tirsdag 28. april 2015

litt vår






fredag 24. april 2015

Alt som blømer


Midt i all våronn er det herleg å stoppe opp litt


og sjå på det som blømer
på nytt liv som kveikjes


snjoen som sakte må ta sin kalde frakk
og gå


Ynskjer dykk ei god og blømande helg!

Prosjekt 1 - plen


For tida held me på ute i hagen
eg har bestemt med 1 stemme mot 3
at me skal lage ny plen i år
sjølv om eg er i mindretal
vert det som eg vil
:D



plenen har slite i fleire år no
og i år orka eg ikkje kamma og gre den stusselege hentesveisen meir
plenen vår fekk ein skikkeleg trøkk for to år sidan
då den rotna på rot under snjoen som aldri ville gje seg det året


so no var det slutt
all plen rundt heile huset skal leggjast på nytt
tusenvis av steinar skal plukkast og
lass på lass med jord skal flyttast og ommøblerast
men utpå sommaren eingong
kjem etterbildene

 

og heilt ærleg
dei gler eg meg sikker meir til 
enn nokon av dykk
men fyrst
må me plukka litt meir
stein..
me snakkar jo om Hakkadalen...uren luren himmelturen
steinsrøys
steinrøys
svelt i hjel...

onsdag 22. april 2015

Da pikka te liv



det er litt stille på bloggen her for tida
grunnen er hardt arbeid ute i hagen
store prosjekt
skal dragast i havn
kjem nokre bilder snart
:D

mandag 20. april 2015

Da livnar i lundar


det lauvast i li
eller i allefall
i drivhuset..

onsdag 15. april 2015

No livnar det i lundar


sjølv med nysnjo på bakkane kvar morgon dei siste dagane
vårast det litt for kvar dag
i år har eg ein del stort arbeid framfor meg
og gler meg storveges

mandag 13. april 2015

Når humla somlar


Dar ligg humla i ei seng
av nektar
og vår


tek seg eit sup av mjelk og honning
kvila litt
før ho fer vidare mot sommaren

søndag 12. april 2015

Katten og musa


Knappen er ein god jeger


her kan ingen føle seg trygge
hverken mus eller fuggel


eg er i utgangspunktet glad ho tek mus
men må sei det gjer meg litt ildt å sjå kor katten plagar
musa langt over det som skal til for å ta livet av henne


nokre gonger har eg
redda musa
i rein medkjensle
for det er ikkje ei kjensle katten slites med 
det er i allefall sikkert

fredag 10. april 2015

Hugs


eg veit eg er litt treig i år
men endeleg kom fyrste frøa i jord
hjå meg og

 

kvar sommar tenkjer eg at eg må hugse kva blomar eg vil ha
og kvar eg vil ha dei
kva staudar som må delast 
og kven som må flyttast
kvar vår har eg gløymt alt saman
kvar vår er det som eg ser hagen for fyrste gong
og ingenting vert endra frå året før...

torsdag 9. april 2015

Da vårast


I går var eg så heldig at eg hadde tid til å vere ute ei lita stund medan sola skein
det er ikkje mykje som blømer i hagen enno
men litt meir kvar dag


det er lenge sidan eg mentalt gav opp å leggje ned løk om hausten
mesteparten kjem ikkje oppatt likevel
kunne likagodt grave ned tusenlappa
har eg nok frustrert tenkt meir enn ein gong


likavel gjer eg det
set ned nye løk


og i år kom det no opp nokre krokusar her og der
dei stod der og tørka nattefrosten av seg i den bleike morgonsola
og viste våren veg



eg har alltid hatt våren som ein knapp favoritt
når det gjeld årstidene
men kjenner likevel at energien
i skrotten ikkje er like sterk som i naturen


etter som åra går kjenner eg større behov for å klamra meg fast til kaffikoppen
enn ut å rydde bedd


får håpe at sola deler
sin uendelege energi
til alt levande


også haustande dame
med uendeleg mange kaffikoppa..



God torsdag :D


onsdag 8. april 2015

Nytt liv av daude gror




tirsdag 7. april 2015

Glimt

  


mandag 6. april 2015

Vel blåst


..då var påska over for denne gongen
eg har stor sett lete kamera liggje
og nytt i lange drag av kjekke folk, snjodekte vidder
og mykje sol
håpa di påske va fin og

onsdag 1. april 2015

God påske