Viser innlegg med etiketten Mat og drikke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat og drikke. Vis alle innlegg

søndag 22. mai 2016

Resta ette festa


da vert alltid so felt med resta att ette festa
konfirmasjonen var ikkje noko unntak
allskens godsaker står i kjøleskåpet og kviskrar


og eg er ikkje vanskeleg å be
for å sei det slik


striskjorta som skulle på i januar
ligg enno i skåpet
sykkelen står urørt i garasjen


men i morgon
i morgon...

fredag 20. mai 2016

Kort mairapsodi








Det har vore ein travel mai
men enno er det nokre dagar att
finaste tida på våren
på tide å leggje beina høgt
og berre nyta..

tirsdag 16. februar 2016

Etterpåsmartass



Eg har nok i åras løp smilt litt skeivt
tå desse damena
so bala so fele på med desse konfirmasjonane
..at da e mulig?
har eg vel kanskje tenkt..

 

kan no ikkje vere so vansjele?
men no e da jo sjølvsagt min tur..

 

og utfordringane og fallgruvena
står liksom i kø
da indra stresset held på å danna seg som ei mørk sky i horisonten
så eg lure jo på ka gjorde du?
om du har bore ein unge eller to
fram til konfirmasjon :)

søndag 14. februar 2016

Morsdag


I dag vart det kake rik på smak og litt mindre på sukker og mjøl
kraftig kost til mor i heimen og mor i heimen si mor
fin avslutning på ei solrik helg


ynskjer alle ei god ny veke


lørdag 31. oktober 2015

Zombiekrekse


Då var halloween over oss igjen
og litt morro har no ungane hatt
med fest for alle og flotte kostyma
for min del vert det mest gode intensjona
og sterkt krydra utrop



..ja eg veit dei burde hatt 8 bein
men e du ei sjokoladezombiekreksa
får du klare deg med berre seks
(praktiske hensyn)



søndag 4. oktober 2015

Småskala morro


I helga var vi på vår fyrste lokalmarknad som farande fant
med eigenprodusert og kortreist morro



spanande og skremande
me selde ut det meste vi hadde med
og kjekt var det
..om me gjekk i pluss?
neppe
men morro var det likavel

mandag 2. mars 2015

Ny vinterveke i vest




søndag 15. februar 2015

Fastelavn

 

det vart fastelavn her i huset og
både glutefrie (lchf)
og glutenfylte :D


toppa med nydeleg ver 
og fylde med krem
godt liv må eg sei

søndag 5. oktober 2014

Muffinsjenta

 

Hjå oss er det ofte muffinsa på menyen
jentungen bakar og pyntar tidt og ofte
takka'kj nei eg
uansett ka Grete Roede ville ha sagt


mandag 29. september 2014

So va da gjort


De har fått høyrt mykje om paradisepleprosjektet mitt


eg har eit tre, men makkane åt blomana av i vår
so eg måtte til ein bonde og be om litt å eksperimentera med


og da fekk eg visseleg


eg las meg opp på allslags løye


og kom fram til at eg ville laga sirup av godsakene


det tok si tid før eg fann ut av det
at ein må koka da lenge etter at safta er gelestiv for å sirup


så eg har laga paradiseplesirup av eple som har vore marinert i kvitvin
og kokt inn med Calvados
da e kraftkost, da kan eg lova deg


No gler eg meg te å prøva da ut
smørja inn hjortesteika
ausa øve dessèrt-isen
og alt anna eg berre kan komma på
(ein liten kommentar: det som er i glasa på bilda er gelè og delvis uferdig sirup, sirappen må kokast mykje lengre og vert av den grunn mykje mørkare, framleis raud men mørk)

tirsdag 23. september 2014

Me skulle plokka..

 

Som eg har trua med før, det vert meir paradisepler her
no har eg koka og brasa
nede heng epler i vin og dryp
skal verta sirup

 

gudane veit kor det endar..

fredag 19. september 2014

Paradisepler

 

Ein veldig snill bonde (Kjenne berre snille bønder)
let meg plukka paradisepler
dei har eit svært tre med tusenvis av raude, vakre epler frå paradis
eg var i himmelen..

 

Desse epla er lite etevennlege så eg leitar og forskar og kokar
på allskens kokihop
for å finne noko godt å lage av dei
i åravis har eg prøvd å lage
paradiseplesirup
uten særleg hell
det vert gelè kvar einaste gong
gode tips vert motteke med takk :D
God fredag!
Det vert mykje paradisepler framover så det er berre å benkja seg


onsdag 6. august 2014

noko muffens



søndag 3. august 2014

Bikinimuffinsa


Plutseleg forstod eg at det hadde vorte for mykje is og brus i sommar
og når kroppen på førehand heller ikkje var bygd for bikini
var det på tide å ta skeia i ei anna hand

 

so etter å ha lese blad etter blad
so bugna over med dietta og menya 
og smekre dame i fantastiske suksesshistoria
tenkte eg at det må no eg og klare
bake meiner eg
bake må eg no klare
speltmuffinsa med fårepylsa
(skulle vere chorizo, men da har dei sjølvsagt ikkje på Coopen)
og faktisk var dei ganske gode
og difor sikkert ikkje så veldig sunne
når alt kjem te alt
da è i allefall mi erfaring
:D


onsdag 9. juli 2014

Hasselnøtter