fredag 24. oktober 2008

Fyrste bloggrelaterte yrkesskade

Då eg vakna i morges sat hovudet litt til høgre for normalen. Eg reis opp og entra kjøkkenet vindskeiv og krokut og innsåg at fyrste konsekvens av intesiv blogglesing hadde inntuffet.



Eg veit det er vakkert, eg veit det er magasinifisert...det liknar litt på bileta fra dei flotte blada "Kvitskurte heimar på den svenske landsbygda med ett snev av New England i shabby fransk stemning" og kanskje verst av alt, eg gjer det sjølv.



Desse utsnitta. Desse overmikrofiserte skråmotiverte bileta vi legg på bloggane våre....


Men me gløymer ein ting..hjerne vår. Hjernen vil ha meining, hjernen vil ha oversikt og heilskapsforståing...og då set me der (kanskje det er berre meg?) litt på skrå, tippar hovudet på halv åtta for å prøve å forstå..kva me ser....er det eit speil? kva var det? Er dette frå kjøkkenet? har dei kongler i suppeskåla? Fyre dei lys opp inni skåpet? osv...


Og so sit eg her i dag då....vindskeiv og verkande med min fyrste bloggrelaterte yrkesskade....

3 kommentarer:

  1. Off og off igjen!
    Kink i nakken er ikkje til å spøke med, det veit eg mykje om. Som samanhengande amme på femte året(!) har eg hatt nokre episoder av låst nakke/rygg/skuldrar. Mitt beste tips er å vere flink med styrketrening...
    Det du her skriv om magasinifisering/bloggifisering er litt artig å lese:) Det er nok ikkje berre deg nei:) Konglar i suppeskåla og høge kvite lys i skåp, vitnar det om ei manglande hjerne? Eller vitnar det om god sans for estetikk? Uansett er det veldig vakre og ofte inspirerande bilete! :)
    DU har iallefall uansett alltid vakre og inspirerande bilete!!
    God betring, du skal sjå det går snart over(kanskje lite trøyst i det akkurat no, men..)

    SvarSlett
  2. Hei,

    Det er første gang jeg er innom hos deg (og atpåtil i arbeidstida, men hva skal man si... fredag...) Må bare legge igjen en hilsen, for jeg har lest hele bloggen din nå, og synes du har fantastiske bilder og noen utrolig flotte prosjekter! Det prinsesseskapet vet jeg om andre småprinsesser som hadde elsket...!

    Jeg vil gjerne legge deg til på lista mi, hvis det er greit, så kan jeg følge deg fremover :)

    SvarSlett
  3. ja! Du er inne på noko der! Men ....hadde me tolt å sjå alt med vidvinkel??? Neppe! Eller kanhende det hadde gjort veldig godt! Det eg ser rundt meg no hadde ikkje komt under overskrifta estetik..bomba! Kaos! mm. Trur det er godt inne i bobbla! (tihi)
    Vri datamaskinen neste gang! (håpar du ha bærbar! Elles kan det bli verre skader!) Tihi! Vonar lunsjen gjekk bra!
    god helg

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.