Viser innlegg med etiketten Stove. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stove. Vis alle innlegg

søndag 4. juni 2017

Summertime..



Herlege sommardagar har kome so perler på ei snor
nokre dagar med regn innimellom
men ikkje meir enn det både vi og naturen treng
te liv og arbeid
håpar de har ei god helg!





onsdag 4. februar 2015

Sol ute...sol inne




mandag 26. januar 2015

Solspeil GDS


Når eg fyst snakka om ting so tek grusomt med tid
så fell dette innlegget seg fint inn i rekkja
Dette vart påbegynt so tidleg som i 1867 for å vera eksakt
For meg begynte da fyrst litt før jul
Eg hadde forleska meg heilt i slike solspeil 
eller sunburst mirror so da heite på fint
eg har sett dei på nett og i glansa magasin
og med hånda på hjarta
må eg sei at eg syns dei e fine
og forferdeleg dyre

so då me me gjera da sjøl

Og eg er ikkje den fyrste so gjer da
her kjem min variant


Fyst tok eg ei gamal
intertning te å ha i gangen
på hybelen
eller rettare sagt
eg hadde den i gangen
på hybelen
eingong på åtti-talet



og te solstrålane
eldgamalt materiale
handhågga
på 1800-talet
far min fann dei då han reparerte taket på løa
1867 er hogga inn i ein av dei
far min tenkte ikkje så mykje over det
og saga dei fint opp i korte fjøler til å fyra i ovnen med
og fyrte med dei gjorde han
men heldigvis fekk eg fekk redda nokre få

eg var ikkje på jakt etter sylskarp presisjon og  symetri
som dei fleste solspeil er bygd over
her vart det meir å la det verte som det vart 
med da eg hadde av treverk
kunne jo ikkje gå tilbake til håndverkarane
og be om meir...


eg flisa dei korte fjølene opp og limte dei på speilen
med ein liten limpistol
fyrste resultat var nett slik eg ville ha det


solspeilet er ikkje i gull som dei orginale ofte er
men gammalt treverk har no si eiga ustråling



som datra sa
"perfekt å ta strålande selfies i"


Slik kan eit hybelmøblel frå åttitalet
og treverk frå 1800-talet
verta nett da eg trengte
i stova mi i dag


heilt gratis
fø meg i allefall..

søndag 26. oktober 2014

Siste blomen


I dag har eg plukka det eg trur er siste blomen frå hagen i år
no er ikkje snjoen langt unna
eg har og fått sofaen me bestilte fø mange månadar sidan
den gongen eg var frustrert lite framgong i livet generelt
og valde å løysa da ut med ein ny sofa

 

og so gløymde eg alt og me og livet gjekk vidare
Dagen før den kom heim slo eg fast at eg ikkje trengde noko ny sofa
og angsten for å ha gjort eit feilval sette inn..
Likevel var det for seint å snu og me måtte berre ta i mot

Heldigvis lika me den godt
den e litt so underteikna
stor og god
mjuk og romsleg
og syns ein ser mykje betre ut i røynda enn på bilder

 


Må og få takka fø alle dei fine kommentarane som har kome inn i det siste
tida har vore knapp så bloggen har lege litt brakk
reknar med det tek seg opp te jul :D

mandag 29. september 2014

Reprise



tirsdag 19. august 2014

Det mørknar



om kveldane


på tide å tenne litt lys


onsdag 9. juli 2014

Inne


tirsdag 1. juli 2014

Sol inne - sol ute


torsdag 13. februar 2014

Time's up


Ja eg høyre ofte folk som kommenterer at dei likar tulipanane og blomar generelt best
før dei sprett ut, når dei står i knopp
og utan noko samanlikning forøvrig
gjekk no helst ting kjappare
då ein va yngre og 
komposthaugen var litt lengre unna
slek reint metaforisk

 

No vil eg vel helst sei at kvar si tid har sin sjarm
også og ikkje minst for tulipanane

onsdag 12. februar 2014

Forfall



Slik kan det gå når tulipanane får leve sitt eige liv
med litt for mykje vatn og dårleg oppfylgjing
kanskje håp for oss om me let alt henge og håra gro?
Spør du meg ikkje så gale eigentleg

 

no kan det vel vere at tulipanane
kom litt betre ut av det enn eg ville ha gjort

søndag 6. oktober 2013

Gneistrande



Hausten har vore både gneistrande og grå, akkurat no er den grå
då er det godt å fyre opp i ovnen og krype opp i sofaen
Då me bygde hus ville eg gjerne ha ein type vedovn med kleberstein
då me kom inn i vedovnbutikken (om det heiter det :D)
ville ikkje seljaren selje oss den ovnen me hadde sett oss ut
han meinte at Contura var så mykje betre
han snakka og snakka og snakka...
so so vart det
etterpå har me vel funne ut at seljaren
fekk eit større påslag på Conturaen :D
men me er jo svært nøgde likavel

 

Muren er grå på åttande året fordi eg enno ikkje har funne ut
kva eg skal gjere med den
og no er da nesten litt moderandes :D
Heng meg på NIB si oktoberutfordring med dette innlegget
God sundag!

lørdag 28. september 2013

Naturleg utvikling



Før blogga eg gjerne ein ny pute eller eit fint telys
naturleg utvikling ville ha vore
ei større ommøblering
oppussing
men sidan slikt ikkje skjer
det står veldig stille på interiørfronten
so vise eg i dag
tadada!
ein pute
frå kremmarhuset
både kobbar og insekt
to i ein 
på ein måte
orka ikkje rydda eingong
hjelpes..

lørdag 14. september 2013

Haust



I dag har eg og katten
kosa oss inne
Fyr i ovnen, teppe på golvet og ein god surferunde på laptoppen

God laurdag!


og ja rotet under vindauget fekk gjøyme seg under eit teppe det og...

tirsdag 20. august 2013

Fredfullt inneliv



onsdag 7. august 2013

Ein sofa til besvær...


NIB spør om vi er Stovepiker denne månaden. Det er eg nok ikkje, sjølv om lange haust- og vinterkveldar godt kan brukast i lys av brennande bjørkeved i peisen, nærmast bortsmelta av varmen, liggjande utslegen på sofaen...


Stova har vore slik meir eller mindre urørd dei siste åra. 
Inspirasjonen til å ommøblere, kjøpe nytt eller finne på andre endringar har vore heilt fråverande.
Eg har lyst på ny sofa, det skal seiast.
Men den me har er jo heilt brukandes som EKTEmannen seie.
No ber eg ungane hoppe og ete i den
i håp om at den må skiftast ut
snart...


..ser ikkje ut som om det hjelpe..
den var jo trass alt kjøpt for å halde lenge..
og før eg forstod at sofaer..
ikkje må vare livet ut..

søndag 28. juli 2013

Før- og etterbilder


I dag har me feira bursdag....
og temaet var alt og ingenting..
more is more..
og man tager hva man haver...


Pompomene i taket klarte å deisa rett ned i Tiramisuen 3 gonger..
..sjølv om dei var sikra med verdas beste tape..
i fylge EKTEmannen..

Fest er alltid kjekt!