Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

søndag 22. mai 2016

Resta ette festa


da vert alltid so felt med resta att ette festa
konfirmasjonen var ikkje noko unntak
allskens godsaker står i kjøleskåpet og kviskrar


og eg er ikkje vanskeleg å be
for å sei det slik


striskjorta som skulle på i januar
ligg enno i skåpet
sykkelen står urørt i garasjen


men i morgon
i morgon...

søndag 4. oktober 2015

Småskala morro


I helga var vi på vår fyrste lokalmarknad som farande fant
med eigenprodusert og kortreist morro



spanande og skremande
me selde ut det meste vi hadde med
og kjekt var det
..om me gjekk i pluss?
neppe
men morro var det likavel

fredag 27. februar 2015

Knekk


kan leva fint
fø da om ein leve
sunt

søndag 15. februar 2015

Fastelavn

 

det vart fastelavn her i huset og
både glutefrie (lchf)
og glutenfylte :D


toppa med nydeleg ver 
og fylde med krem
godt liv må eg sei

lørdag 7. februar 2015

Laurdag


Laurdag er ein herleg dag

 

va berre da eg ville sei
egentleg

torsdag 15. januar 2015

Bakedag


ingenting er så kjekt som når ungane bakar


og foreldra kan ete


sjølv om dei strengt tatt ikkje burde
:D



torsdag 11. desember 2014

Peparkakebryggje


 

endeleg ferdig med storprosjektet
Mobryggja i peparkakeversjon


da va aldri mitt prosjekt
da va dattra og EKTEmannen sitt
men eg har sett mindre og mindre av begge to etterkvart som prosjektet skrei fram


da e te den lokale paparkakebygda
og er ein lausleg kopi tå eit eksisterande bygg i bygda


tirsdag 9. desember 2014

Byggmeisteren


Då var grunnarbeidet gjort
da va da letta
eg likar "Hans og Grete-peparkakehus" som de sikkert kan sjå
spinkle husmannsplasshus  med eit tynt lag melis 
er nok dekorative nok i interiøret, men lite barneetevennlege
så her lesse me på med snurlar og pastellar
..men no gjennstår monteringa


limpistol er veldig freistande
men so uappetitleg at den får liggja
ein limpistol med karamell hadde vore noko
som Emmeline foreslo
men te dess får brent barn
svi seg litt i år og
det er her fiaskopotensialet
sler inn for fullt
den som lever får sjå...

mandag 10. november 2014

lika da litt eksotisk


i dag var det frukost med Kaki
ei altfor god frukt
denne gongen frå Spania

søndag 9. november 2014

Vart dessert også i dag


so no er eg klar til ei ny fin veke
utan..

lørdag 8. november 2014

Ferske fiken er eit godt høve


og eg må sei eg tykkjer det er kjekt med slikt
og kastar meg med kvar einaste gong eg får tid
denne gongen var det is som var tema
eller vart tema kanskje
temaet er vel eigentleg "bare tilsett en anledning"
noko som på nynorsk vert nokonlunde slik
"berre adder eit høve"


fø meg vart det heilt naturleg å laga fest
då eg fann ferske fiken på coopen som eg har nevnt på eit par hundre gonger før
dei er ikkje lette å finne desse fruktene
og etter å ha kverka 4 fikenplantar i drivhuset i sommar
og draumen om eigenproduksjon gjekk i dass
må eg stola på den lokale handlestanden


favoritten er ein fikendessert som eg då sjølvsagt planla tè EKTEmannen sin gebursdag på mandagen
men so måtte Kraftlaget stengje straumen akkurat i det eg skulle setje dei i ovnen
så dei vart spara den dagen i byte for tende sterinlys og fyr i ovnen


og høvet kom
og desserten vart laga


oppskrift har eg delt før


kaffien drakk eg medan fikenen var i ovnen og funderte felt øve om eg skulle flytta litt på prinsippa  og ta med Diplomisen som smelta i bakgrunnen av NIB-utfordringa


vanlegvis ville eg vel ikkje da
men desserten mangla vitterleg is då den kom ut av ovnen


og då eg fann is med vanilje frå sjølvaste Madagaskar gav eg meg endå øve
de må ikkje kalla meg fordomsfull og det som verre er
fø da e eg ikkje, men barndommen set sine spor


og når nokon seie Madagaskar te meg
tenkjer eg fyrst og fremst på strikkasokka, misjonsforeninga og kakebasara


og med slike gode tanka og
med is på toppen var høvet klart
meir fest i god mat skal du iallefall leita lenge etter


julepynten frå IKEA fekk pynta bordet


og er de godtesjuke og på jakt etter ein god anledning

fredag 7. november 2014

Ferske fiken


Eg har ein favoritt i fruktverda
det er ferske fiken
kanskje fordi det er så vanskeleg å få tak i her i dalen
eller fordi me plukka dei av trea på terassen i Italia hin sommaren
og når noko er så sjeldan
og fylt med so gode minner

 

ver jubelen desto større når eg finn dei på Coopen
som framande fuglar ligg dei der
gull mellom gråstein
ikkje prangane i fargen eller noko
berre stille byr seg fram
til dei som har veit til å nytta seg av det