tirsdag 31. desember 2013
mandag 30. desember 2013
Å roa ned
Så var det tilbake på jobb
denne jula og førsjulstida har vore uvanleg travel
for min del..
men da gjeld som alltid
å klara roa ned ...
..og ikkje mista håve...
Etiketter:
Gubbevaremegvel,
julestri
søndag 29. desember 2013
Bord
Nytt år ligg like framfor
framleis vinter og jul
men også noko nytt på veg
Då eg fann kirsebærkvistar i blomeforretningen
skvatt eg litt tè, skal innrømma da
men ikkje verre enn at eg fekk med meg nokre greine heim
eg har vore so treig med julepyntinga
tenkte eg skulle knallstarta på våren
og kva passar vel betre te nyttårsbordet
enn noko nytt og levandes?
i lag med jula som enno held stand
Etiketter:
Bord,
Borddekking,
Nytt år
fredag 27. desember 2013
onsdag 25. desember 2013
søndag 22. desember 2013
Ikkje gull alt so glimer
var me ein tur på Liberty og handla litt jolapynt
då kom eg over dette glitrande jolapapiret her
eg elska da
og måtte ha da med meg heim
det var for stort for kofferten så enden på visa var at eg måtte kappe av 15 cm
av lengda på rullen med ei lita neglesaks (da tok si tid :D)
Papiret er fullsett med glitter og ingen teip heng
no gjer da ingenting sidan det er so vakkert tenkje no eg
so synd ingen andre eg har vist det til ikkje tykkjer det same
aller minst tutto som får seg ei gåve
pakka inn i det
av og til veit ikkje ungane sitt eige
beste...
;D
Etiketter:
Jul
lørdag 21. desember 2013
Tradisjonen tru
Som de ser er treet allereie kome på plass hjå oss
da e ulike grunna te da
vanlegvis pyntar me treet vetlajolafta
tradisjonen tru
Jola er kanskje den mest tradisjonsbundne høgtida me har
og mange pyntar nett slik
dei pynta det då dei vaks opp
dei finaste kulene
er dei kulene
mor pynta med
det finaste treet er det treet
som liknar mest på barndommens juletre
Eg har det ikkje slik no
eg likar å variere
men da gjeld kanskje å ta da litt med ro
so ungana mine kan minnast jola si
slik eg minnast jola mi
eg hugsar granlukta
og kulene
og glasfuglane
og lysa..
Då va da jol då!
men da gjeld kanskje å ta da litt med ro
so ungana mine kan minnast jola si
slik eg minnast jola mi
eg hugsar granlukta
og kulene
og glasfuglane
og lysa..
Då va da jol då!
Etiketter:
Jul
fredag 20. desember 2013
So gale kan da gå
om ein steller seg slik
det at bygningsmaterialen vart liggjande so lenge
kan ha ført te både råte og mott
ikkje veit eg
men skumnissane er huslause te jul...
hjelpes!
Etiketter:
Gubbevaremegvel
torsdag 19. desember 2013
Julestas
Fø nokre år tebakars hadde eg eit heller strengt regime på kva julestas som skulle opp
både på tre og ellers
eg må innrømma at ungane klaga over mangel på både fargar og god julestemning
og når eg tenkje på da
so gjorda da seg nok bedre på bilder på bloggen
enn te å skapa god jolakos i heimen
tirsdag 17. desember 2013
Kalendergleda
Finaste kalenderen har Ektemannen
Datra i huset har teikna og skrive
spesiallaga luke til far
finaste kalendaren i huset :D
mandag 16. desember 2013
Bygg reis deg
Då det stod på som verst undra eg på om me kunne øveleva ei jul
utan peparkakehus
svaret var heilt klart
nei
So hus vart bakt, men aldri reist
so las eg på fb at folk hadde begynt å riva husa sine allereie
eg fekk panikk og reiste huset ein sein kveld
jentungen pynta og jula var redda
men eg må no få lov å lura
at når folk starta på jula i oktober..
har dei allereie skote
påskeharen
no..?
søndag 15. desember 2013
Kjem tid, kjem råd
So klarte me da..
handla alt på ein einsleg laurdag i byd'n
...i allefall mesteparten
Jentungen har pakka inn alle gåvene til heile slekta
her er det ei jente som gler seg
uendeleg te jul
som har vald både stil
og stått for utførelsen
kva vert vel flottare enn det?
Det nye kameraet har eg desverre ikkje fått testa så mykje ut
det er så mørk om dagane og dei er ellers også så fulle av ting som må gjerast
men kameraet er eit såkalla fullformatkamera
og med 50mm linsa får eg same utsnitt som eg før fekk med 35mm
ellers så syns eg det er meir velvillig når det er knapt med lys
enn det andre var
men som med kokken og komfyren
vert ikkje automatisk betre bilder
om kameret
er nytt..
Ha ein fin sundagskveld!
fredag 13. desember 2013
onsdag 11. desember 2013
Ikkje det slag
Tretten daga te jul
Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve
Eg har ikkje baka det slag
Eg har ikkje vaska ei flis
Her trengs vind i segla
Kan kanskje ikkje håpa på
ein ekte virvelvind
men da hadde hjelpt
også med ein liten bris..
Etiketter:
Gubbevaremegvel
tirsdag 10. desember 2013
Jolastri
Her er da heilt tradisjonell jul i år òg
de veit sånn med jula og kjerringa
den fyrste som kjem for fort
på den andre og alt slikt
Hadde vore kjekt
om da kunne vore omvent
for ein gongs skuld...
mandag 9. desember 2013
søndag 8. desember 2013
Strålande jul
Sidan tida ikkje strakk til
vart det fjorårs jul
i NIB-utfordringa i år
jul er no jul...
og eg vil jo gjerne vere med dar da skjer
Lystestakeplanken er treverk frå
1800-talet og skal få eit eige
blogginnlegg om litt..
Etiketter:
NIB
Halloien
Det har vore ein travel haust i år
Ikkje så mykje tid til bloggen som før
ikkje så mykje tid til noko som helst eigentleg
gamle dame so prøve seg so studenta
går gjerne på ein smell og to
kan love da har vore nokre hysteribye her i haust
med påfylgjande personlege nedsmeltinga
men no er eg i mål
og tenkje da e på tide å
tenkja på
..jol...
Etiketter:
Gubbevaremegvel,
Jul
tirsdag 3. desember 2013
mandag 2. desember 2013
Trillekått eller snurrebass
På årets jolamessa i dalen
kjøpte eg meg fire fine trillkåtta
Vakre er dei der dei er laga i kvar sin tresort
og mykje morro har me hatt med dei
kamp på kniven om kven sin som går lengst og best
fin julamorro te ein billig penge
heimalaga og unikt
Etiketter:
Advent
Abonner på:
Innlegg (Atom)