Viser innlegg med etiketten Rehabilitering.... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rehabilitering.... Vis alle innlegg

søndag 8. mars 2015

Vakker fornyelse med LADY maling

 

for mars månad er det maling som er tema


denne kandidaten (før)  fekk nytt liv 
med eit par strøk maling


ein fargeklatt på den ellers så kvite
lemmen (loftet)

mandag 26. januar 2015

Solspeil GDS


Når eg fyst snakka om ting so tek grusomt med tid
så fell dette innlegget seg fint inn i rekkja
Dette vart påbegynt so tidleg som i 1867 for å vera eksakt
For meg begynte da fyrst litt før jul
Eg hadde forleska meg heilt i slike solspeil 
eller sunburst mirror so da heite på fint
eg har sett dei på nett og i glansa magasin
og med hånda på hjarta
må eg sei at eg syns dei e fine
og forferdeleg dyre

so då me me gjera da sjøl

Og eg er ikkje den fyrste so gjer da
her kjem min variant


Fyst tok eg ei gamal
intertning te å ha i gangen
på hybelen
eller rettare sagt
eg hadde den i gangen
på hybelen
eingong på åtti-talet



og te solstrålane
eldgamalt materiale
handhågga
på 1800-talet
far min fann dei då han reparerte taket på løa
1867 er hogga inn i ein av dei
far min tenkte ikkje så mykje over det
og saga dei fint opp i korte fjøler til å fyra i ovnen med
og fyrte med dei gjorde han
men heldigvis fekk eg fekk redda nokre få

eg var ikkje på jakt etter sylskarp presisjon og  symetri
som dei fleste solspeil er bygd over
her vart det meir å la det verte som det vart 
med da eg hadde av treverk
kunne jo ikkje gå tilbake til håndverkarane
og be om meir...


eg flisa dei korte fjølene opp og limte dei på speilen
med ein liten limpistol
fyrste resultat var nett slik eg ville ha det


solspeilet er ikkje i gull som dei orginale ofte er
men gammalt treverk har no si eiga ustråling



som datra sa
"perfekt å ta strålande selfies i"


Slik kan eit hybelmøblel frå åttitalet
og treverk frå 1800-talet
verta nett da eg trengte
i stova mi i dag


heilt gratis
fø meg i allefall..

lørdag 5. juli 2014

Kryss og krok


her har sommerinfluensa kome og lagt under seg
store delar av familien
me ligg i kryss og krok
og ventar på betre dagar
og dei pleie koma
etter regn kjem sol
etter gråt kjem latter
so da e håp i hengjande snør(r)-e
God laurdag alle!

mandag 9. april 2012

Plantebordet...GDS eller LMGDS...

For ei lita stund tilbake sette eg meg fore å resirkulere gammalt rasj til eit plantebord til drivhuset.

 

Eg fann ut at det kunne vere penger å spare i å lage bordet sjølv. Eg reiste opp til far min og fekk med meg heimatt nokre velbrukte plankar med gamal spikar i, nokre gamle komodeskuffe og restane av ein heimalaga stereobenk...ja berre ordet gjev assosiasjonar om ei faren tid... Heime hadde eg restane etter eit gamalt PC-skap frå Ikea som me hadde redda frå ei eller anna vår- eller haustinnryddning der det låg og skalv i vegakanten. Nytt liv fyrst på lemmen med spela til ungane, so to sesonga ute til hage- og badeleikar. Og no, resirkulert til plantebord. Eit langt og innhaldsrikt liv vil no eg sei.

 

Som de ser er ingen av beina like, verkeleg sjarm må eg sei. So kjem da avgjerande punktet. Eg veit akkurat korleis dette skal ende opp. Skissene ligg klare...Det er berre å setje i gong og GJERE-DET-SJØLV!

 

Då eg skulle setje i gong kom eg fort fram til at det aller beste ville vere å... LA-MANNEN-GJERE-DET-SJØV! Og det gjorde han, heilt sensasjonelt godt, spør du meg.

 

Nye knottar frå Farmors hus, litt lyseblå maling og mørk-eik-voks, og vips er plantebordet klart til å flytte inn i drivhuset. Sinktopp kjem kanskje ein gong det også.


 
 

Ikkje så lett å ta bilder inni eit smaaalt drivhus men eg håpar det skjøner teikninga......og no er eg klar for nye LMGDS-prosjekt...håpar mannen er det også.... :D

tirsdag 20. mars 2012

Pipkasse..

Alle veit vel etterkvart kor glad eg er i PIP-serviset mitt. So då far min kom med ein svart postkasse og ville ha litt farge på...vart det PIP gitt.

 

Far min er ikkje heilt inn i svart/kvitt trenden so han gav meg frie tøyla med den allereie ganske kule postkassen. Fritt etter Eijffinger.... lukkelege former for lukkelege folk...


søndag 11. september 2011

Put a wheel on it...

Ja som ho sa ho hi, eg likte den og sette nokre ringar på, eller hjul som det heiter på norsk.

 
 

Då eg kom på arbeid på fredag, låg denne dynamittkassen og vansmekta på ein haug for brennbart materiale. På få sekunda var den plassert bak i bilen vår. I dag fekk den hjul og rulla på.

 
 

Dynamitt, eller?

lørdag 16. juli 2011

Loftstova tek form..

Eit lite bilderas frå maleprosjektet sin fyrste etappe. Det var lyst og fint og greitt å halde reint. Me er alle nøgde, på begge lag. Case Closed, som ein og annan seie.



Her kjem litt før, under og etter bilder..


Sofen me kjøpte for 6 år sidan kom endeleg til sin rett. Med vaskbare trekk er den uvurderleg i TV-kroken. Kyraskinnet har levd eit omflakkande liv og har dei siste åra stille sukka der det har lege under treningsbenken til mannen i huset. No tykkjer eg oksen dreg litt på smilet han og. Sitjeplassen manglar enno eit bord. Har ein palle klar men er usikker på om eg er ute i siste liten på den trenden, sjølv om eg reint generelt likar slikt, og risikerer å måtte setje den saman med PiP-koppane og Fondue-settet om eit år eller to. Å investere i ei glasplate til eit par tusen ventar eg i alle fall litt med.


I dag er me ute i hagen for i morgon begynner del to av dette prosjektet...

mandag 11. juli 2011

Heimesiger...

Da va ein dag fø ikkje so altfor lenge sidan, at eg slapp ei tåra og to, fø`da at eg kjente meg so forferdeleg aleina dar eg gjentatte gonga laga flotte innlegg inn mot mål, utan at nokon tok ballen vidare og skåra da avgjernade målet. Grunnen var enkel. På laget mitt er det berre eg.



Laget mitt driv med rydding, fiksing og generell interiørleg/eksteriørleg utvikling. Her i huset e da berre eg so spela på da laget. Dei andre spela på laget som vil ha alt som da va i går, berre pittleitt meir rotete og bedageleg. Dei på hitt laget meina at da e altfor lite Yin i verda og legg all sin energi inn på å utøva meir av det slaget.
Dei ser på meg med store auge når eg syt og klaga og seie slikt som detta: ..men me fekk no lagd litt stein..i forfjor var det det? Mamma eg vil ikkje at du skal pussa opp rommet mitt. Eg lika da no best sånn som da è! ( dvs eg orkar ikkje rydda da fyrst) osv...

Heldigvis såg mannen i huset at grenso mi var nådd og at eg stod på kanten til ein stor "meltdown" alà Ketla, og for å redda husfreden tok han tak og rydda plass for meg te å få mala golva i 2 etg. Lukkeleg sette eg i gong, og nett som ei kåna som gløyme frå gong te gong korleis det er å fø, hadde eg gløymt kor mykje arbeid dette var og da gjekk ikkje lenge før eg segna om. Tak, veggar og golv, alt skal grunnast og malast, minst 3 strøk.... Sjølv om eg fekk hjelp til å kome i gong, så er det framleis berre meg på detta laget..og eg har vekesvis med arbeid framfor meg... Ein - null, eller null - ein???



No må ikkje dette innlegget lesast som kritikk av det andre laget som eg får antydningar om frå ein bak meg her, dei kan eg på ingen måte leva utan. Dette innlegget var meir meint som ein heva pekefinger, eller ei kald skulder om du vil, til kåne so gløyme kor ildt da e å fø, frå gong til gong... ;)

søndag 6. mars 2011

Då var det prosjekt løevegg..

..eller utedo som Moccamamma så flott sa det i ein kommentar her. Eg bestemte meg for å gå for rekved-varianten til sengegavl, etter å leita lenge og forgjeves etter gamle dører og anna brukandes restavfall i løa hjå far min.




Det heile starta med ynskje om eit mala golv. Når det viste seg å liggje litt lengre fram i tid, enn eg hadde tenkt meg, valde eg å prøve ut rekved-trenden. Eg har vorten veldig inspirert av Stylizimo som eg føl med glede med på alle hennar herlege prosjekt. No tenkte eg at eg fekk klinka til eg og. Så her kjem historia i bilder...







Det viste seg at far min hadde 15-20 år gamalt villmarkspanel på skukkjen, så valet fall på det. Breie fine bord og grei avsluning på gavlen. Panelet var ubehandla og uhøvla, så tre-fire timar med pussemaskin var nødvendig. Har ikkje kome meg oppatt i rett etter den dagen...



To strøk med rekved(driveved)interiørbeis og gavlen vart ganske mørk. Mannen fekk cowboy tema med ein appelsinkasse og eit kyraskinn, og eg litt meir feminint, om dog ikkje mykje, med eit gamalt nattbord frå meir pietistiske tider..

Enno manglar det vesentlege, mala golv og ny farge på vegg og tak. Kanskje nokre nye lampar hadde vore kjekt. Eg er for det meste nøgd, og i allefall gjeld utsagnet...forandring fryder!
...
Tulipanane stakkar har lenge ynskt å forlate denne verda, men eg har kutta og stelt dei så dei kunne få vere med ein dag til, og ein dag til... og alle bilda er klikkbare om de kjenner naud for det.