..i går kom kadl'n inn, smilandes frå øyra te øyra..og sa at no hadde han laga nåke eg alltid hadde ynskt meg...

..de kan tenkja deko kor mine små grå jobba.... mest tenkte eg på om det var mogeleg å laga noko eg hadde ynskt meg heila livet.... på ein halv time...

...ein vinterhage, sa han og lo lurt...
Ein vinterhage? tenkte eg. Eg har no aldri ynskt meg ein vinterhage. Han må ha blanda meg i hop med alle dei andre damena.... so ynskje seg vinterhage... i glas...

..men nei han hadde laga veg i hagen, slik at me kan gå der ...so no har eg hage, eg har vinter og eg har glas....
Herleg!