Viser innlegg med etiketten Dikt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dikt. Vis alle innlegg

fredag 17. august 2018

Det er den draumen



Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

O.H. Hauge

tirsdag 27. oktober 2015

Haustrim


Påny heve somaren sagt oss farvel -
og hausten hev alt teke rommet.
Det sukkar so sårt kringom lider og fjell -
og skjelvande stend kvar ein blome.
Det gustar so kaldt - det  er liksom alt -
seg gruar for vintens kome.



Jau hausten er komen, det ruskar og riv -
og stormkasti kviner om nova.
Og songen blir borte - der kald-snoen driv,
og livet som våren den lova.
- Det tonar i moll - kring knausar og koll -
og tussmørkret legg seg om stova.



Det vaknar ei underleg kjensle i barm -
når hausten for alvor hev vunne.
Ein saknar nok sommeren sollys og varm -
kvar himmelblå dag som hev runne.
Om hugen vert sår - er vona so klår-
att etter ein vinter so kjem der ein vår.

Bj. Andås

mandag 19. oktober 2015

Hausten


Påny heve somaren sagt oss farvel -
og hausten hev alt teke rommet.
Det sukkar so sårt kringom lider og fjell -
og skjelvande stend kvar ein blome.
Det gustar so kaldt - det  er liksom alt -
seg gruar for vintens kome...
Bj. A

mandag 14. april 2014

Det er den draumen


Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

- Olav H. Hauge -



torsdag 21. mars 2013

Velkommen vår

Atter må vinteren røme.
Gje seg han laut og i år.
Atter ein gong ser eg bløme,
ein herleg og solfager vår.
Atter skal ljos over landet,
strøyme kring dalar og strand.
Våren sin mildnande ande,
livsgneisten tendrar i brand.


Storelva strøymer i dalen.
Bekkjene sildrar i lid.
Storfossen brumlande galen,
murrar, han er ikkje blid.
Hei, no skal snøen kvart grande,
smeltast og sopast på dør.
Våren med sol over landet
er komen med vind ifrå sør.


Fuglane glade dei kvitrar,
tonane trillar og skjelv.
Livsgleda bårar og sitrar,
stig imot himmelens kvelv.
Blomane stend no og lyser,
fagert kring bakkar og hall.
- herlege vårvon dei hyser -
om jorda ho enno er kald.


Sjølv får eg hug til å tralle -
tolke mi glede i song.
Omkapp med småfuglane svalle,
nynne av djupaste trong.
Takke for godvarme dagar,
Snart me solsommar får.
No alt seg lysare lagar
- Sælt syng det no er det vår.


B.A.

Med tanke på at det er meld minsugrader i fleire veker framover ser eg at dette kanskje er litt ynskjetenkning...men da e jo og ein god måte å bruka tånken på :D


tirsdag 19. februar 2013

Min dag ligg dimøygd



Min dag ligg dimøygd ned mot vesterbruner,
ei svevnkjær kveldkjøld legg seg breidbords inn;
ei verd av vemod ol den skodd som uner
i alle augneleite, stig og finn
seg høge himelsengjer. Livsens runer
la avdagslit på ungdomsraude kinn -
d'er ikkje kveld med svevn i dvalne sansar,
d'er morgonmerg som i mitt auge glansar.
Å kom til tuns, de solblå vårdagsminne,
eg gjev dykk gjerne alle gjesterom;
for her hev butt ein syskinflokk her inne
bak døkke fyreheng; det sym ein om
av brotne røyster mot den skuggestinne
svarttjelda himling i min sjæledôm.
Løys av, løys av dei tunge fødslerider
fyr nye sumrar, nye skapningstider!

Olav Nygard


tirsdag 22. januar 2013

Vintersong



Atter ein gong syng det vinter.
Jorda er klaka og kald.
Atter rår stormharde netter -
alt er i vinterens vald.
No kan han herja og tyne -
seinvår han spottande spår.
Det er som mest han vil syne -
no er det vinteren som rår.


Snøen kring fjellrader blenkjer.
Lyser som kvitaste lin.
Ofte ein undrande tenkjer:
jau, vinteren kan og vera fin.
Når stjernor på himmelen skjelver -
og månessølv glitrar i lid -
og over det heile seg kvelver -
ein himmel so blå og so blid.


Natura ho dormerande drøymer -
sveipt inn i vinterens famn.
Aldri - nei aldri ho gløymer
våren sitt solvarme namn.
For våren - ho veit han er livet,
og livet er solfest og song.
I veksande vona ho leve -
livet skal sigra ein gong.






Vona om vårblomen blenkjer -
tvert gjennom kulde og snjo.
Gjer at me hugvarme tenkjer:
Sola stig høgare no.
Snart ho om fjellryggen rundar -
strålane stova vår når.
Atter det tryllande under:
Snart ber det fram mot ein vår.




Lat berre vinteren syne
makta si enno ei tid.
Snart vil han skjelvande skyne -
han kjempar den fåfengde strid.
Livet det alltid vil vinne.
Snart er det sola som rår.
Strålar so varme og linne -
tryllar nok fram att ein vår.

Bjarne Andås

fredag 5. oktober 2012

Oddny Beate

Tusen takk for fine tilbakemelding på forrige innlegg. No er ryktet om min død osv. ganske overdrevet. Teksten var ti år gamal og forma har komme seg betrakteleg sidan den gong.

Teamtikken var også eit stakkars forsøk på å sei noko om kor utruleg befriande det kan kjennast å bryte med det konforme. Nok om det, i dag vil eg snakke om hausten.... igjen..


Som ein del som fylgde gamlebloggen min veit, var bestefar min glad i å skrive dikt. Og eg er glad i dika hans. Eg var heldig og vart fødd på bestefar sin gebursdag. Og som seg hør og bør skulle eg kallast opp etter han. Bestefar heite Bjarne og eg skulle få navnet Oddny Beate, etter han og sikkert ei bestemor som heitte Olga. Einaste problem var at bestefar ikkje likte navnet Beate so godt. Det kunne no gje heilt gale når ein tenkjer seg om, men heldigvis fekk eg meg eit heilt nytt navn som var verken  Beate.....eller Oddny...


Nok om det. Det var no hausten eg tenkte sei noko om. Hausten. Bestefar min gav ut ei lita diktbok, og i den boka er det flust i dikt om våren, somaren og til og med om vinteren. Men hausten har kun fenge tre dikt av tida hans. Og alle tre er merkeleg dystre. Eg forstår at bestefar min likte ikkje hausten. Der er me ikkje like. Eg likar hausten veldig godt. Eg likar fargane, eg likar den klåre lufta og luktene. Eg likar alt ein kan hauste og alle dei flotte turane ein kan ta i skog og mark. Einaste eg ikkje likar er tre veker med regn i strekk...



Eg vil dele eit dikt han har skrive. Diktet heiter Haustrim:


Haustrim

Påny heve somaren sagt oss farvel -
og hausten hev alt teke rommet.
Det sukkar so sårt kringom lider og fjell -
og skjelvande stend kvar ein blome.
Det gustar so kaldt - det  er liksom alt -
seg gruar for vintens kome.





Jau hausten er komen, det ruskar og riv -
og stormkasti kviner om nova.
Og songen blir borte - der kald-snoen driv,
og livet som våren den lova.
- Det tonar i moll - kring knausar og koll -
og tussmørkret legg seg om stova.





Det vaknar ei underleg kjensle i barm -
når hausten for alvor hev vunne.
Ein saknar nok sommeren sollys og varm -
kvar himmelblå dag som hev runne.
Om hugen vert sår - er vona so klår-
att etter ein vinter so kjem der ein vår.

Bj. Andås

Kva tenkjer du om hausten?


torsdag 29. september 2011

Flaggermuslett..

Flaggermuslett
syg dagen seg
fast i håret mitt.



Men eg gjeng med natta likevel,
gjeng med bekkar og elver,
leitar mot havsens djup.



Og kleda mine,
språka,
tek eg aldri av,



dei vernar meg mot,
kulda frå Seinen
under Pont Neuf.



Anemone Latzina - Dagboknotatar

torsdag 28. april 2011

Beste middel mot sne...








































Hermed hylder jeg uten forbehold VÅREN som det eneste effektive middel mot sne!

André Bjerke

fredag 1. april 2011

Ein lyt



Ein lyt smøygja seg og tøygja seg og friska seg og briska seg, gjera som braken spita hagl og regn! Olav H Hauge

Det har vore lange og travle dagar også her i dalen. Det var ei trøyst å sjå at det snjoa i Oslo også. No ventar vi vel alle på vår, men med våren kjem vinterens synder fram og husmora må på jobb. Vindauger må vaskast, komlevøffet heng og dinglar fritt frå krik og krok, vårkleda må hentast fram og vinterkleda pakkast bort. Herleg eigentleg når eg tenkjer på det!

God helg!

søndag 16. mai 2010

I morgon...

I dag har me feira litt på forskudd. Nett som med vetlajolafta har me rulla oss litt i god mat og godt stell, dagen før dagen. Eg vil ynskje dykk alle ein flott dag i morgon!





Mitt land


Eg elskar Noreg – mitt fagre land,
Med fjell og fjordar – dal og strand.
Til dette landet aldri kjærleiksbandet
Det brytast kan.

Eg elskar landet i vårens prakt.
Med blomeslør i naturens drakt.
Ja alt som ydder og gror og brydder
Fram i livets pakt.

Eg elskar fossen som diger fell
Og fuglesongen sitt toneveld.
Og bjølleklangen kring setervangen
Ein sommarkveld

Eg elskar heimen til far og mor.
Eg elskar folket kring dal og fjord.
Som trass strevet – so nøgd kan leve
Her i høge nord.

Eg elskar fridom på ættegrunn,
Og vil det verje med hand og munn
So langt eg kan det. Eg elskar landet
Til siste stund.

Bjarne Andås

søndag 11. oktober 2009

Haustrim

Påny heve somaren sagt oss farvel -
og hausten hev alt teke romet.
Det sukkar så sårt kringom lider og fjell -
og skjelvande stend kvar ein blome.
Det gustar so kaldt - det er liksom alt -
seg gruar for vinterens kome.



Ja hausten er komen, det ruskar og riv -
og stormkasti kviner om nova.
Og songen blir borte - der kald-snoen driv,
og livet som våren den lova.
- Det tonar i moll - kring kanusar og koll -
og tussmørkret legg seg om stova.



Det vaknar ei undrande kjensle i barm -
når hausten for alvor hev vunne.
Ein saknar nok somaren sollys og varm -
kvar himmelblå dag som hev runne.
Om hugen vert sår - er vona so klår -
att etter ein vinter so kjem der ein vår.
Bjarne Andås