Det handlar i alle fall om bøk. Og kva ein les og ikkje les. Om det ein les gjer deg til den du er, så er dette både påkledning og avkledning.
For nokre dagar sidan fekk eg ei litterær utfordring av Astrid i
Frå eit A4-liv. Eg stel ordlyden i utfordringa frå Astrid sin blogg:
Eg skal vise fram bøkene i bokhylla mi som er til inspirasjon, nytte og hygge.Dette vart litt slik innoverskuing dette. Eg trur ikkje nokon her ute er voldsomt interessert i ei djuptfyljande utgreiing om mitt forhold til bøk generelt. Men eg kan kort sei at det er eit godt forhold.
Ikkje alle bøk til hygge har eg i bokhylla. Dei fleste i den kategorien finn eg på Folkebiblioteket i Bryggjeslottet :) Det er også med litt tristess eg må innrømme at eg ikkje har interiørbøk ståande og smile i bokhylla heller. Men eg har blad!!!!
Eg har i haug og dung, eg har i kister og i kassar og eg har på nattbordet og under senga. Favoritten her er heilt klart
danske Isabellas. Der sit eg på så godt som alle utgjevne eksemplar.
Eg likar krim og har hatt favorittar som
Jo Nesbø (frå fyrste bok),
Liza Marklund,
Mary Higgins Clark,
Henning Mankell og
Gert Nygårdshaug. Sistnemte har også forfatta ei av mine favorittar når det gjeld skjønlitterære bøk, Himmelblomstreets muligheter.
Ellers likar eg Hamsun (utan andre sympatiar :) og Bibelen er også med i bokhylla. Herifrå er mitt kjæraste sitat:
Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for sjela. For mitt åk er godt, og mi bør er lett.» Matt. 11.25-30.
Sjølvsagt har eg mengder soppbøk som eg stadig hentar ut or bokhylla og les som om det skulle vere anna smusslitteratur. Kokebøk og handarbeidsbøk er også avhengig av. Ein klår favoritt for augneblinken har eg allereie skrive om
her. Ingen av paiane eg har laga frå den var anna enn fantastisk.
Ellers må eg tilstå at eg brukar internetten mykje. Eg arbeider digitalt i arbeidet mitt og er online 20 timar i døgeret. Det seier seg sjølv at eg hentar mykje inspirasjon, nytte og hygge derifrå, og sjølvsagt som ein konskvens av dette har IQ-en vorte redusert ein del på dei siste åra :)
...gurimalla, dette vart eit turt innlegg. Eg får avslutta med noko meir saftig.
Ulvemjelk heiter denne flotte soppen.
Og utfordringa sender eg vidare til Marit i Miamor.