Viser innlegg med etiketten Frukt og bær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Frukt og bær. Vis alle innlegg

mandag 8. januar 2024

No står ikke verda te påske...

og da verste e vel kanskje at da kan fort verta ein realitet. Men da e ei anna historie. I fyrste omgang tenkte eg på min retur til bloggen etter 4 år i stilla...


Allereie i 20 var blogging eit døande foretak, Instagram hadde kome og teke over alt. Det er der det skjer, i allefall for dei eldste av oss. Dei som ikke heilt har funne forma i TikTok og Snap ol. 

Men eg saknar bloggen litt. Der ein kan uttrykke seg litt lengre. I fulle setningar utan hashtags eller skigarder som det heiter på nynorsk. 

Og så vann Fosse ein fin pris. Nobels sin pris. Og han skriv på finaste nynorsk. Eg kjende på lysta til å skrive litt sjølv. No når alle er i Meta-universet så vert det nok også for meg sjølv. Og da e heilt fint. Å rope i skogen...

Eg har halde fram med å haga, no-digg og alt det der med varierande hell...


Hagen er nok ein grunn til at eg tenkjer på bloggen igjen. Kjekt å dele sigrar og nederlag, eksperiment og resultat. Hagevenna er det alltid kjekt å treffe på her på internettet.


Så er du her og les, lat gjerne høyre fra deg. I mellomtida ropar eg berre litt i skogen....

mandag 21. august 2017

da går i hausting for tida


Sjølv om eg skal vere den fyrste til å innrømma at den er heller skral,
hausten som eg prøve å hauste..


 da e tynt med blåbær
da so va, forsvann helst i spann
te utanbygs folk
i kvite bubilar


 soppen let og vente på seg, sjølv om rapportar frå resten av landet lover særs godt soppår i år..


einaste som trufast leverer er bringebæra mine
bra det er favoritten min 
kan jo eigentleg ikkje klage då 

torsdag 3. august 2017

Absolutt ein fin dag



Da va absolutt ein fin dag


det starta med sol og greier...


sommarkjensla spredde seg fort


men kor lenge var vel Adam i paradis?
I allefall om om paradis låg her på vestlandet...

torsdag 24. september 2015

Høsten er moden, arbeiderne få..


No veit eg at nett da sitatet er litt på kanten
som om nokon vert støtt så ber eg om forlating allerie no
men som de ser
drivhuset framfostrar dei finaste fukter


det er berre å hauste det auga har lyst på


og da besta tå alt


da e berre eg so veit om da


og Knappen då sjølvsagt
man ho er meir på
mus og kittekatt
enn grøntfor og 
eksotiske frukter..


torsdag 10. september 2015

Hasselnøtt





då var årets likør i boks
eller eigentleg på glas
veldig greitt med eige hasselnøtttre
i hagen..


tirsdag 1. september 2015

No kjem hausten



Veit ikkje kor det er med deg
men hausten er den herlegaste årstida eg veit
ut og hauste
samle i hyller og lader
nyte dei siste varme soldagane
gjere seg klar til vinteren
me veit kjem...

søndag 30. august 2015

Når dagane flyg


Sånn går da når dagane flyg
ein fin august er snart over
3 veker med regn og ei med sol
eg hugsar berre sola
her nokre glimt

fredag 10. april 2015

Hugs


eg veit eg er litt treig i år
men endeleg kom fyrste frøa i jord
hjå meg og

 

kvar sommar tenkjer eg at eg må hugse kva blomar eg vil ha
og kvar eg vil ha dei
kva staudar som må delast 
og kven som må flyttast
kvar vår har eg gløymt alt saman
kvar vår er det som eg ser hagen for fyrste gong
og ingenting vert endra frå året før...

mandag 29. september 2014

So va da gjort


De har fått høyrt mykje om paradisepleprosjektet mitt


eg har eit tre, men makkane åt blomana av i vår
so eg måtte til ein bonde og be om litt å eksperimentera med


og da fekk eg visseleg


eg las meg opp på allslags løye


og kom fram til at eg ville laga sirup av godsakene


det tok si tid før eg fann ut av det
at ein må koka da lenge etter at safta er gelestiv for å sirup


så eg har laga paradiseplesirup av eple som har vore marinert i kvitvin
og kokt inn med Calvados
da e kraftkost, da kan eg lova deg


No gler eg meg te å prøva da ut
smørja inn hjortesteika
ausa øve dessèrt-isen
og alt anna eg berre kan komma på
(ein liten kommentar: det som er i glasa på bilda er gelè og delvis uferdig sirup, sirappen må kokast mykje lengre og vert av den grunn mykje mørkare, framleis raud men mørk)