Viser innlegg med etiketten vaskerom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vaskerom. Vis alle innlegg

søndag 28. september 2014

Endeleg



Endeleg vart vaskerommet ferdig


Me manglar framleis fliser og skikkeleg elektrisk opplegg...



men resten er på plass


dots på veggen til alle sekkar og gymbaggar som før låg og flaut
(bastveska mi er kun til illustrasjon)


Alt har sin plass


Eit fryseskåp har forvilla seg inn i varmen(!) Det er likt oppsett på begge sider, under benken på denne sida står skittentøykurvane på rekke og rad


når det gjeld fliser
veit godt kva eg vil ha
men usikker på om eg får det..


men ellers er eg skikkeleg nøgd!

onsdag 21. mai 2014

Vaskerom til besvær

 

Vaskerommet er nok enno ikkje ferdig
men eg vågar meg på med eit par heller dårlege bilder 
av det som er på veg til å verte det oppgraderte vaskerommet
Kanskje ikkje imponerande i seg sjølv
men om me ser litt på før- og underbildene so liknar da meir og meir eit mirakel


me hadde opprinneleg ein plan for vaskerommet
men den stod sist på lista då me bygde hus
da fekk komma etterkvert
etterkvert er sånn sirka 9 år
i mellom tida brukte me det me hadde
eller rettare sagt ikkje hadde


me har kjøpt innreiinga på IKEA
da e no ein historie fø seg sjølv
benkeplata skulle vere som frontane nede
men den var gje ut av produksjon sio me skulle ha ei so lang...så dei selde oss ei anna
me oppdaga ettepå er at me ikkje trengte så lang benkeplate sidan den skulle delast i to ved vasken
noko dei sikkert også visste...
so no har me lys benkeplate og mørk front
greitt nok på eit vaskerom
men umerkeleg irriterande likevel


og mykje står att
som de ser er dette berre ein vegg
og elektrikaren har enno ikkje vore her
og eg vil flisa litt og
ikkje desse flisene dei skal på kjøkkenet
sånn etterkvert
men kanskje noko liknande
i brunt?


så eg kjem strekare att når det nermar seg enden
eller ferdig kan ein vel og sei
sånn ettekvert
om 9 år...?
:D