Viser innlegg med etiketten Gjennbruk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gjennbruk. Vis alle innlegg

torsdag 30. november 2017

Innkjøpsstopp



Når jula nærmar seg har eg ei lei tendens til å gløyme alt eg har kjøpt
til tidlegare juler
det er som eg ikkje eig noko
te pynte med til jul
eller at det eg har er så skralt eller so lite


så difor har eg jo einlei tendens til å leggje att etter meg nærare eit halvt statsbudsjett
i butikkar som sel nips og dill og sånn

  
resultatet vert at kvart år veks haugen med julestas
og kontoen minkar


so i år investerte eg kun i nye kvite ljos te helgas adventsevent
og gjekk i skytjo etter resten
i allefall nesten

  
vedskio va litt krum i ryggjen
noko som kan gje eit intrykk av fart om ein er vennleg stilt
eg likar det faktum at den er unik
fins ingen lik


litt enkel pynt som luktar godt
litt hjelpt av ein limpistol
og adventstaken var i boks


relativt billig, naturleg og asketisk
slikt kan me lika

Ynskjer dykk ei fin adventshelg!

tirsdag 8. mars 2016

Stillstand


Det har vore stille på bloggen i det siste


Ikkje heilt utan grunn
influenso har kome i hus
og tek sin plass og si tid..


men bordet vårt vart no ferdig
og det er me veldig nøgde med


faktisk so nøgde at me skal i gang med heimalaga skrivepultar
på kontoravdelinga :)
på loftet


gamle plankar på nytt understell
bordet er breidt og godt
og med veldig mykje sjel

(de finn meg og på Instagram som @rammealvor)

onsdag 14. januar 2015

Om berre 120 daga



elle nåke sånt 
so e da kanskje vår

mandag 12. januar 2015

Resirkulert


Då var jolatreet heve ut
det vakraste treet eg har hatt faktisk
det sat langt inne
å kaste det ut


men som resirkulert
fuglematar
fungerer det supert
og eg får beundre det
enno eit
bel


helst skulle eg halde det i livet
te neste jul
men sjølv ekspertane
på skog og tre
og sånn
seie at da er
mest
umauele..

onsdag 22. januar 2014

Nøysemd


Tenkte eigentleg at dette innlegget skulle vere om gjennbruk
men kom brått på at det kanskje ikkje ka kallast det denne gongen


Eg fekk to sekkar gamle stoff og klede som var lagra på ein gamal gard
ein kjekk og god nabo hadde arva
ja ho hadde arva garden
og sekkane med


Sekkane var gamle og lukta ikkje akkurat friskt men oppi fann eg små skattar
Som desse kjøkkenhandkleda
Eller det var ikkje det då, det var eit par tre meter med stoff
perfekt til kjøkkenhandkle, serviettar og klutar
mjukt og sterk på ein gong
syg vatn som ein svamp


og utsjånaden kan vel kanskje ikkje verte meir tradisjonell
Eg laga meg store kjøkkenhandklede og
vakre stoffserviettar
..sjølvsagt etter kokvask med Durance lavendel :D
ikkje akkurat gjennbruk, 
men for meg iallefall
heilt kostnadsfritt!


torsdag 18. april 2013

Komodemani


Som dei fleste sikkert har fått med seg så har eg eit alvorleg tilfelle av komodemani. 
Her er min favoritt, ein kommode far min laga då han gjekk på skulen.

onsdag 17. april 2013

#bruktduellen

NIB reklamerar for ei utfordring som finn.no har sett i gong, nemleg #bruktduellen.
Tånken er god, ein skal ikkje kjøpa noko nytt på 50 dagar. No er ikkje 50 daga all verdas lang tid, eg kan jo nesten halde pusten like lenge...men igjen, tånken er god. 
Utfordringa stoppar deg ikkje frå å handle brukt så det er nok ingen løyndom at den godeste Finn skal kunne tjene ein slant eller to på dette. Sjølv om konseptet til gubben oppfordrar til gjenbruk og bør prisast for det, så er han jo og i aller høgste grad ein kommersiell aktør som meiner bissniss.
Nok om da.
Eg er for gjennbruk og redesign og dafø tenkte eg å nytta høvet til å reblogga nokre av prosjekta eg hadde på den gamle bloggen slik at eg får dei i nyearkivet. 
Fø deko trofaste, eller de som har minne som ein elefant, de treng kanskje ikkje lesa vidare, men fø deko andre....her er noko eg gjorde i 2008.

Dei fleste kjenner til desse framskåpa...eller kva ein skal kalle dei. Vakre i si tid, men også flotte utgangspunkt for litt remodelering. Her er det eg og vetlaprinsesso gjorde med skåpet vårt i 2008.

For at resultatet skulle kunne skryta på seg å vera gjenbruk og velbrukt so fekk me restamaling frå nokon som nett hadde bygd hus og mala to jenterom. Dei hadde nokre slanta i botn tå nåken spann som me grådig tok i mot.
Stoffet på innsida av dørene er eit gammalt skjørt nokon har hive i fillekassen til mor mi (ho vede filleryer av slikt før i tida)
Skuffene fekk småinndeling til nips og naps
I eine sida tok me ut hyllene og laga oppheng for kjolar og stas.

I dag, 5 år etter..står skåpet i ein krok i gangen fullasta med treningsutstyr og gamle bøker...
Småprinsesso er vorten større og vurdere å ta skåpet innatt i varmen, te sminkesaker og slikt...
...me får sjå...eller får skåpet kanskje gjennomgå ein ny makeover og finne seg ein ny beskjeden plass i tilværet...
..slik som me andre som heller ikkje våga lukka på Finn...

søndag 7. april 2013

Vårrydding



Øveskrifta kan feilaktig få deko te å tru at eg har rydda te våren, men da è ikkje heilt da dette skal handla om. Eg bur litt slik avsides te, so avsides at me har ei ordning med henting av større skrot to gongar i året, haust og vårrydding kallar me det. Dette for å unngå at me hiv da i grøft og ur slik som ein gjorde før.


Store dela av interiøret her i huset kjem frå desse oppryddingane som sambygdingane mine då tek. Eg har skap, kommodar, benkar og bord som eg har plukka få desse haugane som ligg langs vegen i vekene før.
I år "stal" eg ein kommode i finèr. Eigentleg var eg på jakt etter djupe skuffer i heiltre til å lage vegghylle av, men slikt var det smått med. Eg la ut på facebook at eg jakta på slikt og fekk ei melding med bilde av denne kommoden.



Eg lokka mannen med og for avgårde for å hente skuffene. Då eg kom fram såg eg at eg lika heile kommoden og øvetala mannen te å hjelpa meg få den med i bilen. Han syns strengt tatt ikkje det er noko morro å rota i andre sitt boss, og eg er sjølv usikker om dei som har kasta kommoden syns det var greitt at nokon vilt fremmande (so vilt fremmande som ein kan vera i denne dalen) kom og rappa den før bossbilen kom og sendte den på dei evige bossmarker...

  

Men strengt tatt bryr eg meg vel ikkje. Har du kasta det so har du kasta det. Eg mala skuffene, fann alle knottar som låg og slang i skap og skuff og skrudde dei på.  So heiv eg eit skap eg tidlegare har rappa på same måte, det hadde no sett sine beste daga. No får garn og strikkeprosjekt fylle desse skuffene eit par år...te me kan oppgradera med nytt kortreist skrot...sånt vert det nye fliser på kjøkkenet av... :D

søndag 10. mars 2013

Eg vinglar vidare..


..på den smale sti, eller den gale... Sidan eg ikkje har noko i grønt måtte eg lage meg noko. Fekk ei hylla far min har snikra i fordums tid og blanda meg fram via 5 ulike interiørmalingsboksa for å kome fram til ein farge som nesten var det eg skulle ha. Eg har innsett at alle mine malingsboksar og alle mine tekstilar går i kalde fargar. Då er det ikkje lett å finne "varme fargeelement" slik ute på landet, langt frå fargerike Fargerike og Stoff og Stil...

 

So litt restestoff på gamle blikkboksar vart dagens løysing. Denne "eg-gjer-det-sjølv" gjorde godt kjende eg, skapargleda kom sniknades tebake etter den litt tunge starten på året i år. Kan nesten ikkje vente på å få kome meg til byen og kjøpe maling og fargerike stoff...
Hylla fekk sjølvsagt plass i glashuset...

torsdag 7. mars 2013

Eit lite tilbakeblikk

Hald deko fast for her kjem eit langt innlegg. Dette er historia te glashuset vårt.


   

Det starta vinteren 2010. Eg såg vindauger verte skifta ut i eit eldre våningshus i dalen. Dei var beint for flotte til å kassera.

Det tok si tid å skaffe bil og folk som kunne hjelpe meg å transportere dei store glasa heim te gards. Eg fekk far min med ein tidleg vårdag i 2011, saman fekk me dei glasa som kunne brukast  med heim. Glasa hadde lege ute snart i eit år og kvaliteten var so som so.

   

Ein skulle vel eigentleg tru at herifrå burde det vere grei skuring. Men nei, glasa fekk pryde innkjørsla vår ein vår, ein sommar og ein halv haust. Etter mykje mas og gnål fekk eg karane (far og mann) med på å setje glasa på lekasteinane me også hadde fått heim.

   

..før vinteren kom fekk me også eit provisorisk tak på plass. Da gjeld å halde fast på draumen og leggje filter øve augene når ein såg på det det heller skabbete byggverket so lente seg mot huset vårt ein heil kald vinter...eg veit ikkje kva dei sa på bygda, men eg har ei lita aning...

   

So kom våren og draumen vart endå sterkare. Eg rigga meg til i den kalde vårsola og let draumen leva.

 

So kom mars og karane stilte opp og huset vart så godt som ferdigstilt. Ungane hjelpte til mot rikeleg med truslar og god betaling :D

   

...og slik eit og eit halv år etter at prosjektet starta, var me så godt som i mål....

    
    
    

...da va verkeleg eit GDS-prosjekt for heile familien der alt utanom lekaen er resirkulert!.. og den harde sanning..at utan mannfolk hadde det aldri gje...