Viser innlegg med etiketten draum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten draum. Vis alle innlegg

fredag 17. august 2018

Det er den draumen



Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

O.H. Hauge

onsdag 25. august 2010

Hyttedrauma...

Me drøyme om ei hytta. Ei hytta med sjød'n. Ei hytta med mange soverom, stor stove, kjøkken, bad med dusj og do. Me drøyme vel eigentleg om eit hus med havet når eg tenkjer meg om. Kanskje til og med ved Middelhavet...




Da goe med drauma er at dei kan gjere deg håpefull og glad sjølv om dei aldri vert anna enn drauma. Me får vel sånn realistisk sett greia oss med hytta... te ungane.