tirsdag 27. september 2016

I stormen


 Nett no e da storm her på Vestlandet
då e da godt med gode minne
ette solfylte daga
og gjedna ei bok
og litt
te..

mandag 26. september 2016

Sommar i september


Sommar i september kan jo bety så mangt
at det faktisk er sommar i september
 e no ein ting
med 23 grader og fønvind
heilt fantastisk i seg sjølv

men ..
det kan for eksempel også bety at det å verte eldre
kanskje ikkje e so vemodig, vått og kaldt
som ein kanskje såg for seg
i yngre daga...
godt nytt
uansett betydning
nesten lika godt
som ein ny vår..

god ny veke!

onsdag 14. september 2016

Litt september


Lenge sidan siste innlegg
ikkje med vilje
kanskje heller meir mangel på slikt


etter ein særdeles våt sommar
mista eg liksom litt av motet
te da mesta


mykje tid på terassen
under tak
i regn
nesten so det vaks mose på meg
bokstavleg talt


men so kom sopptember
og eg kom meg ut
i frisk luft
og glimtvis sol


og plutseleg kom motet tilbake
viljen og


kven vert ikkje glad av skog, sol og sopp?
..


så sjølv om det er tungt at sommaren er over
utan at den strengt tatt har vore her
så er hausten ei herleg tid


og sjølv i september
kan strandlivet levast
i allefall
med lange armar på..