Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg

tirsdag 1. april 2025

ein dag som tusen år, og tusen år som ein dag


Sist innlegg var over eit år tilbake. Likavel kjennes det som om det var i går. Dagane spring føle eg. No går det mot ny vår og ny påske. Me skriv 2025. 

Eg har flytta frå blogg til Insta og kjenner at eg har mista språket og kanskje også litt tå kreativiteten. På Insta er det biletet som tel. Og reels. Dei må vere korte. Elles gidd ingen sjå dei. Dei må treffe algoritma. Dei må postas på rett klokkeslett, ikkje før og ikkje ette. Da e so heise å passe på skal du ikkje verte sett i "no growt zone", i sona der ingenting veks. 

Og når du eg hagebloggar som eg, då vil du jo helst sta i sola og vekse det beste du kan... Difor kom eg tilbake hit, for å kunne skrive av meg, da hjarta e fullt tå, so munnen renn over med... og no e da vår og hage og blomer og planar..

Kva driv du med for tida då?

mandag 8. januar 2024

No står ikke verda te påske...

og da verste e vel kanskje at da kan fort verta ein realitet. Men da e ei anna historie. I fyrste omgang tenkte eg på min retur til bloggen etter 4 år i stilla...


Allereie i 20 var blogging eit døande foretak, Instagram hadde kome og teke over alt. Det er der det skjer, i allefall for dei eldste av oss. Dei som ikke heilt har funne forma i TikTok og Snap ol. 

Men eg saknar bloggen litt. Der ein kan uttrykke seg litt lengre. I fulle setningar utan hashtags eller skigarder som det heiter på nynorsk. 

Og så vann Fosse ein fin pris. Nobels sin pris. Og han skriv på finaste nynorsk. Eg kjende på lysta til å skrive litt sjølv. No når alle er i Meta-universet så vert det nok også for meg sjølv. Og da e heilt fint. Å rope i skogen...

Eg har halde fram med å haga, no-digg og alt det der med varierande hell...


Hagen er nok ein grunn til at eg tenkjer på bloggen igjen. Kjekt å dele sigrar og nederlag, eksperiment og resultat. Hagevenna er det alltid kjekt å treffe på her på internettet.


Så er du her og les, lat gjerne høyre fra deg. I mellomtida ropar eg berre litt i skogen....

søndag 16. februar 2020

Ein litt usikker amatør


Allereie halvvegs i februar. Eg har kome til den erkjenning etter nokre hundre timar på You Tube saman med det eg lest tru er likesinna, at plantekassane vi lagde i fjor, var eit heise feilskjær. So lite fø pengane. So mykje plass kasta bort. I år er det dekkedyrkning, eller "no-dig" som er greia. Bedd utan kantbord, rett på bakken. Laga av gamalt organisk avfall som grasklipp og kompost. Og no har eg ikkje meir plass att i hagen.
Kun ei stupbratt brekka full i kampesteina.

Eg har googla og eg har søkt høgt og lågt. Ingen har dekkdyrka i ei brekka før.
Eg vert nok den fyrste...


Artisjokkane er sådd og planen er klar, skal tru om det i det heile er mogeleg å få til.....
Den som lever får sjå :)


onsdag 1. januar 2020

..eit lite tilbakeblikk

Eit lite tilbakeblikk eignar seg på ein dag som denne. Når det gjeld hagen på Helland var det spesielt eit prosjekt som både tok tid og gav rikt tilbake. Det var kjøkkenhagen.

Vi tok den beste plenen som ingen brukte og lagde oss ein kjøkkenhage:


Som de ser var det ikkje gjort i ei handvending. Men litt etter litt kom me i mål.

søndag 31. mars 2019

Hagen på Helland

No var det lenge sidan sist. 
Strengt tatt har eg tenkt at det kanskje er på tide å avvikle heile bloggen. Les folk slike kvardagsbloggar framleis?
Då eg logga inn i dag var lista med varslar frå Google lang som eit ildt år. Meldingane gjekk i korte trekk ut på at alt som eingong har vore, er no borte, og ingenting nytt er komen i staden. Litt som å verte gamal eigentleg...


Men eg har lyst å bruke bloggen min til eit lite (ganske heise stort faktisk) prosjekt eg har på gong, eg har lyst å blogge om hageprosjektet mitt som eg starta for nokre veker sidan ( kanskje heller 30 år ;) Prosjektet har eg kalla Hagen på Helland og skal vise progresjonen på hagen her hjå meg etterkvart som eg lærer nye ting og gjer nye feil.

Framleis ligg snjoen her, men eg har nettopp rydda i drivhuset og sådd mine fyrste frø for året.
Så i dag får de før og etter bilder frå drivhuset. Etterbildet er over her. Lite som spirer enno så eg trøystar meg med tulipaner. 



I vinter var drivhuset lager for fuglemat og anna rask så da trengtes opprydning og ein omgang med grønnsåpe. I år har eg sådd mykje til kjøkkenhagen, men sidan det er eit nytt område for meg så vert det ganske spanande om eg klarer å få hauste noko i det heile.



Kan ikkje lova noko heise flott, men kjekt om du vil fylgja med på hageprosjektet mitt. Ynskjer alle fine lesarar ein herleg sundagskveld.




søndag 15. oktober 2017

Då var hausten her


..men me flyttar ikkje inn
heilt enno..

mandag 21. august 2017

da går i hausting for tida


Sjølv om eg skal vere den fyrste til å innrømma at den er heller skral,
hausten som eg prøve å hauste..


 da e tynt med blåbær
da so va, forsvann helst i spann
te utanbygs folk
i kvite bubilar


 soppen let og vente på seg, sjølv om rapportar frå resten av landet lover særs godt soppår i år..


einaste som trufast leverer er bringebæra mine
bra det er favoritten min 
kan jo eigentleg ikkje klage då 

søndag 28. mai 2017

I hagen


du verda so fin ei helg
håpa alle har kost seg om dei va på fjellet, på sjøen eller berre i hajen
:)

mandag 1. mai 2017

So gjekk da gale ette berre to daga...


so då får eg ta tre denne gongen..


utslegen med migrene
orka eg ikkje dataliv
har for da mesta legje ute i hajen
heile dajen


så kvar dag vart ikkje kvar dag..
men eg skal ta meg saman
god ny veke til dykk alle!!

onsdag 15. juni 2016

Livet i dalen


for ein sommar me har hatt så langt
sol kvar einaste dag
varme og lyse netter


det er nesten magisk
og sjølv om ein reiser bort ein tur
er heime best


i allefall for meg
:)

søndag 17. april 2016

vår og vår fru blom...


Da har vore ei nydeleg helg
sånn sett langtifrå
eller innifrå
eller godt kledd


nattefrost og kald nordavind
har sett ein liten brems på vårkjensla som vaks under bringa
likavel varma sola 


og det var ikkje mange timar før krokusen hadde gløymd den harde starten på dagen...
God ny veke!

lørdag 16. april 2016

Endeleg vår







onsdag 13. april 2016

Hål i håve i hajen


Skulle berre...
skulle berre retta opp ei hengeselje som hadde bestemt seg for å henje
med heile seg i løpet av vinteren
i basketaket so fulgte
kunne ein både sjå blod og høyre skrik...


no gjekk det heile bra
etter ein tur på sjukehuset er eg på bedringens veg
og "hol i øyra" har fått nytt innhald i heimen


så ta deg no endeleg i vare
hagarbeid er ikkje berre sjelebot
det kan også gå heilt gale..
Kos dykk i sola!

fredag 8. april 2016

Snjoklokker



sikraste vårteikent so fins


nokre plassar kjem dei uvetig tidlig
som i januar eller februar


her ventar dei sindig til mars i allefall
eg elska snjoklokke
rett og slett

søndag 11. oktober 2015

Bind deg ein blomekrans


eg likar best blomane sikkert og trygt
festa på morplanten


i hagen
då står dei lenge


syrinhortensia
er ein av mine favoritta


og helst såg eg at dei kunne står der ute
i si fulle prakt


men når det står mellom dette
og hjortemagen
er valet i grunnen
veldig enkelt

søndag 30. august 2015

Når dagane flyg


Sånn går da når dagane flyg
ein fin august er snart over
3 veker med regn og ei med sol
eg hugsar berre sola
her nokre glimt