Viser innlegg med etiketten Video. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Video. Vis alle innlegg

søndag 24. desember 2017

Ynskjer dykk alle ei god jol


lørdag 2. mars 2013

Side by side




Her finn de ein film som prøver å forklare korleis setje opp to bilder attmed kvarandre i eit blogginnlegg. Ber om orsaking for lyden, har kun ein laptop med innebygd mikrofon so lyden vert litt deretter. Dialekten er vel kanskje og eit kapittel for seg sjølv.... :D
Det kan vere litt smått å sjå filmen her i bloggen så velg gjerne å sjå den på youtube i HD

Håpa da kunne hjelpa nåken te å få fleire bilde på rad og rekkje..

Fekk fort tilbakemeldinger på at bildeoppsett er superenkelt med Windows Live Writer, eg får ikkje installert den og kan desverre ikkje vise noko frå den, men her finn de ein fin innføring.

mandag 10. desember 2012

Nøtteliten



Fann denne filmen i eit gammalt innlegg. Nokre år sidan eg såg den karen.  Kjem vel ikkje att sidan eg ikkje kan ha fuglemat på terassen lengre grunna  katten som då kjem til å forsyne seg grovt av gjestane.

onsdag 3. oktober 2012

Eit førebilde

Under finn de ein introvideo til ei kokebok som kjem ut no i haust. Eg elskar både maten og bilda til forfattaren og har allerie førehandsbestilt mange kokebøker med tanke på julegåver og anna. Men i dag... nyt filmen:


Small Plates & Sweet Treats from The Panic Room Videos on Vimeo.

..eg må berre sjå den omatt og omatt... 

tirsdag 25. september 2012

Haust i drivhuset


 

Det haustas og i drivhuset. Bønneplantane og tomatplantane har teke kvelden og alt som er att er saker som er redda inn frå frosten. Det er kalde tider og eg har ovn på om natta. Den sug straum sidan huset er langt fra tett. Likavel kosta me da på oss her i kraftkommunen, i allefall litt lengre ut på hausten så eg kan drikka kaffien min og filosofere i lune omgjevnader...


Einaste drueplanten min lever godt enno. Den har vakse seg stor og kveilar seg rundt i taket. Ikkje ei drue i sikte, men kanskje til neste år om den overlever vinteren her i Hakkadalen. Det gjeld underteikna også. Eg er ikkje klår for vinter, eg ventar faktisk enno på sommaren....ein lang, mørk, kald og sur vinter til kjennes altfor tungt å tenkja på akkurat no... så då gjer eg det ikkje heller...

onsdag 18. juli 2012

..hagen..

 

Eit lite glimt inn i deler av hagen. De får orsaka virringa med kameraet og gjenngangande musikk... har ikkje fått meg til å komponere eigne stykkje enno slik at YT ikkje slettar musikken...så då får det verte som det vart :D

mandag 9. juli 2012

...for ein blomeentusiast...

torsdag 31. mai 2012

Heilt Nikon!

Fabelaktive Fabelaktiv har ei utfordring når det gjeld kamera. Og sidan eg har kamera og er ein sukker for utfordringar so slengje eg meg med.

Eg starta opp med eit Olympus kompaktkamera for ein skokk med år tilbake. Eg elska det kameraet og nedturen var stor då eg fekk eit speilrefleks (digital) Olympuskameraet i hende. Skit!

Så då var det fingen i lufta og fingeren havna her:



..eg las nokre testar og Nikon og Canon var liksom slik 50-50, so her har tilfeldet råda. Eg veit at folk på begge sider vi sei eg er heilt på jordet, men som dei seie..da e ikkje komfyren som avgjer om maten du lagar vert god...sjølv om det sjølvsagt kan hjelpa på.

Eg ødela objektivet fyrste dagen då eg ikkje festa kameraet godt nok på stativet. Likavel har eg baksa på i fleire år med orginalutstyret, heilt til eg tidleg i år kjøpte meg to nye objektiv. Eit 50mm og eit 35mm. Sistnevnte er favoritten og det står nesten alltid på.

Eg brukar kameraet også til film, sjølv om det vert eit ustabilt og litt vinglete resultat :D




 ..eg ser at verda har gått vidare og at eit D90 alt er litt utgått på dato, men eg vert her med min "lest" ei stund til tenkjer eg meg.....





Eg og mitt Nikon D90...på jakt etter lyset...

lørdag 19. mai 2012

..flim...

..eller film? Det går framover mot sommar...


lørdag 28. april 2012

Morgon i april...

Ein stille morgon i april. I dag har sola skine, det har regna og det har snjoa...



..eg har ete frukost ute og prøvd meg på film...:D