ledig minutt
skal eg male
soverommet mitt
i nett den fargen...

mandag 7. desember 2015

Fargerik jul


for inspirasjon hentar eg fram litt ulik jolapynt
frå dei utallige kassane på lemmen
her mine favoritta


Hadde valet vore mitt
hadde huset vore fylt med slike saker
more is more
rosa...


..elska da..

søndag 6. desember 2015

På tide å kveike da andra lyset


Midt i uvær av ulikt slag
får me roa oss litt ned
og kveikja
lys nummer
to

torsdag 3. desember 2015

Naturleg vis



etter ein litt uinspirert start på adventstida
der eg var veldig usikker på kva pynt og stas
(ja eg har maaange kassar på lemmen)
som skulle skine i årets
julehus


har eg endeleg landa, heilt utan djupare meining
(kanskje mest grunna latskap)
på tradisjonell
og enkel
jul


eg orka ikkje pakke oppatt
gullet og glamen frå i fjor
og trivest godt med
granbar
kongler
lys
og krydder

..du då?
kva jul vert det hjå deg i år?


tirsdag 1. desember 2015

Tradisjona tru



Adventskalendra ha tradisjona tebake te min barndom iallefall
Her i huset har me hatt ulike typa
frå dyre pakke
te billegare peparkakevarianta


då eg va liten hende da at dei tok inn eit lite tre
og hengte pakkene på
I år ville eg prøve den varianten
og tenkte at lukka kunne kjøpast med eit julatre på rot
Med fare for både mitt og husbondens liv
for ferda til byen (i bakventland)
i storm og hagl
og treet (dyrt var det og)
vart med oss heim


pakkene vart for store for greinene 
så dei enda under
te gleda fø
dei pakkekalenderen
skal gleda
Ikkje heilt so planlagt
men ka vert no vel da..




mandag 30. november 2015

Siste november



søndag 29. november 2015

To fram og eit tilbake


 

Desverre ingen stemningsfulle, 
nedpynta adventsbilder 
på Bratte bakka i dag
da e alltid so travelt
eg har alltid fullt opp å gjere
synes det vert verre år for år
og det kan vel kanskje stemme
sidan heilt vanlege ting har ein lei tendes
te å ta lengre og lengre tid
uhyggeleg samanfallande
med at eg vert
eldre..