Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg

søndag 18. mars 2012

Same old, same old...

..but different...



..i dag deltar eg i stilleben konken hjå øyeblikket.net - tema interiør...





fredag 10. februar 2012

...med rak rygg....

Mitt bidrag til Raud i Blomanes sin X-faktor hjå Moselplassen.



Denne anemona starta sitt liv som dei fleste anemoner..som ein knoll (? då var det det med høna og egget) 
Den stod ute på verandaen og vaks og vaks.....og vaks. Den slutta liksom aldri å vekse og då den spratt ut var den vorte ein artig plante. Vakker og unik.
Hovudet held den heva heile tida. Ikkje noko krombøydd rygg for å skjule at den var ansleis. Slik burde det vel eigentleg vere med oss og :)

onsdag 8. februar 2012

Sjokolade og kirsebær...

I dag er det kvitt hjå Moseplassen også....

 

Eg har vald kirsebærsblomen for den er so vakker so vakker, og den gjev so vidunderlege frukter seinare på året.... til tålmodige sjeler. Og sjokolade.., sjokolade skulle kunna dyrkast i hagen også var det no opp til meg...

mandag 6. februar 2012

Kvitt og litt gult...

Atter ein gong har Øyeblikket.net ein av sine flotte fotokonkurransar. Denne gongen er temaet "Hvitt" eller kvitt som me ville sei. Kvitt kan jo vera so mangt, ei form betyr..då er me kvitt - då er me skuls. At ein har jevna ut noko som før var ugjenvnt. Eller so er no kvitt, også kvitt på nynorsk. Eg har vore inne og kika på kandidatane og herlegheit kor mykje flott, og kor mykje med meining!

Eg skal vera ærleg og sei at bilder som både er kvite og som har djupare innhald, det finn eg ikkje på harddisken, og den er stooor. Da eg fann e da kvitt betyr for mange her i heimen. Kvitt betyr nemleg at mor skal mala litt.... faktisk ein heil sommar, og ein haust og kanskje litt på vinteren....




..alt skal verte kvitt til slutt.... slik kjenner dei det, og slik er det nok også litt... Kvitt er ein farge som gjev oss stakkarar her i Hakkadalen maksimalt av lys.... og spør du meg, ganske livsviktig. So stakkarslege nok er dette mitt bidrag denne gongen, til "HVITT" hjå Øyeblikket.net



So va da øve te da gula..

Hjå Moseplassen går det i dag i da gula og eg har ein beskjeden deltakar til blomster X-faktor som er på gong der. Blomen er ein gul knapp, eller Reinfunn ....den var eit funn, det er sant, men Moseplassen korrigerte meg litt...Reinfann heiter den..I say potato, you say.... :D.

Luktar ikkje særs godt, men er veldig bloggbar for tida. I det heile er det noko litt fargeglad og retro med heile planten og den gjer seg godt i eit norgesglas på bordet! (ja, om sommaren sjølvsagt :D)



..and that completes the kandidats from the Hakkadal for tonight.... lukka på reisa!

onsdag 1. februar 2012

The X-Files...

Eller var det X-Faktor? Moseplassen har ein spanande konkurranse på gong. Blomeverda sitt svar på x-faktor.
I fyrste runde skal dei rosa blomane få prøva seg. Og det kjem til å verte eit hardt heat. For meg er det nesten umogeleg å velje...

   
   
   

Her ser de asters, hurdalsrosa, hjerteblomst, blomsterkorg (rosa), the fairy, rosa peonvalmue x2, tulipan angelique, revebjødla, mary rose, tusenfryd og gerbera.

Å velgje ein favoritt er utruleg vanskeleg, men eg går for den kjekkaste tå dei. Rosa peonvalmue fekk eg fyrste gongen av foreldra mine. Far min kom med eit brett stenglete plantar, nesten visna og uten evne til å halde seg sjølv på beina. Eg planta dei innimellom anna blomepryd i bedda utan å heilt vita kva dette var. Då dei sette knopp utpå sommaren såg eg at det var ein valmue, men at den var so vakker det ana eg ikkje.

Då seinsommaren kom stod dei og lyste opp i alle mine bedd.... og eg var forelska. Dette er fleire år sidan no, og sidan desse er ettårige plantar, samlar eg frø kvar haust og sår dei på nytt kvar vår.

 

Ta dykk ein tur inn til Moseplassen og sjå på alle dei flotte kandidatane

søndag 20. november 2011

Lukka...

Eg vart for ei tid tilbake den lukkelege eigaren av ein furukonglekrans som  LOVE PEACE PIONIES gav bort i sin Gi-bort. Har lenge hatt lyst å vise den men lysforholda her i Hakkadalen er svært kritikkverdige no på vinterstid. I dag lysna da litt opp, men før eg hadde fått minnekortet i kamera var verda småtte i ein sekk att. Derfor måtte eg ut...

 

Kransen er vakker uansett kor eg heng den og i kva miljø. Så tusen takk for den flotte gåva.

torsdag 20. oktober 2011

"Et barn er et lite menneske"

Når eg leikar med katten min, er det ikke godt å sei om ikkje den leikar meir med meg enn eg med den.
Michel de Montaigne



Dette vetle menneske har nok meir kontroll på fotografen enn fotografen på motivet.



Mitt bidrag til Øyeblikket.net sin fotokonkurranse.

mandag 11. oktober 2010

Fargeleik..

Kandidaten til Frk. Haustblad hjå Moseplassen er å finna i mange hagar, også i min. Bjørkespirea er ein flott hekkplante som blomstrar rikt og vakkert, men kanskje som mest av alt har utruleg flotte haustfargar på denne tida.





Som de ser er fargane herlege og haustlige og ein utmerka kandidat til Frk. Haustblad 2010:

mandag 20. september 2010

Takk!

Tusen takk, Sigrid for ei nydeleg gåve.




Ingenting er so kjekt som ei pakke i posten!

lørdag 4. september 2010

Sleep Tight, Don't Let the Bedbugs Bite



Eg har vorte voldsomt imponert over bidraga i månadens utfordring frå NIB. Eg må få lov å bøya meg i støvet for dei utruleg flotte soveromma som nordmenn og kvinner kviler i kvar einaste natt. Me søv på eit "kontor" etter dei opprinnelege teikningane av huset. Det er so lite at det ikkje kan fotograferast frå noko vinkel og ein må ut for å skifte meining.



Rommet som var tiltenkt oss er no gjesterom og senga er ei 120 seng som eg og husbanden delte dei fyrste 3 åra. Bra for dei fleste forhold :) So mitt bidrag til konkurransen som eg feilaktig melde jenterommet på til er, altså rommet me eingong skal ta i bruk... når husbonden vil vere med.. ein etage ned...


Arkivskåpet arva me etter ei eksentrisk lærarinna som kasta alt ho åtte for å fare til Toronto. Det er so tungt at det trengs 4 mann for å flytte det. Og sidan eg berre har ein...vert det ståande der det står.

lørdag 14. august 2010

Frk. Rose 2010


I år vil eg heidre ei vakker og kjær rose som desverre forlet min hage utpå vårparten i år. Alle rosene i hagen var ille tilredt av rosestengelsopp og fleire avgjekk med dauden denne kalde våren. Det gjeld også denne vakre potterosa som eg fekk i gåve hjå kommunen når minste jenta mi vart fødd. Eg veit ikkje kva rosa heiter, berre at ho levde i 6 lange år og lyste opp kvart eit bedd eg planta henne i (me flytta og rosene med) Det var ei lita, sart og delikat rose som sikkert var tiltenkt varmare strøk enn vinterkalde Hakkadalen. Eit under ho held ut så lenge.

Så her er Frøkna fra "hi sio" 2010, årets kandidat til Moseplassen sin Frk. Rose konkuranse:

onsdag 2. juni 2010

Roleg liv...

Eg øver meg på NIB's utfordring. I dag vart lyset litt for dårleg..men deler likevel :)