fredag 28. februar 2014

Utanom det vanlege


Eller mot normalt som det også heiter
Det er vår i Hakkadalen i slutten av februar
Det er heilt, heilt feil


Eg har to valg
gjere meg klar til vår
eller vente i angst på ein vinter som kanskje aldri kjem
Eg valde det fyrste og etter ein tur i hagen til mor mi
reiste eg heim og vaska drivhuset
meir om det i morgon
No må eg gå å lage den heilt vanlege
fredagspizzaen...



mandag 24. februar 2014

Snjoen som fall i fjor




Nokre vinterbilder frå i fjor
I år har me ikkje hatt rart med snjo og no
grønkast bakkane..

fredag 21. februar 2014

Innspel

 

Eit lite innspel te kommentarfelta i nettavise og nettforum

“People demand freedom of speech as a compensation for the freedom of thought which they seldom use.” 
― Søren Kierkegaard

God fredag!

torsdag 20. februar 2014

Objektiv(t)



Eg jaktar på eit nytt objektiv til Nikonen min
anar ikkje kva eg skal kjøpe
masse tal og bokstavar som hoppar og sprett
gode råd som spriker i alle retningar
da e ei smaksak sa dei på bua
men ka seie du?

tirsdag 18. februar 2014

Candy i finalen


So kjekt at candykommoden kom seg heilt fram te finalen hjå NIB


Kvar vart vinteren av?


No tok eg desse bilda på sundag 16 februar
nesten som ein kan lurer på kva årstid det eigentleg er her på vestlandet
no kom det to millimeter med puddersnjo i natt
men den er nok borte til dagslyset kjem


so ein stakkar lurar om ein skal førebu seg på vår
eller om ein skal vente på ein vinter

mandag 17. februar 2014

Mandag morgon sus


Ja de må ikkje ta meg so altfor boksavleg
jmf. innlegget under 
for no er eg klar for ny veke
i verdas beste jobb
så god ny veke til dykk alle!

søndag 16. februar 2014

litt om å surna té...


I øve eit år har eg hatt ein slik gründeridé
ein slik idé som skulle gjere meg både søkkrik og uavhengig
dar verda var min østers og kun horisonten var grensa

 

da byrja i Italia sjølvsagt, i fjor, då eg såg slike flotte skjærebrett(fjøler) laga av oliventre
som eg så gjerne ville ta med meg heim så mykje eg berre kunne bera
men redsla for overvekt på flyet gjorde at eg let dei alle liggje att
og tenkte med sjølve meg, som eg ofte gjer
at eg kunne no laga slike sjølv
for her heime har me ikkje oliventre, men me har bjørk
og bjørk kan me surna
og surna bjørk
liknar mykje på oliventre


ein kan surne bjørk slik reint metodisk på bakrommet som mange trearbeidarar gjer
men sidan eg er ein slik gjenbrukar så gjekk eg for sjølvsurna bjørk
når bjørka velta i skogen grunna ras, vind eller andre katastrofer 
og vert liggjande ute i allslags ver med borken på
vil den mest sannsynleg surne sjølv
og lukka var at nett bakom huset vårt låg det eit slik emne 
so eg mota meg opp med sag og det heile og sette i gong
medan eg såg fø meg den frydefulle framtida
der eg sat på kaien i strålande sol og selde heimalaga skjerefjøler av sjølvsurna bjørk til kjøpesterke turistar
realiserte meg sjølv til fulle, med eiga merkevare
eg hadde sagt opp jobb og satsa på draumen som så mange bloggdamer før meg
jau jammen gjekk saga varm dar eg fantaserte i veg

 

rimeleg kom dei ikkje te å verta
fø berre å saga ut eitt emne tok meg øve ein time
og til slik konsuletpris vart jo det nærare to tusen pr skjerefjøl..

Midt i all saginga slo det meg at eg hadde sett heller lite skjerefjøler i surna bjørk 
og kanskje...kanskje var det ein grunn te det?
Etter litt googling fall draumen min til jorda som ein lort
Surna bjørk surnast med kvitråtesoppar
og sjølv om dei går i dvale når treet turkar
og ein kan forsegle med voks og olje
så eignar det seg lite te skjerebrett og anna kjørler
i allefall fø å vera på den sikra sio

 

ja ka ska ein sei...
anna enn at nett so lenge var Adam i paradiset
eg får bruka dei forsiktig her heime te fest
og drøyma nye drauma 
stora og hetliga om liv mitt

fredag 14. februar 2014

God helg



Ynskjer dykk god helg med bilder frå i fjor
då me hadde både Labben og snjo

torsdag 13. februar 2014

Time's up


Ja eg høyre ofte folk som kommenterer at dei likar tulipanane og blomar generelt best
før dei sprett ut, når dei står i knopp
og utan noko samanlikning forøvrig
gjekk no helst ting kjappare
då ein va yngre og 
komposthaugen var litt lengre unna
slek reint metaforisk

 

No vil eg vel helst sei at kvar si tid har sin sjarm
også og ikkje minst for tulipanane

onsdag 12. februar 2014

Forfall



Slik kan det gå når tulipanane får leve sitt eige liv
med litt for mykje vatn og dårleg oppfylgjing
kanskje håp for oss om me let alt henge og håra gro?
Spør du meg ikkje så gale eigentleg

 

no kan det vel vere at tulipanane
kom litt betre ut av det enn eg ville ha gjort

mandag 10. februar 2014

Kvile

 

Akkurat no
kvilar det meste
utanom vèret
kan det sjå ut som


søndag 9. februar 2014

Nauden og kvinna

 

I snart eit år har eg hatt ein ide som eg gjerne ville setje ut i livet
men eg trengte hjelp av mannen
no viste det seg at mannen hadde so mykje anna å tenkja på..
at nauden fekk læra kvinna å spinna..


jau, sikkert hadde da gje fortare med både motorsag og sirkelsag
men eg tenkte med sjølve meg
at før i tida
då hadde dei tid
te å gjera da fø hand
so då kunne vel eg og gjera da
..og kva da skal verta?
ja, da vil tida visa....

lørdag 8. februar 2014

Ein heilt vanleg laurdag


eg let hus vere hus
litt usikker kva ho meinte om det, ho pus..
eg valde å halde meg ute i nesten vårleg natur


jobbar med eit nytteprosjekt
sag og det heile..


fredag 7. februar 2014

Ei vedgåing


Lenge har eg tenkt, eller kanskje mest håpa
at eg hadde ein minimalistisk stil
eller i allefall 
skandinavisk
med ein romantisk vri...


men i går gjekk eg på kne
og innrømma for meg og verda
at eg innerst inne er ein maksimalist


faktisk ganske 
eklektisk...
skulle berre ynskja eg hadde hatt litt meir mot te å leva da ut..
Hjelpes
kor godt da va å innrømma da
da kjennes nesten som å komma ut 
av (kjøle)skapet....