Viser innlegg med etiketten Fulg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fulg. Vis alle innlegg

søndag 5. februar 2017

Så var det januar


januar var litt ein skuffelse
 lite snjo
og lite sol


med unntak av ein sundag
me faktisk kom oss ut på ski


blomar var den rik på dog
blomar lovar vår


sjølv om frosten enno rår






Så fort var 1 av 12 månadar i det nye året levd
og med ny president i USA
må eg sei eg kjenner meg minst
eit år eldre
;O

søndag 11. desember 2016

Tredje sundagen..


det er ikkje måte på kor tida flyg
nesten lika iherdig som
pipsane i hagen
God ny veke :)

tirsdag 25. oktober 2016

Sol og regn



Nydeleg haust har me fenge i år
nesten so me vestlendingar ikkje veit korleis regn ser ut
som om me ikkje kan forstå at sola ikkje skal skina
enno ein dag
slik ho har gjort i heile haust
i morgon må me henta støvlane fram
om me berre kunne hugsa kvar me la dei
sist...

fredag 7. oktober 2016

Nokre bilder te helje..










mandag 18. januar 2016

Mat te pipsane


det går litt fuglemat med når ein skal mette alle skogens fuglar
denne gongen har eg skifta ut tranebæra
med tørka fiken
og slik det ser ut
lika fuglane godt nett det



Vakkert ute no
når vinteren endeleg kom


..mange sultne pipsa å metta

torsdag 17. desember 2015

Da e servert


Då va da berre te å eta..




mandag 14. desember 2015

Fulegodteri




te pipsa..


Da var fulebaksten klar


Ja du leste rett
fuglebaksten er i boks
julebaksten derimot..


no vart det ikkje sju sortar te pipsa
men tre varianta klarte eg
- i kopp
- muffinsform
og berre for morro skuld
- i kakeformer
sia da e jul


her står dei ute til avkjøling :)
fuglane var over dei på eit blunk



enkel oppskrift:
- delfiafett
- solsikkefrø
- nøtter
og friske tranebær

mandag 15. desember 2014

Problematisk fuglematar


 

Eg likar godt å mate fuglane
og det har aldri vore så mange som i år
dei et lett solsikkefrø for ein hundrings på eit par dagar
så matlysten kan ein vel ikkje klage på
men som de ser på bildet under
den eine mataren får vere heilt i fred


eg strevar med å finne fine og gode fuglematarar
eg har kjøpt mange forskjellige konstruksjonar og design
men felles for nesten alle
patenten ikkje heilt i tetsjiktet
i dei fleste matarane vert mykje av frøa liggjande att å mygle
fuglane får ikkje tak i dei
som det svarte huset over
når det vert fuktig i veret stoppar den heilt opp
og fuglane får ikkje ut noko som helst


kan vel ikkje sei at min eigen konstruksjon er noko bedre
litt mildvær og heile stasen sklir ut av koppen
så eg kryssar fingrane for kulde og snjo
her var det nauda som lærte kvinna å spinna
var tom for muffinsformer og kieramikkpotter i passande størrelse



 nokon som kan tipse om gode fuglematarar
eller må eg byggje meg ein sjølv?
:D



fredag 24. oktober 2014

Tid


Tida flyg og strekk som vanlig ikkje til
pipsa flyg og, og får fylle bloggen på fredagen denne gongen
god helg!

mandag 13. oktober 2014

Pipsa mine



Som de sikkert veit
likar eg veldig godt desse små etterlevningane etter dinosaurane



eg matar dei frå tidle haust til sein vår
i år kom dei att i hopetal og ville ha mat
og det får dei


eg lika så godt å sjå på dei, at eg gjev dei mat på bordet i hagen
i staden for i skogen


noko som til tider resulterer i at ein og annan
vert mat for katten
da idiotiske er at katten vår er stappa på dyr kjøpemat
og kan godt halde seg te musene, nåke eg prøve å forklare han omatt og omatt
men da ser ikkje ut te å siga inn
akkurat på dette punktet er eg og pus og sikkert pipsa og
veldig uenige...
og kvar gong ein liten pip ryk te, kjenne eg meg litt ansvarleg
eller kanskje mest uansvarleg..

søndag 5. oktober 2014

Pipsa


lørdag 3. mai 2014

Fuglesong

 

Ingen løyndom at eg er glad i fugla
eg mata dei te lommeboka e tom
te takk får eg fuglesong
heile sommaren
elska da


mandag 13. januar 2014

Highpassfuggelen




Kjørte filteret på fuglar og fuggelmat. Funka det også.







mandag 26. desember 2011

..Dagmar...

Då for jolegjestane.  Dagmar skapte herleg jolastemning inne i går, med tusen jolalys og brettspel langt uti nattetimane då straumen forlet oss i timasvis. Ute gjekk det hardare for seg. Fuglane var litt frynsete i fjørprakten dar dei sat og fraus i dag tidleg..



..både jolasnjo og jolastemning har blåse på havet her på Vestlandet i natt...

søndag 16. oktober 2011

Ingen ugler i måsen..

eller muffens i påsen...

   

Sjølv om eg har laga muffins til fuglane mine før, so tykje resterande medlemmar i min familie at eg er litt i øvekant eksentrisk når eg set i gong med slik kokkelering. No må da seiast at da è veldig praktis å bruka muffinsforme til solsikkefrø i fett. At eg hadde nokre utgåtte bringerbær i kjøleskåpet som vart prikken over i-en, var nesten heilt tilfeldig...

   

I dag fekk me ein fantastisk dag i sola. Me for i skogen og plukka kongler og jobba litt med drivhusdraumen. Eller mannen gjorde sistnevnte :) Litt om da i morgon, ikkje mannen då, men drivhuset...

   

Ynskjer dykk alle ei god ny veke!