Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg

mandag 8. januar 2024

No står ikke verda te påske...

og da verste e vel kanskje at da kan fort verta ein realitet. Men da e ei anna historie. I fyrste omgang tenkte eg på min retur til bloggen etter 4 år i stilla...


Allereie i 20 var blogging eit døande foretak, Instagram hadde kome og teke over alt. Det er der det skjer, i allefall for dei eldste av oss. Dei som ikke heilt har funne forma i TikTok og Snap ol. 

Men eg saknar bloggen litt. Der ein kan uttrykke seg litt lengre. I fulle setningar utan hashtags eller skigarder som det heiter på nynorsk. 

Og så vann Fosse ein fin pris. Nobels sin pris. Og han skriv på finaste nynorsk. Eg kjende på lysta til å skrive litt sjølv. No når alle er i Meta-universet så vert det nok også for meg sjølv. Og da e heilt fint. Å rope i skogen...

Eg har halde fram med å haga, no-digg og alt det der med varierande hell...


Hagen er nok ein grunn til at eg tenkjer på bloggen igjen. Kjekt å dele sigrar og nederlag, eksperiment og resultat. Hagevenna er det alltid kjekt å treffe på her på internettet.


Så er du her og les, lat gjerne høyre fra deg. I mellomtida ropar eg berre litt i skogen....

tirsdag 27. februar 2018

Å ta munnen for full



Eg hadde ærleg tenkt å blogge litt meir. Rope inn i skogen og sjå om eg fekk svar. Men som med alle nyttårsfortsett, kom eg til kort...eller tok munnen for full...

sistnevnte ødeleg alltid mest for slankefortsetta mine når eg tenkjer meg om
jammen ikkje lett å vere perfekt i dag :)



lørdag 28. oktober 2017

Barbeint


Eg synes at til eldre eg vert, til travlare får eg det
om det er at eg får meir og meir å gjere
eller det er at alt går treigare og treigare å få gjort
skal vere usagt...


uansett har det ikkje vorte mykje blogging
ikkje mykje skriving og rapportering om daglegdagse ting
ikkje mykje tid til fotografering heller
men noko kjekt har no skjedd
eg fekk lov å delta med to pipsebileter i den nye boka til Barbeinthagen
Denne boka tek for seg kransar og bukettar
og er både nydeleg og inspirerande


så ein ettermiddag her i veka som var,
måtte eg berre setje av litt tid
til kransing...


søndag 11. juni 2017

Ville berre sei..



at da kjem alltid sol etter regn..
..om nåken var i tvil :)

søndag 4. juni 2017

Summertime..



Herlege sommardagar har kome so perler på ei snor
nokre dagar med regn innimellom
men ikkje meir enn det både vi og naturen treng
te liv og arbeid
håpar de har ei god helg!





torsdag 25. mai 2017

Que Sera, Sera...



Då va mai på hell og sommaren er på full veg inn i liva våre
eg tenkjer eg må stoppe opp litt
og nyte
slik at dagane ikkje berre fer
i jakten på noko eg ikkje heilt kva er
det som gjer at eg alltid har det så travelt
så mange arbeidsmål å oppnå


det vert aldri noko handfast av det
berre det at eg har det travelt
og at dagane fer
kanskje juni i tida
til å sitje litt stille
og berre kjenne
seg i live?


onsdag 3. mai 2017

Stein på stein


Litt vel ambisiøst å tenkje på å blogge kvar dag
men da e viktig å leggje lista så høgt at ein kan gå under med rak rygg..
så tre gonger på ei veke
er ikkje dårleg berre det


akkurat no lagar eg heimesider for eit sandtak i dalen

sand og stein er ein del av identiteten til kommunen eg bur i
sand, jordbruk og kommunedrift... :)


mandag 1. mai 2017

So gjekk da gale ette berre to daga...


so då får eg ta tre denne gongen..


utslegen med migrene
orka eg ikkje dataliv
har for da mesta legje ute i hajen
heile dajen


så kvar dag vart ikkje kvar dag..
men eg skal ta meg saman
god ny veke til dykk alle!!

onsdag 26. april 2017

eg må no klare det...





Som de ser går det trått med blogginga mi for tida. Det er ikkje direkte planlagt og frivillig. Som mange kjenner til, tida strekk ikkje heilt til, ikkje så mykje som eg vil i allefall.
Så då tenkte eg at eg i allefall må kunne klare å leggje ut eit tidsriktig bilde kvar dag då. Ein bildeblogg av ein elle anna sort. Instagram tenkje du kanskje..men eg er vorten så nærsynt at det formatet ikkje gjev meg den same opplevinga.. Så eg prøver meg her igjen etter gammalt.... eit kvar dag....
det må eg no klare....

dagens bilde er teke i ettermiddag
nede i lia veks kvitveisen
der rulla eg meg rundt
og fekk allslags løgne
resultat..

onsdag 17. februar 2016

Lite kan gleda stort


for litt over ei veka sidan
var eg i byd'n og kjøpte meg 7 knallrosa
ranunklar


og dei har gleda meg og mine
kvar dag sidan
friske blomar
er nesten som oksygen for meg


må ha det
berre må ha det..



lørdag 31. januar 2015

Nattblogging


Grunna anna arbeid og morro
vart det lite blogging denne veka
men gode intensjona
skal ein aldri kimsa tå
rekna eg kjem sterkt tebake
om sola gjer det
same..



søndag 25. januar 2015

Ting som tek grusomt lang tid

 

Det er ikkje sikkert alle tenkjer øve
kor mykje arbeid som ligg bak eit enkelt blogginnlegg
Som dette til dømes
Detta strikkateppet dukka fyrst opp på bloggen min i 2009
etter det har det vore ein liten gjengangar
her, her, her og her

Sanninga er at dette blogginnlegget her
har vore under utarbeiding sidan 2007 eller noko slikt..



Eg har strikka meg gjennom minst to strikkatrendbølgjer
men då eg no las at da nesta nya va veving
innsåg eg at da va da på tide å fella av
og da har eg gjort

 

likavel har da no seg slik
at trenda har ein tendens te å komma tilbake
so no har eg lagt opp te eit nytt teppe
i endå tynnare gadn og spinklare pinna
so om eit tiår eller to
er eg klar med eit nytt
strikkablogginnlegg


da e berre å leggja seg te
som fylgjar
men hald for all del ikkje pusten
i spaning...

torsdag 8. januar 2015

ein dag

Som de ser har det heller vore lita aktivitet her i det siste
det betyr ikkje at det er lite aktivitet i Hakkadalen generelt
berre at prioriteringane har endra seg litt på nyåret


når ting som skulle vere kjekt og ein syssel for oppbygging og vekst
vart ein del av galskapen so saug krefter
var det på tide å pause litt


eg har ikkje teke så mykje bilder i det siste
eg har for det meste lege på baderomsgolvet på yogamatta mi
og leita etter vegen vidare 
på ein måte


eg jakta på meir tid
meir harmoni
men meir spaning og
kanskje mindre å flyta med straumen
og meir å symja litt sjølv
og som da e sagt ...


at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

(O.H.H)




og midt i all denna funderinga mi
klarte ein "interiørekspert" å irritera meg heilt utav mitt gode skinn
med noko urkeidiotisk om jolapynt og latskap
men då eg hadde blåse meg opp som ein ballong
langt unna "eldanding" og indre balanse
hendte det forferdelege



Je suis Charlie

jolapynt og kaffikoppa
faktisk da mesta eg driv med
vart so tåssje
og lite

eg kjenne på kor redd eg er
for meg og mine

modige dei
so no har mista livet

søndag 14. desember 2014

Sein sundag



So var det vorten tredje sundag i advent att
ska sei tida fer fort desse dagane
må få nevna at peparkakebryggja vår stakk av med ein fin premie
i peparkakebydarrangementet i Hakkadalen på laurdag
då va me stolte og glade
og litt trøtte
:D


ellers så driv eg å tenkje litt på juletre
juletre er ein spire te bal
og høglytt diskusjon
kvart einaste år
og 2014 er intet unnatak

torsdag 2. oktober 2014

Haustpoesi


..i bilder 

tirsdag 30. september 2014

September - ein fin månad

   
   

Heimalivet har vore lett med mykje fint ver

   
    

Me har hatt flott turar i skog og mark og ikkje minst i Stølsheimen

   
    

Eg har hausta av naturen og laga mykje godt til vinteren

    
    

Sjølv om noko av skogen forsvann har me enno mykje att

    
    

Kort sagt, ein fantastisk månad