onsdag 31. desember 2008

Endeleg kom jula...ute...

tirsdag 30. desember 2008

Nytt år....

No sit eg her og veit at eg skulle gjort noko anna, skrive handleliste til mannen slik at nyårshelga vert lika feit som jula var. Førebu invasjon av slekt og venner, dei kjem om eit par timar og skal vere her ut veka. Fredag har vi ein åtteåring i huset og det må sjølvsagt feirast med pomp og prakt og 14 andre 8-10 åringa..

Men fyrst vil eg skrive litt her, om i år og litt om neste år. Om blogg og ikkje blogg. ....



Eg har ikkje blogga meir enn nokre månadar og det har vore heilt greitt eigentleg. Det har ikkje tatt heilt av, noko som er lika greitt. Eg fann ut etter ei stund med surfing på andre sine bloggar at det greiaste ville vere og også ha sin eigen. Nett som med hus, kjekt å ga på besøk, greitt å ha eit eige hus slik at ein også kan invitere andre inn.



Eg kan ikkje med handa på hjarta sei at eg heilt har funne forma mi. Eg er veldig glad i kommentara, men ser klårt at når alt eg byr på er foto, vert det litt keisamt i lengden å sei..fine bilde..fine bilde...fine bilde...osb. Samstundes er eg ikkje heilt den som slenge rundt meg med livets betrakninga i tide og utide. Eg gjorde det før, men helst når eg var ulukkeleg forelska...då hadde eg mykje på hjarta, ikkje alt egna seg på trykk...hehe. Men ellers, når livet er greit, så vert eg ganske stille....



Det andra e no bilde i seg sjølv. Korti går eg tom for motiv..tenkjer eg ofte. Korti vert det berre langtrekt og keisamt. Korti vert eg tvangsnedlagt grunna drøvtygging?


Eit anna aspekt er jo at ein heller ikkje skal fornerma nåken her inne/ute. Og da er veldig lett om ein meina for mykje, eller betrakta for mykje...da har eg sett her. Då eksplodera da og hyllepynten fer vegg i mydlo. Da må no seiast at da e litt kjekt å sjå på, men takka meg for å vera midt i stormen....


So ka då? Nei, me får sjå. Eg har det veldig kjekt her med dykk. Eg trivs veldig godt. Eg kosar meg når eg går på besøk til fjærn og nær. Eg likar best dei som byr litt på seg sjølv, og då meinar eg interiørmessig lika mykje som livet generelt. Eg likar dei som får meg til å le, og dei som er til å grina av. Sjølv om eg til tider tykkjer alle mest har det same (granbust i norgesglas, lyshus i 15 størrelsae, juletre i potte osb :) går eg på besøk til dykk omatt og omatt. Likar spesielt dei som vågar vere seg sjølv og som stolar modig på eigen stilsans og går eigne vegar.



So eg trur kanskje at det skal vere mitt nyttårsbud i bloggsamanheng. Å vera meg sjølv tru og prøve å få dykk til både å le og gråte :)

Godt nytt år!

(skal ikkje sjå bort frå at eg klarar å kome att med eit innlegg til før nyåret)

mandag 29. desember 2008

draumar om vår...

Eg fekk meg to Amaryllisar av mor mi til jul. Den eine var vakker og raud. Den andre heitte Appleblossum og opna seg i går. Den gjev lovnad om vår...

søndag 28. desember 2008

Is....og meis...

I dag har me vore ute eit bel. Sola er borte heilt til 4 februar, men lyset er svært vakkert likevel desse dagane.



Vetlo fekk skøyter til jul og dei må sjølvsagt prøvast ut.



Då eg sat utanfor på terassen og tok bileter av nokre frosne, visna roser eg hadde hive ut dagen før, kom ei lita granmeis og sette seg til å eta. Eg vart så glad, men kunne ikkje justere fotoapparatet slik at eg fekk god fokus på den vetle fuglen som sat og åt berre meteren unna. Eit par bileter fekk eg likevel av han, før det gjekk opp for han kor farleg han hadde levd i nokre minuttar. Denne karen var den minste av alle i haust då eg starta å gje dei mat. I dag ser han ut som om han har eksplodert...håpar han ikkje har ete noko han ikkje har tålt :)


lørdag 27. desember 2008

Julehus...

...


Betre med ein fugl i handa...

det er vidunderlege dagar...der me berre kan dorma vekk i ein stol...eller under eit teppe framfor barnetv ;)...alt er reint og ryddig, det luktar sviblar og julekaker...det er helg og fri....det er verkeleg joletid...

..fuglane mine har også vorte fora godt...

torsdag 25. desember 2008

Julefred...

...

God Jul...


Ynskjer alle ei velsigna jolehelg med alt det livet har å by på av fred og harmoni, glede og fryd!

søndag 21. desember 2008

Glede..

No har vi vaska golvet, og vi har børi ved, no set vi oss og kvile litt...og prøve ut det nye mirakelapparatet...



Mykje eksperimentering og eg fann små nyansar i utvalget. Her ser de fire bileter av same motiv alle med ulikt fokus...slik vi alle her inne til tider kan ha det :)



Fokus endrar seg fra forgrunn til bakrunn..

Kult kva? hehe..jaja som eit barn i ein godtebutikk....