Viser innlegg med etiketten Bukett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bukett. Vis alle innlegg

mandag 8. januar 2024

No står ikke verda te påske...

og da verste e vel kanskje at da kan fort verta ein realitet. Men da e ei anna historie. I fyrste omgang tenkte eg på min retur til bloggen etter 4 år i stilla...


Allereie i 20 var blogging eit døande foretak, Instagram hadde kome og teke over alt. Det er der det skjer, i allefall for dei eldste av oss. Dei som ikke heilt har funne forma i TikTok og Snap ol. 

Men eg saknar bloggen litt. Der ein kan uttrykke seg litt lengre. I fulle setningar utan hashtags eller skigarder som det heiter på nynorsk. 

Og så vann Fosse ein fin pris. Nobels sin pris. Og han skriv på finaste nynorsk. Eg kjende på lysta til å skrive litt sjølv. No når alle er i Meta-universet så vert det nok også for meg sjølv. Og da e heilt fint. Å rope i skogen...

Eg har halde fram med å haga, no-digg og alt det der med varierande hell...


Hagen er nok ein grunn til at eg tenkjer på bloggen igjen. Kjekt å dele sigrar og nederlag, eksperiment og resultat. Hagevenna er det alltid kjekt å treffe på her på internettet.


Så er du her og les, lat gjerne høyre fra deg. I mellomtida ropar eg berre litt i skogen....

mandag 25. april 2016

Flowerpower


At eg er litt over gjennomsnittet glad i blomar
kjem nok ikkje som ei bombe


lenge har eg sikla på storblomstra tapet
men kvar skal ein ha slikt
det krev jo sin mann eller kvinna...


så eg har starta forsiktig
med ein liten vegg på det minste soverommet


og ja, eg elska da!

onsdag 17. februar 2016

Lite kan gleda stort


for litt over ei veka sidan
var eg i byd'n og kjøpte meg 7 knallrosa
ranunklar


og dei har gleda meg og mine
kvar dag sidan
friske blomar
er nesten som oksygen for meg


må ha det
berre må ha det..



fredag 12. februar 2016

Litt farje tè helje


endeleg fredag
eg veit da e ein klisje
men akkurat i dag
e da og heilt sant
god helg!

søndag 11. januar 2015

Då var jula ute


eg har venta lenge med å hiva ut jula i år
eller rettare sagt
eg ventar lenge kvart år

 

eg er av dei som likar å ha kosen og lysa med meg inn i det nye året
varmen og dei gode kjenslene frå jul
får leve lenge hjå oss
sama ka folk måtte meine om det
:D

God ny veke til dykk alle!


søndag 26. oktober 2014

Siste blomen


I dag har eg plukka det eg trur er siste blomen frå hagen i år
no er ikkje snjoen langt unna
eg har og fått sofaen me bestilte fø mange månadar sidan
den gongen eg var frustrert lite framgong i livet generelt
og valde å løysa da ut med ein ny sofa

 

og so gløymde eg alt og me og livet gjekk vidare
Dagen før den kom heim slo eg fast at eg ikkje trengde noko ny sofa
og angsten for å ha gjort eit feilval sette inn..
Likevel var det for seint å snu og me måtte berre ta i mot

Heldigvis lika me den godt
den e litt so underteikna
stor og god
mjuk og romsleg
og syns ein ser mykje betre ut i røynda enn på bilder

 


Må og få takka fø alle dei fine kommentarane som har kome inn i det siste
tida har vore knapp så bloggen har lege litt brakk
reknar med det tek seg opp te jul :D

lørdag 11. oktober 2014

Stilleben


 

..litt stille liv er ikkje å forakte
restane frå hagen er henta inn
eg sug siste rest ut
av den beste sommaren i manns minne
mitt og for den sak skuld..

torsdag 2. oktober 2014

Haustpoesi


..i bilder 

torsdag 25. september 2014

Ei rose er ei rose er ei rose





tirsdag 9. september 2014

Blonder

 

I ein av kommodane mine har eg allskens blonder og stas
som eg aldri kjem rundt til å få brukt
sidan motane skiftar so fort
no e da sement og ikkje blonda ein burde pusle med i fritida
ikkje at eg gjer verken eller :D
uansatt kva moten seier dog
blondar er eg svak for...




tirsdag 19. august 2014

Det mørknar



om kveldane


på tide å tenne litt lys


torsdag 14. august 2014

More is more, more or less...


Der alle tenke likt, vert svært lite tenkt
er eit utsagn eg har trykt til brystet ved oppte fleire høve
og sant nok
å ikkje evna finna på nåke so helst utan at nokon har gjort eller sagt det før deg
kan vere tegn på både da eina og da andra
da andra kanskje helst ei voldsom naud for aksept og det å tilhøyre eit definert felleskap
da har eg lang erfaring med og da er ikkje e nåke å kimsa tå


Å kjøpa kopia (her snakka me designerkopia og interiør) er eit uttrykk for dårleg smak, 
les eg i både glansa magasin og på nett
Ja, eller kort og godt eit uttrykk for dårleg råd eller god prioritering, tenkjer no eg
for takk og lov for gjennbruk og personleg kreativitet 
for skulle alle gjort som mange gjer, fylla huset med da so e inn for tida so hadde fleire enn eg
gje personleg konkurs lenge før me rakk å sitja inn alle Hay-stolane og retta opp alle Missoni-putane..


So strengt tatt har eg klart å motstå presset so langt, 
men so har ein prinsipp
og so har ein prinsipp
og då eg såg jubileumsvasen til Kahler klarte eg ikkje meir
den er ikkje billig, men heller ikkje så dyr
så bestillinga vart send
og for nokre dagar sidan
kom gullet


og sjølv om den sikkert burde stå på ei stringhylla
litt bleik med nokre eksotiske bomullsgreine i
attmed ein neve frå Hay
(so plutseleg og heilt uforvarande kan finna på å vise fing)
ikkje da, eg e fø slikt og
da e veldig flott faktisk
men fø dei so har lest bloggen min øve lengre tid
so har eg kome ut av villfarelsen og innsett at eg ikkje e nåke minimalist
eg klarar liksom aldri gje meg med å lessa på
farge og fest


So da eg eigentleg ville sei va vel
at ein aldri skal vera fø høg i hatten
eller var det pæro?
for at sjølv om eg lata so eg e so sjølvstendig
so er det alltids eit og to(tusen) unntak for regelen
so no sit eg og glisar i lag med tusenvis av andre eigarar
øve kor fin denne vasen var...


søndag 3. august 2014

Bikinimuffinsa


Plutseleg forstod eg at det hadde vorte for mykje is og brus i sommar
og når kroppen på førehand heller ikkje var bygd for bikini
var det på tide å ta skeia i ei anna hand

 

so etter å ha lese blad etter blad
so bugna over med dietta og menya 
og smekre dame i fantastiske suksesshistoria
tenkte eg at det må no eg og klare
bake meiner eg
bake må eg no klare
speltmuffinsa med fårepylsa
(skulle vere chorizo, men da har dei sjølvsagt ikkje på Coopen)
og faktisk var dei ganske gode
og difor sikkert ikkje så veldig sunne
når alt kjem te alt
da è i allefall mi erfaring
:D


mandag 14. juli 2014

Rosenes tid


 

torsdag 3. juli 2014

Villige og billige


 

eg hadde litt tid til overs


sola skein


eg tok ut alle glassvasane mine og sette dei på eit bord


plukka blømande blomer i hagen
og tok mange bilder


Billege og villige modella
så det vert nok fleire bilder frå denne
fotoshooten