Viser innlegg med etiketten Tema. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tema. Vis alle innlegg

onsdag 23. februar 2011

Jubilé du liksom!

Det nærmar seg faretrugande eit 25 års jubileum. Det er 25 år sidan eg var russ. 25 år sidan me prøvde å feire russ utan russebil. 25 år sidan me trudde heile verda låg framfør våre føt. 25 år sidan eg tenkte at 25 år var eit heilt liv. 25 år sidan jula varte heilt til påske og studietida heilt til pensjonsaldren.



Og no, no skulle det ha vore 25 år med framgong både på den materielle fronten så vel som den intelektuelle. Jorda burde låge flat som ei pannekaka under stiletthelane. Intet fjell for høgt, inte hav for stort. Eg trudde strengt tatt at det ikkje var mykje til liv ein kunne ha etter fyllte 30. Og til tider tenkjer eg at eg nok hadde litt rett..



...her eg fortvila kastar meg ut i zumbagalskapen, høglytt bedande til høgare
G-krefter om hjelp. Hjelp til å halde meg oppreist. Hjelp til å kare meg inn i fortidas jeans. Hjelp til å kome meg or og oppatt i senga om dagane. Eg gremmar meg over alt eg ikkje har gjort, og alt eg må skryte på meg. Eg tenkjer på direktørstillinga i Statoil som glapp, eller var det administrerande direktør? Alle kiloa som tok meg på senga. Eg tenkjer på alle hava eg ikkje har kryssa og alle fjella eg ikkje besteig.

So tenkjer eg feberilsk på kva kan ein få til på eit par, tre, veker? Kor mange kilo kan sugast vekk, kor mange dobblethaker kan flatpakkast og kor mange fag eg ta eksamen i? Kor mange ungar kan fødast og uteksaminerast, kor mange juladuka kan broderast, og så vidare....


Eg veit no likavel at jubileet kjem til å verta smertefullt kjekt. Det kjem til å verte veldig morro å treffe folk att. Eg trur me kjem til å le. Og kanskje grina ein skvett. Det vert nok spanande å høyre frå andre liv, heilt sikkert noko om høge fjell, og er eg heldig, kanskje om litt fettsuging også....

tirsdag 20. oktober 2009

Når da verkeleg er noko å feira..



I dag har eg dag, men da me eigentleg feira, er at mannen i huset har baka si fyrste kake...

mandag 13. april 2009

Bjørkesirup...

Ingen vår utan bjørkesirup...




Skal ein lage rein bjørkesirup må ein koke bjørkesevja/safta inn til 98% av veska er borte. Dette er eit prosjekt eg har gjort ein gong og sat att med ein bjørkesirup med ein heller stram smak.

Til vanleg reduserar eg veska til 1/7 eller 1/10 og tilset sukker og anna smakstilsetjingar. Eg likar å leggje i kanelstang og eller vaniljestang. Dette kokar vidare og etter eit bel vert veska til sirup. Her må ein passe godt på, det er fort gjort å svi sirupen.

Bjørkesirup smakar syrleg og frisk. Nydeleg på is, youghurt, kesam, pannekaker og i sausar.

onsdag 25. februar 2009

The Wire

Eg har tenkt på det lenge men fyrst på sundag tenkte eg at eg ikkje kunne teie still lengre. Eg måtte kome med ei befaling..hehe..eller anbefaling heiter det vel.



Kvar sundag kveld går det ein serie som heiter The Wire på NRK3. Etter min smak den beste fjernsynsserie nokon gong. Eg kan desverre ikkje (an)befala folk å kaste seg med no sidan dei no er komne til sesong 4. Men om de lurar på kva serie de kan kjøpa/lasta ned og kosa dykk med, er dette ein til terningkast 6.



Den er blotta for harmoni, romantikk og anna Hugh Grant morro, den er rå og ekte, men den gjev deg sjangsen til å danse tango med kjenslene dine om du likar slikt. Spanande er den også.

onsdag 21. januar 2009

Eg veit at der er ei tid for alt...

eg er berre litt usikker om eg får det....

onsdag 14. januar 2009

Om å verta oppvegd..

Anemone skreiv her om dagen om å verta både målt og vegd. Ho fortel om sonen som vart målt og vegd og funnen for kort. Noko som er bale nok i seg sjølv, ikkje å verta målt, men funnen for lite eller for mykje av eit eller anna, den eine eller den andre vegen. Målt opp mot ein eller anna standard. Den vanlegaste standaren er vel ”Fleirtalsstandaren”. Denne standaren som baserar seg på at fleirtale har rett. At fleirtalet er rett og at ”sauflokken” alltid går rett veg.

Saueflokken er kanskje ett litt nedsetjande begrep i vår kultur, kunne for såvidt vore ka so helst flokk...me kan god sei kengurflokken for den saks skuld. Eg må få tilføya at eg fann innlegget til Anemone veldig godt og klokt skrive, spesielt avslutninga fall i god jord hjå meg


Det forundra meg litt at ein del folk her inne, eller her ute..vert beflippa øve at me vert vegd her. At dei tenkjer at ikkje nok med at me vert vegd i mors liv, hjå helsesystra, på skulen, hjå opptakskontoret, hjå sjefar og arbeidgjevarar, hjå det motsette kjønn, av skatteinnkrevaren og av badevekta, og ja også i Blogglandia. Skulle det vere so ansleis her? Er bloggsamfunnet ein eller anna velukka sosialistisk innordning der alle er like, likar det same, likar dei same, tykkjer alt er vakkert, klokt og morosamt?


Hermetisk harmoni får ingen framover. Diskusjonar og usemd er den beste kvalitetsikring plar eg sei. Eg trur på det. Eg trur også på at mangen tykkjer mitt pjatt er nettopp det, pjatt ,og surfar innom ein gong, og let det vere med det. Nett slik eg gjer det med nokre. Da so kanskje er bale med slikt er at nokre eg tykkjer er fantastiske, kjenner det ikkje slik om meg....det er då eg hentar vekta mi, og ser om eg ikkje kan finne dei og for...korte. Eg vert lett såra slik. Når nokon ikkje likar meg. Nauda for å ta att pressar seg på...ei lita finte, eit spark...

Kven er det då so så driv og veg oss slik? Og kvifor likar me det så dårleg?

Saka er den at Staten det er eg, som ein eller anna solkonge sa eingong. Det er eg som driv og veg slik. Kvar dag veg eg. Ein og anna dag veg eg deg. Eg veit at du har voge meg, om du veit det eller ikkje. Du sit og gjer det akkurat no faktisk. Mest sannsynleg vil du finne meg for kort. Det er det mange som gjer. Men eg veit at eg gjer det eg og.

Eg er eit menneskje som systematiserar og grupperar. Eg må ha orden og oversikt. Dei nifse puttar eg der, dei blå legg me der. Dei morosame (etter mitt syn) dei legg eg bortunder vindauga. Oppi korga legg eg dei shabby, dei som er både shabby og chick dei får liggja framme på bordet. Eg vil omgje meg med folk som bekreftar meg. So likar det eg likar, som er einige med meg, som skryt av meg og ler med meg....ikkje av meg. Slik er det berre.


Men so er det eit større aspekt her og. Miamor er flink med slikt. Å vise verdien til kvar enskild. Nokre gonger seier ho at verdien din er ikkje i det du gjer, men det du er saman med andre. Andre gonger snakkar ho om hjarta og kjærleiken, om romslegheita (fins sikkert eit berte ord på nynorsk, fann det ikkje), om å tåla det som ikkje er som oss. Dette er både gode og viktig ord.
Me menneskje kan heldigvis velja å vera meir enn det me frå naturen er. Me kan velja å handsama kvarandre med intigritet og respekt. Å lera å lika da som ikkje er likt oss. Eg trur me får rikare liv slik og det bør me strekkja oss langt for å gjera.


Men ellers så vert me nok vegd....og til tider funnen for kort. Og då kan me jo alltid trøsta oss med ord som seier at skattane fins utanfor allfars vei, og ” folk flest fann bileta til Gauguin og Picasso stygge då dei vart mala....

Og hugs kjære venner, at dette kun er mi audmjuke (!) konkludering...;)

mandag 27. oktober 2008

Om å kle av seg, eller handlar det om å kle på seg?

Det handlar i alle fall om bøk. Og kva ein les og ikkje les. Om det ein les gjer deg til den du er, så er dette både påkledning og avkledning.

For nokre dagar sidan fekk eg ei litterær utfordring av Astrid i Frå eit A4-liv. Eg stel ordlyden i utfordringa frå Astrid sin blogg: Eg skal vise fram bøkene i bokhylla mi som er til inspirasjon, nytte og hygge.

Dette vart litt slik innoverskuing dette. Eg trur ikkje nokon her ute er voldsomt interessert i ei djuptfyljande utgreiing om mitt forhold til bøk generelt. Men eg kan kort sei at det er eit godt forhold.

Ikkje alle bøk til hygge har eg i bokhylla. Dei fleste i den kategorien finn eg på Folkebiblioteket i Bryggjeslottet :) Det er også med litt tristess eg må innrømme at eg ikkje har interiørbøk ståande og smile i bokhylla heller. Men eg har blad!!!!



Eg har i haug og dung, eg har i kister og i kassar og eg har på nattbordet og under senga. Favoritten her er heilt klart danske Isabellas. Der sit eg på så godt som alle utgjevne eksemplar.

Eg likar krim og har hatt favorittar som Jo Nesbø (frå fyrste bok), Liza Marklund, Mary Higgins Clark, Henning Mankell og Gert Nygårdshaug. Sistnemte har også forfatta ei av mine favorittar når det gjeld skjønlitterære bøk, Himmelblomstreets muligheter.

Ellers likar eg Hamsun (utan andre sympatiar :) og Bibelen er også med i bokhylla. Herifrå er mitt kjæraste sitat: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for sjela. For mitt åk er godt, og mi bør er lett.» Matt. 11.25-30.

Sjølvsagt har eg mengder soppbøk som eg stadig hentar ut or bokhylla og les som om det skulle vere anna smusslitteratur. Kokebøk og handarbeidsbøk er også avhengig av. Ein klår favoritt for augneblinken har eg allereie skrive om her. Ingen av paiane eg har laga frå den var anna enn fantastisk.

Eg likar gamle klassikarar som An-Magritt av Falkberget, Hellemyrsfolket av Amalie Skram og historien om Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset. Men slit litt meir med dei moderne variantane, Isfolket mm.
Ellers må eg tilstå at eg brukar internetten mykje. Eg arbeider digitalt i arbeidet mitt og er online 20 timar i døgeret. Det seier seg sjølv at eg hentar mykje inspirasjon, nytte og hygge derifrå, og sjølvsagt som ein konskvens av dette har IQ-en vorte redusert ein del på dei siste åra :)

...gurimalla, dette vart eit turt innlegg. Eg får avslutta med noko meir saftig.

Ulvemjelk heiter denne flotte soppen.

Og utfordringa sender eg vidare til Marit i Miamor.

søndag 28. september 2008

Feel the love....eller kjenn på kjærleiken :)

Då eg såg innlegget til Storeflittig på NIB kjende eg heilt klårt på ei naud for å takka for all den gleda og inspirasjonen eg har fått gjennom alle dei som har blogga i cyberspace.


Eg har dei siste åra brukt meir og meir tid på å hente dagleg dose glede, inspirasjon og gode ideear frå dykk alle.


Også det at nokon har tatt seg tida til å skape eit felles rom for oss bloggarar er også noko ein bør kjenne seg takksam for. Alle dei som tek seg tid til å sjå og lese min eigen blogg er eg også takksam for. Eg vert veldig glad når nokon tek seg tid til å leggje att ein kommentar eller svarar på ein eg har lagt att hjå dei.

Oppsummeringa vert, utan alle dykk hadde eg vore mykje fattigare...


Denne kvite "Telleren "(hortensiaen) får de berre nyte bilete av, hjorten åt den i natt....snufs....

mandag 22. september 2008

Mine dører..


Har sett ein del bloggar har takka ja til ei utfordring om å visa sine dører...dvs. dører ein har eit forhold til, eller tykkjer er vakre (slik las eg det...)

Eg tykkjer dører er vakre og ikkje minst symbolikken er djuptfengjande. Måtte likevel innrømme for meg sjølv at eg aldri har brukt mykje tid på dører. Kanskje har dørene opna og lukka seg nett då dei skulle? Kanskje har eg aldri tenkt at dører stengjer eller opnar vegar og syn for meg?

Kanskje det er på tide å tenkje litt på dører...

Her er det eg fann på harddisken min om temaet:

Sjølv om døra ikkje er der, er det likavel ei dør?


Her har me noko som gjev seg ut for å vera dører...men nesten heile bygget er berre duk...


Ein gong på slutten av 90-talet hadde eg rota meg til Italia for å treffe eit lovande loppefunn på internett. Karen var kjekk han, men her sit eg med kamera og lurar på om dette var så lurt. Nedpå ei strand, på ein utedo med hol i golvet og heller få fasilitetar....går denne døra ut til lukka, eller frodervinga?


Sist men ikkje minst, her har nokon med god fargesans fått svinga malekosten..