Viser innlegg med etiketten Vidoi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vidoi. Vis alle innlegg

tirsdag 13. september 2011

La oss dansa litt........



La dykk ikkje lure, detter er ein "professjonel" musikkvideo av QvalesEnsemble som lagar herleg musikk. Tek eg ikkje feil er dei frå Rogalandssfæra. Kos dykk!

onsdag 7. september 2011

fredag 12. november 2010

God helg!

No veit de ka de skal gjera når de ikkje heilt veit kva de skal gjera :)

lørdag 30. januar 2010

Nøtteliten


I dag då eg stod der og telde fuglar for harde livet, kom ekornet mitt endå ein gong for å få seg mat. Eg trykte han var vorten litt tynn i pelsen og var glad han fekk seg mat. Då plutseleg kom eit til. Det var godt og rundt og tettare i pelsen, det var Nøtteliten som eg tidlegare har tatt bilder av. No er dei altso to. Kjekt.
Her ein liten film eg tok av Nøtteliten i dag...eg tok den med speilreflekskameraet mitt så den er kanskje litt i tyngste laget...

tirsdag 26. januar 2010

Klikkbart bildegalleri



Her ein liten film som viser enkel prosedyre ved bruk av små bilder i bildegalleri...

søndag 4. oktober 2009

Hoppande lekkjer...

I dag vil eg vise dei som skulle ha nytte av det eit lite tips for å lage lekkjer i innlegga sine. Mange gonger fortvilar eg meg over å ha fylgd ei lekkje i eit innlegg og når eg er ferdig med å lese det lekkja leda meg til, har eg mista det opprinnelege blogginnlegget.

Mange bloggar brukar mange lenkjer som henvisning eller understreking for det dei vil formidla, NIB bla. gjer dette ofte. Særleg presentasjonen av nye bloggarar har fått meg til å fortvila meir enn ein gong (ikkje presentasjonen i seg sjølv, men at eg ikkje finn NIB att etter eit bel)

So her er eit lite tips som eg håpar kan vere til nytte for nokon...